tirsdag 23. februar 2010

Muslimsk terror er ikkje noko nytt!


Muslimar har lenge vore kjend for å gjere samfunn om til primitive ødemarker (Watson, 1994). Historisk sett har dei lagt under seg land etter land, territorium etter territorium, så og seie uhindra. Politikarar på venstresida har lukka augo, peika på einkvar kritikk som ”rasisme”, og slik skjula seg under paraplyen merka ”politisk korrekt”. Eg har lyst til å halde fram med han her metaforen: Sjå for deg ein paraply, kor det står nettopp det – ”Politisk Korrekt”. Og under den her paraplyen står dei nemnte politikarane – let oss seie Stoltenberg eller ho blonda frå SV. Det er regn og grueleg storm rundt dei, og over den forblåste gata står ei uskyldsrein jente og hutrar og frys. Medan dei står der med paraplyane sine, kjem det ruslande eit par muslimar med valdtekt i blikket. Dei ser at jenta ikkje er verna, og ser seg høve i å slå ho i andletet med islamsk takksemd. Jenta blir brutalt reve ned, hakka sund med machetar, før muslimane finn det for godt å ha viljen sin med kadaveret. ”Høyrar du noko?” spør Stoltenberg ho blonde. ”Nei – eg høyrar kun vinden og regnet. Og alt eg kan sjå er innsida av den her paraplyen, kor det står printa ”politisk korrekt”. Stoltenberg nikkar: ”Ja, det var sikkert berre vinden.”
Eg synst den her metaforen vitnar om noko viktig i norsk politikk, som verkeleg har kome opp i dagen no – då muslimen og menneskehataren Mohyeldeen Mohammad har teke til orde for regelrett ondskap i Allah sitt namn – atpåtil på norsk jord. Sjølv om Mohammad sjølv peiker på eit par viktige problem i det norske samfunnet, mellom anna homofilien, så ser eg tala hans fyrst og framst som eit direkte åttak på dei kristne. Skal vi finne oss i alt? Skal Jesus igjen falle som offer for mennesket sin ondskap? Skal vi skjule oss under paraplyen, slik politikarane gjer? Muslimsk terror er langt frå noko nytt, - vi hugsar OL i München i 1972, 11. september og Air France-flyet over atlanteren. Og Mohammad vil nok halde fram med terrorismen så lenge Stoltenberg sitt ved roret


http://www.vg.no/nyheter/innenriks/artikkel.php?artid=586941

Eg er tilbake!



Rykta om min død er sterkt overdrive! Eg har riktignok vore utsette for pinslar dei fleiste berre kan draume om, men samstundes har eg vekse, gjort meg meire robust, og er atter klar til å riste det norske folket i nakkeskinnet med agiterande gullkorn og retoriske perler.
Eg antek fleire undrar fælt på kor eg har vore den her stunda, og svaret er like enkelt som det er sørgeleg: Eg har sitte i ei fangeleir i den sudanesiske landsbyen Ed Dueim, om lag 15 mil søraust for Nyala, i den mykje omtalde Darfurprovinsen. Før det her opphaldet, som vara i omkring 3 månader, hadde eg eit grueleg møte med NRF-styrkar på ein grenseovergong mellom Sudan og Den Sentralafrikanske Republikk, kor eg mellom anna vart tvunge konvertere til islam, det heile med eit halvautomatisk vapen retta mot nakkengropa mi. Då eg plent nekta, samstundes som eg forklarte (på arabisk), at den ekte Herren, den kristne Herren, skulle brenne dei alle i Helvetet på den ytste dag, vart dei meir lamslått enn sint, og ville sende meg til fleire avhør. Eg antok at tankegangen deira gjekk som så: Disom ein soldat i Gud sitt namn, slik som den her kvite mannen, viser eit slikt mot, - ja da kan vi kanskje bruke han i styrkane mot Sudanfolket sitt militære helvetesjammer.
Og slik vart det til at eg vart sendt til ein fangeleir, kor eg skulle brytast ned, for så å byggjast opp igjen. I tre månader kjempa eg mot skorpionar, hundar, giftige dadlar og villmenn i eit overoppvarma blikkskur, medan Allah sine disiplar brøla hekserop frå minaretar utanfor cella. Vaktene som dagleg kom inn for å messe ut remsar frå Koranen, medan dei spytta på meg med slangespyttet sitt. Ein og anna gongen vart den tunge jarndøra opna på gløtt, og ein bolle stinkande yams vart sluppe ned i jordgolvet i frå ei bekmørk hand med unaturleg skitne naglar. Sjølvsagt var ikkje denne torturen nok til å bryte meg ned; eg har ei tru som gjer at eg veks meg sterk i dei meist krevande situasjonane. Og då eg ein dag såg at låsen på jarndøra vart gløymd grunna panikken som oppstod under ein ukontrollert bråtebrann, nytta eg høvet til å komme meg ut i røyken og inn under ein varebil som etterkvart tok meg tilbake til Nyala. Der fekk eg kontakt med ei tysk utsending frå FN-styrkane, som på det innstendigste råda meg til å gløyme perioden i fangenskap, sidan FN sine ambasadørar alt hadde komme til ei avtale med NRF i det gjeldande området (gunstig for FN, vart det sagt), og den her situasjonen difor ville, om han vart kjend, forkludre den nye ordninga med gjenopptekne rettsprosessar, telefonar til Haag og alt som anna er. Eg vart med anna ord tvunge halde kjeft, og attpåtil nærast sendt som pakkepost tilbake til Schipol og vidare til Flesland, kor ein høg og namnlaus brite kjøyrde meg til Førde i ein sotruta Mercedes.
Men no er eg tilbake att, solbrun og med eit og anna å seie om båe muslimar, kvinnfolk, kulturliv og homofile. Avisbiletet har så visst ikkje endra seg mykje sidan eg var her sist: Afrikanske valdtektsmenn held fram med same umettelege appetitt der nede i hovudstaden, muslimar steiner barn og dyr, og dei tafatte politikarane står og ser på med ei handlingskraft lik ein buddhist. Eg er heime igjen!

onsdag 1. juli 2009

Eit monster med tre hovud!


Eg vil gjerne nytte det her høve til å ta til motmæle mot tre tapte sjeler, som i desse urolige tidene har rotta seg saman for å ta meg – den eine ei svakleg sminkedukke med eit anlegg for heroinbruk og ballongar, den andre ein sønderhetsa politikar som vart tvunge slutte i sitt gamle parti grunna ”høgst personlege behov”, og den tredje er eit tomt skall av eit kvinnfolk, så brutalt nedbrote av forfengeleg menstruasjonssnakk at ho kun eksisterar som dogg på sitt eige spegelbilete. Eg vil introdusere ateistane og syndarane Brusfantomet (http://brusfantomet.blogg.no/), Jan Siemensen ((http://www.frie-ytringer.no/)) og xantippen Kathrese ((kathrinekarlsen.blogg.no/blogg.html/). Alle skriv i bloggane sine at dei har forlatt Gud, og at dei no vil herje trollverk på nettet, drive ørkeslaust rundt på syndas lavadampande innsjø, med spark mot båe ungar og kvinner.

Siemensen skriv mellom anna at ”ungar slipp for lett ifrå valdshandlingar” (http://www.frie-ytringer.com/2009/06/29/barn-slipper-for-lett-fra-voldshandlinger/). Det er tydeleg kva for linje han legg seg på, når han hetsar ungar som har verte mishandla, og ansvarliggjer dei for den uretten dei sjølv har verte utsette for. Og det er i tråd med desse meiningane at han no retter muskedundaren i mi retning, i eit innlegg som er så gjennomsyra av hat og demonar at det visseleg driv ei svovelstank ifrå skjermen. Han skriv at Børge Tiller Mathiassen er eit menneske som ”øydelegg det Michael Jackson stod for”. Og da må eg spørre Siemensen: Kva var det han stod for egentleg? Var det jazzmusikk eller valdtekt av ungar? Var det den syndige og upålitelege maska eller var det hunden han alltid bar med seg i ein ryggsekk? Var det å danse "moonrock", eller var det å servere kjeks, drops og sodomi til unge? Ein må kunne kalle det uklokt av ein forhenværande politiker å fronte eit syn kor sjølv ikkje barn er hellig, og eg velgjer å tru at innleggjet hans er meint som satire. Men uansett - Siemensen bommar stygt med sine mørkeblå menneskehatske sprell, og for det skal han lide i etterlivet.

Brusfantomet er eit heroinherja kvinnfolk som har utnytta trygdesystemet i ei årrekkje. Ho driv med utprega jazzslang på bloggen sin, og flørtar openlyst med opiatar under dekknamnet ”Coca”. I eit av sine spirituelle villturar på eit av jarnbanestasjonens toalettbåser, fann ho det for godt å skrive eit hatsk, urimeleg og urettmessig innlegg mot meg, kor ho mellom anna kallar meg ”latterleg” og ”stygg”. No er kanskje utsjåande ein hovudverdi for det her uvesenet, noko som forklarar kvifor bloggen nettopp handlar om ”Korleis eg ser ut, samt korleis eg vil dykk skal sjå ut”, som ho skriv i profilen, godt akkompagnert av biletet som visar ho med kjeftamentet surklande i eit raudvinsglas. Korleis alkoholismen og heroinvanane fer åt med utsjåandet til hennar sjølv – ja, det kan vi berre glede oss til å sjå! Ein får håpe at bloggen hennar er satire eller ironi. I så fall ein dårleg spøk!

Tjuvbeistet Kathrese har, som ho stolt fortel på bloggen sin, ”gjort det til sport å bryte seg inn til gamalt folk midt på natta, for så å spele mørke kadensar på husorgelet”. Ho skriv at ho ALDRI skal flytte hit til Førde, skjønt den gongen ho blir med barn med ein av vestlendingane ho står i med, blir nok situasjonen ein annan. Ho er ei jente av si tid, og har difor via heile sitt vakne liv til det markante egoet (samt sminkeskrinet som høyrar til det her egoet), skjønt på det eksistensielle planet er livet hennar tomt som ein palestinsk leikeplass - ta gjerne ein titt på den såkalla ”konkurransen” hennar, og døym sjølv: http://kathrinekarlsen.blogg.no/konkurranse.html Eg antek at slikt lureri er satire, men ein kan aldri vite! Må Herren ta hand om ho, og sende ho til etterlivet med lyn og sjukdom.

Tilsamans eit troll med vanvittige hensiktar, med eit hat lik Mefisto, og med ei røyndomsoppfatting som liknar filmen ”Grannar” ifrå 1988, med Tom Hanks og Tom Cruice. Og med den her tvilsame ballasten som utgongspunkt for kritikk mot meg, er det ikkje det store problemet å bryte av diskusjonen, utan å flekke tenner, utan å bruke dei store ord. Bibelen seier at det verste beistet skal sjølv lide for sine eigne udådar, slik at andletet flerrast av under himmelfallet. Tenk litt på det neste gong dykk legg eit slikt komplott.

Vekas Rufus




Eg les at Jackson er død av overdose. Er dette ein overdose barnevaldtekter dette da?
- Rufus

tirsdag 30. juni 2009

Jackson - dei sju dødssyndane i ein og same person!


Forrige kronikk hausta båe negative og positive kommentarar, om lag 50-50 av kvar, noko som fortel at det er ei kontroversiell sjel som no hamnar i helvete. Ein mystisk mann, kan ein trygt seie. Nettopp kvifor han akta seg slik, med maske og ape, kriminalitet og hestar med handmaling på mulen, - det måtte berre Herren vite. Sikkert er det at han har vore ein ynda medieperson, med ein fot innanfor alle sju dødssyndane, samt openbare brot på skikk, normar og offentlege lover. Livet hans er spekka med intriger, løgn og synd, men har ein ofseleg evne til å halde seg utanfor murane. Jackson laga heidundrande oppstyr på byrjinga av århundret, da han trua med å kaste eit spedbarn utanfor ein balkong i Paris. Han vert frikjend frå dette. Han fortsatte herjingane med å invitere ungar til festar med kjeks, selters, drops og sodomi. Rettssaka utvikla seg mot ein parodi, og Jackson vart frikjend fordi forsvararen meist truleg hadde brent prova mot han. I 1994 vert han anklaga for mord på kona si og elskeren hennar, flykta ifrå åstaden med eit samla politikorps i hælane, og med full TV-overføyrd helikopterdeknad av hendinga. Fleire sekkar med prov låg klar for retten - men også den her gongen var hunden Jackson slu nok til å vri seg unna i rettsaka som fylgde. Jackson har eit rulleblad som ein nazioffiser, og ei syndig attrå som eit utøyla ungdyr. Jackson er den moderne kulturepoken si største synd. Så kvifor held vi han slik mot brystet?
I eit intervju med Wallstreet Journal (25.05.98) opnar Jackson livssynet sitt på vidt gap, og seier at ”eg aldri har trudd på Gud. Og (…) om Gud finnast – svar meg på kvifor eg ikkje har fått ei straff eller noko slikt, når eg har herja rundt på den måten eg har gjort? Skulle ikkje denne såkalla Gud komme for å hente meg da? Eg er Jackson, og eg trur kva eg vil, når eg vil det. Og eg gjer kva eg vil med kven eg vil, store som små.”
Det er verdt å merke seg siste setnaden her, for sjølv om ikkje alle visste det da, var dette ei open innrømming av det pedofile maktmisbruket hans. Men menneska sov, slik dei alltid har gjort, og for kvar udåd Jackson føyrde i boka si, vaks applausen – liksom heile verda var fostra på kjeks, selters og drops.
Eg er sjølv eit utruleg godlynt og varmt menneske, med eit hjarte for sjølv dei største syndarane. Jackson har eg hatt eit auge til lenge, men eg slutta aldri håpe at han ein gong skulle ende sine konfliktar med Herren. No er det for seint, og eg noterar stille i boka mi at nok ei sjel vil brenne i eit av Helvetes inste krinsar, med Brutus, Cassius og Judas som rettmessig kompani. Eg gret fordi eg elskar. Og eg gret for sjela di, Jackson.

P.S. Torunn – eg har igjen notert meg at du vankar rundt med hundar utanfor lokalane igjen. Føre gongen var det han hunden med luseflekkane i andletet. No var det ein slags hestestøypt art, med ein upassande og syndig form på halen. Eg vil at du skal kvitte deg med denne hunden også, dersom du skal fortsette kjennskapet til klubben. Dette er siste årvaring!

fredag 26. juni 2009

Børge tek i mot spørsmål 2



Eg tek ein ny runde med spørsmål, sidan det verker som undringane flagrar her på bloggen. Eg vil prøve å svare på kvart og eitt av spørsmåla.

Så spør i vei!

Michael Jackson - hunden er død!


Eit av dei store symbol på pedofil propaganda og kjønnsleg kjærleik til dyr er død, 50 år gamal. Kva som forårsaka hjarteåttaket kan ein berre undre over. Sikkert er det i alle fall at pop og jazzstjerna Michael Jackson endeleg har funne ro i tilværa si, som mildt sagt har vore herja av rettsaker kring den pedofile legninga hans, hundane og apekatta hans Bubble, filmane han har vore med i, samt popsongane hans, som har handla om alt ifrå å slå folk, til å vekke døde til live.
Det vart tidleg klart for Michael Jackson at det ikkje var svart han ville vere. I løpet av ungdomstida si spara han rubbel og bit for å finansiere ein pigmentoperasjon. Og etterkvart som det kvite publikumet fann det for godt å høyre på ein jazzmusikar som var lysare i huden enn anna eksemplar som Jimmi Hendrix og Woodoo King, vaks populariteten til Jackson lik ei celledeling som har vekse seg til å bli ein svulst.
Michael Jackson fann det ofte for godt å provosere, - enten det var pedofili eller å skjære av seg andletsdelar, for så å få ein ufaglærd til å lime dei på igjen. Han levde i sektfarmen Neverland, kor han avla opp gutar på kjeks, soda, selters og peanøtter, medan han ofte lura dei ned i telegrafkontoret for å ha viljen sin med dei. Diverre var det berre i den siste tida at sanninga kom for ein dag.
Som kristen føler eg det umetteleg provoserande at såpass mange hyllar mennesket som har stått for såpass mykje lidingar. Eg snakkar ikkje berre og jazzsongane hans og pedofilien, men også om andletsskjæringa, som han byrja praktisere i tenåra på eige hand(Watson, 1999), før han igongsatte eit av dei største operasjonane (med båe den eine og den andre tydninga) på andletet sitt. Hunden Michael Jackson kjem ingen til å sakne, og i alle fall ikkje eg, som veit at Herren tek meg i mot.
Kvil i fred – I Helvetet!

onsdag 17. juni 2009

Vekas Rufus



"Det er ikkje rart det er så mykje valdtekt og tjuveri i hovedstaden, når det er såpass mange muslimar som bur der!"

tirsdag 9. juni 2009

Rufus

For å møtekomme krava til kvalitet her på bloggen, har eg kikka meg litt rundt, båe i aviser og på TV, på jakt etter idear og innspill ifrå meir etablerte medium, anten det er fjernsynsfilmar eller baksida av VG. Og når eg har agitert såpass sterkt for kjærleik som eg har gjort, hender det at ein mister auge for moro underveis. Ein gløymer å vere eit leikent menneske. I denne posten, som skal vere fast kvar veke, introduserer eg landstrykaren Rufus, som ikkje let eit høve gå fra seg til å kome med humoristiske skråblikk på siste vekes nyheiter. Det er viktig å kunne flire litt iblant, mellom slaga.

Dagens Rufus



"Mullah Krekar har på ny ramma det norske samfunnet med vranglæra si. Eg håper han døyr av kreft!"



9-6-09 - Rufus

Islam – eit terroristsyndikat



Muslimar har i fleire århundre jakta aktivt på jøder. Territoria som vi kaller Gaza og Vestbredda var okkupert av muslimar i fleire tusen år før jødene tok det som var deira under seksdagerskrigen. Sidan har dei jødiske busetnadene verte utsette for eit av dei meist groteske massedrap historia har sett maken til, med steinkasting, granatar og spionverksemd over landegrensane. Ein kan undre på om det er eit nytt Holocaust vi er vitne til.

Altruisten, filosofen og menneskerettforkjemparen Mona Lewin har samanlikna muslimane sine aksjoner mot Israel med ”Ein flokk skabbherja hyenar som angrip ei stolt, vakker løve.” (Aftenposten, 2.4.09). Og hu trekk vidare parallellar til denne metaforen: ”Kva for dyr har dykk meist sympati for? Hyene eller løve? Tenk på det før dykk uttalar dykk om Midtaustenkonflikta!” (ibid.) Det er mykje sant i det Lewin legg fram. Personleg har eg nok meist hjarte for løva, men her i Noreg verker det som om folket, innstendig og utan skruplar, vil at hyenene skal få fråtse i kjøtt, - åtslar og levende vilt.

I den andre leira sitt antisemittar som Kåre Willoch, Jostein Gaarder og hunden Drillo ”Drillo” Olsen, som utnytt eit kvart høve til å hylle Holocaust og alt det stod for. Vi har sett det på TV. Vi har høyrd det på radio. Avisene går av skaftet i sine svertande framstillingar av jødedom og staten Israel. Og no har det også skjedd, i samband med den muslimske terrorfesten på eit hotell i Pershawar. Verken Dagbladet eller VG skriv kritisk om desse aksjonane, kor minst elleve har mista livet, deriblant ungar og kvinner. Dei oppgir tørre fakta, og viser meir entusiasme når det gjeld hyllestar av idrettsfolk og jazzmusikarar. Er det ikkje media sin rolle å oppdra? Bør ikkje avisene, når dei skriv om det forferdelege som har skjedd, vise at dei tek standpunkt i saka? Men i artiklane eg har lest om saka står det ikkje eit kløyva ord! Sanninga er at media er minst like antisemittisk, muslimvennleg og hatsk mot fridom som det nasjonalsosialistane var under krigen (Watson, 1998). Det er naturleg å spørre seg om vi ikkje står ovanfor eit gedigent jødehatsk komplott. Det er difor viktig at vi står saman, vi som meiner at fridom og kjærleik skal vere basisverdiane for eit samfunn.

Nokre gonger ser eg klare paralleller til filmen Fluga 2 ifrå 1989, som i korte trekk handlar om ein gut som er isolert ifrå omverda, i påvente av at han skal forpuppe seg, bli til ei larve, og dernest ei fluge. Det heile skjer på eit laboratorium. Guten trur alt er normalt, heilt til han får symptomar som ikkje er til å ta feil av. Men før han kjem til det her stadiet, er det ei minneverdig scene midtveis i filmen kor guten må gjere av med eit hundebeist, så ofseleg og grueleg i pelsen at eg riktig frys på ryggen når eg no tenkjer på det. Og eg spør: Er ikkje dette eit bilete på Midtaustenkonflikta? Er ikkje media ein gut på veg til forpuppinga? Og hunden – er ikkje det måten media framstiller Israel på? Eg berre spør…

mandag 1. juni 2009

Islam og terroren i lufta



Eg presiserar at det her innlegget vart skreve dagen etter katastrofa! Da fekk eg så og seie heile det norsk ateistmiljøet mot meg. Men sjå no! Børge har alltid rett!
Her er innlegget i si heile form:

Vi treng ikkje gå lenger enn til stovevinduget for å sjå muslimar kaste stein på jøder. Her i Førde har eg panoramautsikt til to av bygga som blir brukt til heimer for flyktinger, samt ei bakgate kor jøder og palestinarar blir tvunge omgås på dagleg basis. Heile fem gonger har eg sett ein gjeng palestinsk ramp banke ein gamal rabiner til blods, med antisemittiske tilrop og foreldre som står og hoier opp situasjonen ifrå balkongane. Rabineren blir dernest latt liggje i blodpøla, før nokre av dei andre jødane kjem han til unnsetnad. Og da kan ein i tillegg tenkje på at Israel sine områder i Palestina har vore okkupert i tusenvis av år! Verda er ikkje rettferdig! Altruisten, fredselskaren og filosofen Mona Lewin sa noko klokt om den her problematikken. I eit intervju med Dagens Næringsliv satte ho søkjelys på kva natur palestinarane faktisk handlar i kraft av: ”Palestinarar er mennesker dei også! Eller – dei er levende vesen, da, som dyr eller virus. Og einkvar palestinar har som mål og forpeste, plage og overføyre sjukdomar, slik at verda sakte men sikkert fell ned på det same nedrige plan som dei sjølv. Kvar gong eg høyrar ordet palestinar, spenner eg hanen på revolveren min.” (22.3.09, Dagens Næringsliv, s. 13).
Mona Lewin har sjølv møtt hard motstand på grunn av at ho er jødisk, og er ikkje sjelden utsette for mordtruslar og attentat.
Men no har det altså skjedd igjen. Eit fransk fly har verte utsette for terrorangrep, tvunge ned i atlanterhavsbølgjane, og ofra for Allah og alt han står for. Det er allereie tydeleg at den franske regjeringa prøver dekkje over saka; passasjerlista forsvinn, dei har sagt at dei vil publisere alle namn så nær som tre. Kvifor vil dei ikkje ut med desse tre namna? Dei har også vore plaga med terrortruslar i dei siste vekene, men – som Le Monde skriv : ”…har ikkje den franske tryggleiksordninga meir handlekraft enn ein forslått og underkua hund. Det er openbart at Frankrike sitt hemmelege samarbete med arabiske statar ein eller anna gong vil gje seg uhyggelege utslag på terrorstatistikken. (26.5.09)
Air France-sjef Pierre-Henry Gourgeoun gjorde ikkje ein særleg god figur på pressekonferansen i ettermiddag, kor han nær stagnerte på spørsmål om det kunne vere spørsmål om eit terrorangrep. ”Neeeei – har du høyrd noko? Kva har du høyrd?” Spurde han dernest journalisten, medan han svetta fælt, såg ned i golvet og bora skotuppen sin lett ned i golvet på plattingen. Journalisten framla grunnar til mistanke om terror, deriblant ein skyhøg sum penger satt over til ein ukjend konto i Rhiyad frå det franske utanriksministeriet. Journalisten fortsatte: ”Kan vi stole på at eit såpass stort og omtala selskap som Air France ikkje driv flørt med terroristar?”
Gourgeoun vart med eitt ildraud av sinne, og stampet i bakken medan han beskylda journalisten for statssvik. Han avbraut konferansen, men rakk å seie nokre frustrerte ord i mikrofonen: ”Du må lage eit større og betre flyselskap sjølv, da veit du! Så får du sjå at det ikkje er så enkelt!” (Der Weld, nettutgova, 1.6.09)
Kva for svartekunst Air France har flørta med i dei bakre kulissane, - ja det veit berre Herren. Kor lenge skal vi sove? Kor lenge skal vi vandre rundt med skylappar og oversjå den enorme trusselen som islam utgjer for resten av verda?
Det er ikkje ein meteor. Det er ikkje global oppvarming. Det er ikkje eit gedigent vulkanutbrot. Det er islam som blir slutten for mennesket.

torsdag 28. mai 2009

Jentungane vs. Børge


Eg fekk to ting i postkassa mi på mandag: Eit truselbrev, kor det stod at Satan skulle kome hente meg, skreve med ein sløv sminkeblyant - og ein plastpose med noko som likna menstruasjonsblod og syfilis. Eg har inga problem med å tenkjer meg kva for syndige vesen som har handla såpass feigt og usselt. Mistanken går direkte til Frida Wulff, ho tøyta Andersen og sminkestativet Kamilla K. Jentungene som for nokre dager sidan byrja herje her på forumet, med hat og forfengeleg tullprat, er ikkje berre eit uttrykk for ein kultur som er like infisert som ein hund; det er også eit symptom på at Helvete har kome hit, på denne jorda, med full kraft. Eg har sett Satan mang ein gong, sist på ein tur i Alpane i 1995, kor han jakta på meg i tre døgn før eg kom meg ned til landsbyen. Men eg har aldri sett ein flokk jentunger endre skiknad og vise sitt egentlege vesen – det ante meg ikkje at Satan kunne ta bolig i småjenter!
Frida, Kamilla og Andersen sine disiplar er diverre ikkje det spytt betre. Dei fleiste av dei kjem nok ifrå ein tynga heim, utan krusifiks på veggane, utan mor eller far, - eller kanskje ein far som tek ho med inn i vedskjulet kvar fredag. Dei fleiste jenter av den her nedrige arten liker å ha viljen sin med kvarmann, og eg har sett statistikk på at jenter aktivt jaktar på farlege situasjonar for å bli valdteke. 93 % av valdtektsofra har skyld i det sjølv, og vil faktisk bli utsette for slikt (Watson, 2004). Det er dermed prove at jenter er av ein syndig natur, og må difor halde seg underlegen mannen. Eg er sikker på at fleire av desse jentungane føler seg truffe på det her punktet. Floksane!
Sikkert er det, gudforlatte jentungar, at kvar og ein av dykk som skreiv såpass slurvete og kvalmt i kommentarfeltet skal møte ei skjebne så grusom og utenkeleg ond i etterlivet at ei skildring kan synast fåfengt og forgjeves. Men eg skal prøve!
Dante Alighieri, som fleire av dykk sikkert har lese, skriv at dei som har synda med å vere forfengeleg, og som har drukke seg full på sitt eige spegelbilete, - dei skal bli dratt opp til ein fjellpost med krokar av sølv, og desse krokane skal vere omhyggeleg festa til brystvortar og kroppsopningar. Oppe på fjelltoppen skal det regne isklumpar og ildregn over ryggtavla, medan syndaren ser spegelbiletet sitt i vassflata nedanfor, og korleis ho blir øydelagt av straffa. Medan ho står der kjem hunden Kerberos, som er ein kjøter utan Guds nåde, og som har gruelege luseflekkar i andletet. Sjølv om dei fleiste av jentungane her oppe på fjelltoppen vil prøve å kose med pelsen til udyret (å meine at alt på fire føter er søtt, er jo også eit uttrykk for hormonelt støy), vil dei straks synast det her er ein dårleg ide. Pelsen har nålstikk som bryt huden og spreier sjukdom som gonore, syfilis, klappfeber og flekktyfus. No er det vel høgst sannsynleg at jentungene her oppe har desse sjukdomane godt planta i kroppen ifrå før, men noko vellystig møte blir det uansett ikkje. Kerberos riv dernest jentungane ned, før dei blir tvunge opp igjen, med krokar av sølv. Og slik går det, til evig tid.
Men det er framleis ikkje for seint. Dykk kan spørre om frelse, hjå meg eller anna gudfryktige. Det einaste du treng å gjere, er å gi til kjenne synda di, seie at du har funne feil veg i livet, og komme til meg. Da skal eg trykke deg mot brystet og vere god mot deg. Men eg har satt ein frist. Om du ikkje skriv ei orsaksmeldnad før søndag kveld kl. 22.30, er eg redd for at Dantes profetiar slår til, med all den smerte som det her fører med seg i etterlivet. Da vil diverre ikkje Herren ta mot dykk. Er du verkeleg villig til å ta den her sjansen, jentunge? Søndag kl. 22.30
Til slutt skal eg fortelle kva eg har gjort i Førde kommune, berre på grunn av den ondskapen jentungane har vedkjenna seg her på kommentarfeltet mitt: Eg har ein fot innanfor dei fleiste arenaer innen kultur her i kommunen, og mellom anna har eg eit verv i styret for forvalting av kulturell kapital. No skjønner eg at det vart mykje ord for ei stakkars sminkedukke, men det tyder beint fram kva eg skal gi penger til i lokalsamfunnet. Eg har med anna ord nærast fullmakt i kulturavdelinga. Og veit dykk kva! Etter at eg leste alt det hormonelle fjaset, tok eg den beslutninga at all kapital som før har ligge innen ungdomskultur, - ja det skal no overførast til kyrkje og bibliotek! Førde fjernar altså alt av tilbod for ungdommen! Alt! Og det er dykk som har skyld i det!
Og likevel – eg elsker Dykk alle med heile hjartet mitt. Kom til meg og bli rensa, kjære barn!

mandag 25. mai 2009

Haakon Lie - ein bauta i norsk kulturliv!


Avisene er i dag stappfulle av krigsoverskriftar. Haakon Lie har gått ifrå oss, som eit kulturelt ikon, ein bauta over norsk åndsliv. Det er på tide å puste litt i bakken, og minnast kva høvdingen Haakon Lie gjorde for landet.
Haakon Lie (født 6. november 1833 i Modum, død 25. august 2009) er kalla «heimens diktar» og høyrer til gullalderen i norsk litteratur. Saman med Bjørnstjerne Bjørnson, Alexander Kielland og Henrik Ibsen, er Lie kjend som ein av dei fire store forfattarane frå tidsepoka realismen.
Han var embetsmannsønn og vaks opp i Hokksund og i Tromsø frå han var fem år gammel. I 1846 vart Haakon sendt til Fredriksvern for å utdanne seg til sjøoffiser, men måtte slutte fordi han var nærsynt og strauk til opptaksprøva. Han tok juridisk embetseksamen i 1858 og gifta seg med kusine si Thomasine Lie i 1859. Paret fekk fem barn, kor to døyde unge. Haakon møtte Bjørnson på Heltbergs studentfabrikk, og dei vart nære venner. Han slo seg ned som sakføyrar på Kongsvinger, men spekulerte i trelast og fekk store økonomiske problem. Han var bladutgivar og skreiv dikt. Men det var fyrst da han flytta til Kristiania at han byrja skrive for alvor. Lie var ein mystiker og trudde på hemlegsfulle krefter i menneskesinnet. Haakon og Thomasine budde mange år i Tyskland og i Paris (1882–1906), dei flytta tilbake att til Noreg i 1906. Han budde i Oslo i 3 år, kor han mellom anna skreiv 23 noveller som aldri vart publisert.
22. juli 1906 flytat Thomasine og Haakon Lie inn i eit hus i Stavern. Det fikk namnet Elisenfryd etter eit landsted som Lies bestefar hadde i Trøndelag.
Lie utmerka seg fyrst og framst som romanforfattar og var en nyskaper båe tematisk og formmessig. Han er sjødiktaren framfor nokon i norsk litteratur, men dessuten den som innførte den impresjonistiske stilen, som finst i virtuos utgåve i meisterverket «Familien på Gilje» (1883).

Eit rikt liv er slutt. Og vi må bøye hovudet for ein stor diktar og eit enda større menneske. Herren tar mot deg!

søndag 24. mai 2009

KIP - Det Kristlege Inkvisisjonsparti




Politikk er ikkje eit enkelt tema å snakke om. Det er ikkje utan grunn at såpass mange held det politisk partiet deira skjult for allmennheita. Fleire gonger i den moderne Noregshistoria har politisk engasjerte privatpersonar verte jakta ned av antikristne, antisemittar og hedningar, banka og slage til det ugjenkjennelege. Vi hugsar Kings Bay-saken. Det er ikkje å undre seg over at det politiske klimaet er overoppheta, nervøst og infisert.
Eg har derimot eit meir avslappa forhold til det politiske tilhøyret mitt, ettersom eg har vore med å starte eit friskt og ungt parti, framleis i startgropa, men allereie snart over 5 000 medlem.
KIP (Det Kristlege Invisisjonsparti) er eit parti for oss som vil godt for samhaldet i Noreg. KIP står for dei moralske verdiane som gjer godt for mennesket, og som hjelp til å forme individa slik at eit liv i det moderne samfunnet ikkje synst håplaust og einsamt. Vi i KIP meiner mennesket bør stå i fokus – saman med kjærleik og omhug. Medlemma i KIP ser seg sjølv som forkjemparar for rettferd, menneskeverd og håp.

Verdiar – det siste håp

Vi i KIP ser på dei kristlege verdiar som det viktigaste og meist fundamentale i det norske samfunnet. Diverre kan vi stundom vitne eit forfall av desse, og vi trur at ei opprensking i dei forskjellige instansane, dei kulturelle miljø og det omfattande media hadde vore på sin plass. Det her er plattformen i KIP sitt partiprogram. Her fylgjer ein kortfatta gjennomgong av dei viktigaste sakane.

Inkvisisjonen – ikkje det det eingong var.

Under inkvisisjonen i Spania og andre plassar i det katolske Europa, vert det brukt metodar eitkvart sunt menneske ville forkaste. Og vi gjer likedan. Vi i KIP er imot einkvar form for tortur, fysisk som psykisk. Vi meiner dei spanske inkvisisjonsstyrkane gjorde feil ved å bruke slike verkemedel i kampen mot det onde. Derimot synast vi at sjølve ideen har fått unødig mykje dårleg kritikk. For tanken bak heile prosessen var å forene ein stat under ei samlande knippe kristne verdiar. Ordet inkvisisjon tyder såleis ”undersøkning”, og det er herifrå partinamnet stammar. KIP vil innsettje ein inkvisitorisk styrke som undersøk og kartlegg dei moralske og etiske forhalda innad i staten Noreg. Desse inkvisisjonane vil bli kontrollert av ein høgare instans, slik at eitkvart tilfelle av maktmisbruk vil bli straffa. Dei lovane vi vil ha som håp å innsettje, vil vere lik det lovverk som gjeld for politistyrkar, og einkvar overtredelse vil bli fylgje opp med rettsleg saksgang.

Dei verdiar vil vil søkje etter, er dei kristne, d.v.s. dei verdiar og levereglar som står skreve i Bibelen, og isærs Det Nye Testamentet. Med å kartleggje desse verdiane, samt fraværet av dei, har vi som håp å skaffe nok kunnleik til å kunne forme eit nytt og betre samfunn for alle, både unge og gamle, menn og kvinner, uansett rase eller utsjåande.

Fravær av verdiar

Vi i KIP vil søkje å forme dei indiviar som vekst inn i samfunnet gjennom ei kristeleg opplæring. Om eit individ lid under fraværet av eit kristent verdisett, vil det stå i Statens ansvar å teke hand om desse. Dei vil bli rehabilitera under kontrollera forhald, slik at dei betre vil kunne tilpasse seg dei idealar som finnast ut i samfunnet.
Men for at vi skal våge håpe på ting i det moderne Noreg, må ein kartleggje kva for strømningar som finst i kulturen. Eit land kor kultur brer seg fritt, utan reguleringar, vil etterkvart falle saman under si eiga vekt. Vi i KIP meiner difor at det skal førast ei undersøkjing i skule, arbetsinstitusjonar og rekreasjonsklubbar, kor folk si oppfatting av landet, religion og kultur førast inn i skjema. Dersom barn, unge eller vaksne har oppfattingar som ikkje gagnar kulturen, slik at det er ei fare for kulturell kollaps, må innlæringslova brukast. Innlæringslova seier at einkvar person i Noreg som ikkje finn seg til rette i dei kulturelle rammene som den kristne staten har satt, må førast inn i desse rammene med kjærleik og lærdom. Desse kjærleiksprosedyrane, som er ein stor del av Innlæringslova, vil foregå i samråd med politi og inkvisisjonsvesenet. KIP sin kjærleik til mennesket overgår alt av byråkrati, og alle handlingar gjort i Innlæringslova si ånd er gjennomsyra av omhug. Alle norske statsborgarar vil bli innkalt til kjærleiksprosedyre ein gong i året.
KIP meiner kulturen skal speile det norske kristne samfunnet, og vil at alle barn skal vekse opp trygge, båe på identiteten sin og legningen si. Ein tydeleg kristen moral, med faste regler og lover for kva som er lovleg, er difor viktig for det moderne sinnet.

Demokrati – eit viktig element

Vi er også for demokratiske stortingsval og kommuneval, sidan vi meiner at ei regjering som har styrke i folket vil kunne styre på eit betre sett. KIP går inn for restriksjonar på delar av populasjonen, dei som over eit visst antal gong har brote Innlæringslova. I tillegg sett vi ei grense på folk med psykiske funksjonshemningar, revoltmennesker som til dømes ikkje er medlem eller tilhenger av Statskyrkjeordninga, samt fengselsfuglar.
Vi i KIP vil gjere landet såpass trygt at eitkvart barn kan vekse opp utan å tenkje på at terror eller politisk-religiøs revolt kan røyre ved samfunnsoppfattinga deira. I KIP er det barna som er i fokus. Difor er symbolet for KIP eit barn. Vil ikkje du at barnet ditt skal ha det godt og trygt? Eller spør deg sjølv det her spørsmålet: Om du og barnet ditt hadde budd like ved ein motorveg, - ville du ikkje igongsatt ei undersøkjing om kva for brot på fartgrensa og anna overtramp som førekjem da? Barnet ditt har krav på det beste!

Fokus på enkeltmennesket og menneskeverdet

KIP fokuserar på enkeltmenneske og menneskeverd frå unnfanginga til ein naturleg død. Vi ser på enkeltmennesket som eit mål for dei ulike tiltaka. Den enkelte skal aldri vere et verkemedel, med unntak frå martyrar. Vi vil fokusere på individet framfor statistikkane og massane. Enkvar person har ansvar for handlingane sine, men den enkeltes fridom må ikkje vere så stor at dei som har mindre ressurser må lide for det. KIP understreker menneskerett til kvart enkelt menneske, og kjempar for den svakaste når nokon blir krenka. Men – uansett menneske eller dyr – øvst står Herren.
Vi er også for demokratiske stortingsval og kommuneval, sidan vi meiner at ei regjering som har styrke i folket vil kunne styre på eit betre sett. KIP går inn for restriksjonar på delar av populasjonen, dei som over eit visst antal gong har brote Innlæringslova.
Vi i KIP vil gjere landet såpass trygt at eitkvart barn kan vekse opp utan å tenkje på at terror eller politisk-religiøs revolt kan røyre ved samfunnsoppfattinga deira. I KIP er det barna som er i fokus. Difor er symbolet for KIP eit barn. Vil ikkje du at barnet ditt skal ha det godt og trygt? Eller spør deg sjølv det her spørsmålet: Om du og barnet ditt hadde budd like ved ein motorveg, - ville du ikkje igongsatt ei undersøkjing om kva for brot på fartgrensa og anna overtramp som førekjem da? Barnet ditt har krav på det beste!


Styresett og valordning - Det sentraliserte demokrati


KIP meiner at eit politisk styre fungerer best om vi sentraliserer styret til eit fåtal overhovud, og om vi organiserar dei ulike embedsverka nedover i eit hierarki. På toppen skal det sittje eit kristent og velutdanna knippestyre som kan utøve kommando til dei underliggjande instansar. Vi i KIP meiner at det her kan effektivisere handling – både på politisk, kulturelt, forsvarsmessig og økonomisk basis. Styret skal skiftast ut etter kvart val, slik ordninga er i dagens system, men kun i tråd med dei retningslinjer som er lagt for demokratiet.

Valordning

Etter kva vi har erfart, er fire år regjeringstid for lite. Partiene får ikkje utrettja noko, anten det no er innad på den politiske arena, eller ut i samfunnet. Tiltaka treng tid for å modnast, likedan treng handlinga tid på seg for å vandre gjennom dei ulike instansar og ut i røyndommen. Forslaget vi kjem med, er å innføre ei sittjande tid på 8 år.
Vidare vil vi auke stemmerettsalderen ved både storting, fylkes og kommuneval. Den ordninga vi no har med ein alder på 18 år fører ofte til at parti på ytterfløyane tek stemmane. Dei individ som gir stemma sine i den her alderen, veit ofte ikkje kva ei er med på. Vi i KIP trur ikkje eit menneske er modent så tidleg i livet, og vi vil difor auke alderen til 22 år.
Vi vil dessuten kutte stemmeretten til sterkt marginaliserte gruppar som psykisk utviklingshemma, psykisk ustabile og fengselsfuglar, samt dei som har gjort grove overtramp ovanfor Innlæringslova. Det her blir gjort av den årsak at desse individ ofte kan feildøyme ein situasjon, og slik ikkje kan gjere rette val.

Eit inkluderande fellesskap

”Å leve for andre”

I KIP har vi som leveord å ”leve for andre”. Det her innebær at vi skal fylgje Den Gyldne Regel i valsituasjonar, og handle slik du vil andre skal gjere for deg. Vi trur at om alle i samfunnet fylgjer desse orda, vil eit tungt og trygt fellesskap oppstå, og lykke vil vere sikra - båe i det jordiske liv og etterlivet. Med å ”leve for andre” meinast at vi må halde synda på avstand, for om synda får fotfeste, er det fare for at dei sosiale strukturane raknar. VI i KIP vil difor prøve å halde desse strukturane ved like med å innføre nasjonalstat – ein einsemd kultur innanfor ein einsemd nasjon.

Innvandring

KIP anser innvandring som ein stor verdi, og vi vil søkje å halde på den strøm av individ og enkeltmenneske vi tek imot. Dette er viktig både for etnisk mangfold og økonomisk styrke. Men om religionen deira er ein trussel mot det beståande fellesskap, må den behandlast, anten gjennom rehabilitering, Innlæring eller gjennom det vi kallar ”statlig avskjed”. Om innvandrarane ynskjer å halde på sin kultur, vil dei få som ultimatum å forlate dei kulturelle attributtane sine, eller forlate landet. Staten vil sørgje for heimreise og dei økonomiske byrdar ved opphaldet. Det her er, slik vi ser det, fundamentalt i korleis ein held eit nasjonalt fellesskap ved hevd.

Kultur og utdanning

Utdanning

Kultur og utdanning er meget viktig, og eit samfunn kan ikkje halde ut utan eit tilstrekkeleg subsidie til desse formåla. Vi vil fjerne privat undervisning, og innføre ein god kristen skulegong for eitkvart barn. Vi i KIP trur på skapnadsfortellinga, og ser den likegod med Darwins utviklingslære. Naturfaget vil bære preg av det her, og desse lærane vil sidestillast 50 %. Vi trur også at ein større mengde kristendomsundervisning vil skape gode, sunne og heilhetlege individ. Gudetrua vil slik bli forsterka, og individet vil møte lykke. Dei andre faga vil vi prøve å halde som før. Vi vil difor framleggje forslag om forlenga skuledag i barneskulen.

Kultur

Kulturen er samfunnets morsmelk. Difor vil vi ikkje neglisjere signifikansen av denne faktoren. Vi vil sponse eitkvart kulturelt tiltak som tjener gode ideal, og som ikkje skader fellesskapet. Eitkvart individ har rett til å halde augo og øyror opne, og eitkvart individ må kunne skånast for usømmeleg, sårande eller syndig påverknad.

**


Det her var kun eit tverrsnitt gjennom det Kristlege InkvisisjonsParti. Det vil seie – fleire kapittel, slik som rettsleg system, straff, sjølve Innlæringsprosessen, miljø og forsvar vert utelete. Det her vert gjort av plassmangel, og den tru at om eit innlegg blir for langt, ja, da vil ingen orke lese det. Om du ynskjer å lese heile programmet, kan du kontakte ditt nærmaste bibliotek for opplysningar. Vi har dessuten såkalla ”stands” i fleire byer den her sumaren, mellom anna i Førde, Stavern, Horten, Halden, Grimstad, Sogndal, Steinkjer og Bodø. Kom gjerne innom på ein kopp kaffi!

Vi håpar vi får din stemme til haustens stortingsval!

Vennleg helsing

Jan Sahl, partiformann

Torunn Helene Alvdal, partisekretær

Børge Tiller Mathiassen, iaramedlem

Samuel R. Fisknes, innpisker

”Lev for andre!”

fredag 22. mai 2009

FrP - demonar, kristendomshat og handverkarar!


FrP har avhalde landsmøte, med all den ugudelege rovpolitikk, framadhat, hundekampar og smultringbaking eit slikt møte inviterar til. No er det slik at FrP er seg sjølv lik, om ein kan bruke eit slikt uttrykk; med unntak av Carl I. Hagen er dei fleiste blotta for gudfryktsemd, og hadde dei fått sjansen, ville dei kristlege symbola omgåande blitt solgt til markedspris, med logoar av hamburgarar og billig brennvin som dekor over Jesu lidingar. Den gjengse FrP-mann vaknar opp kvar morgon med draumar friskt i minnet, kor dei i nattas løp har jakta ned sigøynarar, fattige og jungelfolk, og kasta kvasse nipsgjenstandar på dei. Frp’are fleist vil gjerne ha dei godene livet har å bjude på, til dømes brennevin, melkekartongar med pornografi og seksuelle tjenster av filippinske jentunger og robotar. Det einaste FrP sett ned foten for i det her høve, er bøker og forretningsmoral. Det håse, sundrøyka svovelludderet Siv Jensen nørte igjen opp under menneskehatet under landsmøtet, kor ho i ei powerpointframsyning viste bileter av valdteke kvinnfolk, hundar med pelsen skamklipt, og kortstokkar som tydeleg bar preg av pokerspel. ”Det her er ikkje produktet av kvite.” sa ho, og kategoriserte i velkjend FrP-stil menneskeheita i fargar. ”Valdtektene veit vi kor kjem ifrå – frå svarte, kommunistiske muslimar. Resten er heilt sikkert muslimane sitt verk det også!” (Dagsavisen, 22.05.09) Etter applaus i salen tok ein og anna handverkar mikrofonen for å forkynne hatet sitt til leselyst og fiolinar, før dei kryssklippa bileter av somaliske krigsofre med makaque-aper på storskjermen til høglydt latter ifrå samla sal. (ibid.)
Det må seiast å vere høgst uklokt, på grensa til dumdristig, for eit profilert parti å fronte slike haldningar openlyst. Men i gamal FrP-ånd er det her ein like naturleg del av livet som det å snyte på skatten.
I den politiske thrilleren ”Medan du låg og sov” med Sandra Bullock er den her situasjonen satt heilt på spissen. Bullock spelar ein løgnhals som svindlar ein godtruande kar for det han er verdt, etter at ho forårsaka ei ulykke kor han hamna i eit lengre koma. Ho lyg for familien, forsikringsselskapet, og seg sjølv, men ender opp med å kaste bort heile gevinsten på ein utgamal veddelaupshest. I ei minneverdig scene i filmen snur Bullock seg mot kameraet, bryt den fjerde veggen, og får den sjølvransaklege sødmen til å boble i einkvar sjåar: ”Ser dykk kva eg har blitt? Ein løgnar. Ein fusentast. Eit kvinnfolk, så stappfull av hormonar og lausprat at eg ikkje veit kva oppned på meg sjølv lenger. Ser dykk det?” Filmen slutter med ei sakte og tydingsfull panorering oppover kyrkjeveggen og inn i rosevinduget, kor Jesu’ sorgfulle andlet får filmen til å svinne over i svartskjerm. Eg gret. Og eg tenkjer: Har Siv Jensen og han raudhåra, skalla karen med bart og fiskeaugo sett han her filmen? Burde dei sett han?
Eit neonkrusifiks eg har på veggen framfor meg fortel meg at svaret er ja.

torsdag 21. mai 2009

Mekka - eit "mekka" for terroristar?


Dagbladet skriv at Mekka meist sannsynleg vil bli ramma for fullt av svineinfluensaen under pilgrimsferda. For å oppdatere: Mekka er byen muslimar reiser til for å skrive ukvemsord om Israel på ein stor svart stein, og medan dei vandrar rundt som villfarte kamelar, trampar dei ofte ned kvinner og barn, slik flodhestar og sjøløvar har for vane å gjere (Watson, 1998). Eit pestutbrot der nede ville nok spreie ei metaforisk eim av svovel over heile verda, medreikna Noreg. Når eg sa det her til yngste sonen min, - han Jakk - stirra han opp på meg med dei blå elleveårige gluggane sine, og sa: ”Men pappa, har ikkje det her pestutbrotet skjedd allereie? Snakkar vi ikkje om islam?” Ved Herren sine herlege hager og blomebed, kor stolt eg var over guten min for den her kommentaren. Og eg løfta han opp, bar Jakk på skuldrane fram og tilbake gjennom daglegstova, bort til kjøkenet og tilbake, medan eg høgt sang dei finaste salmane guten visste om. Og han fekk sitte der oppe med ein pølsesnabb i nebbet, staut og glad for å ha gjort far sin til lags. Etterpå fekk han lese i den forgylda bibelen eg kjøpte på eit bokmarked i Belem.
Eg har sitte og humra over den her kommentaren i heile dag, og stundom ropt inn til Jakk, slik at han kan kome inn på kontoret mitt for ein kos. Men problemet kring muslimane, og fara for svinesjuke, - den kan diverre ikkje Jakk gjere mykje med.
Altruisten Nina Karin Monsen, som hissa opp eit samla antisemittisk pressekorps da ho vant Fritt Ord-prisen i forrige månad, har sagt om araberstatane at: ”Det kanskje hadde vore til det beste for oss alle om desse menneska hadde gått bort i samla flokk, til dømes som fylgje av ein pest eller ein naturkatastrofe” (Morgonbladet; 3.5.09.) Det er korkje lett å seie seg samd eller usamd om det her; ein kan vere samd sidan dette også gjeld terroristar og antisemittiske pøblar, men usamd sidan ein del kvinner og ungar går med i prosessen. Argumentet er ei vektskål som vippar. Eg er nok for glad i mennesket til å kunne fylgje Monsen fullt ut i den her tanken. Monsen vart på si side konfrontert med det her toegga sverdet, og svarte at: ”Dei er da så religiøs likevel, så – om dei lever i dette livet eller i etterlivet må jo kome på det same. Kva? Korleis vi skal halde resten av verda isolert ifrå arabarane, spør du? Vi kan sperre grensa, slik araberstatane har gjort med Israel på uhøyrd vis sidan 1967” (ibid.) Det er tydeleg at Monsen gjer filosofisk akrobatikk med det her argumentet, - noko som ikkje tyder at det er feil, men derimot opnar for ulike tolkingar i lys av dei terroristbølgjane Israel har verte utsette for i det siste året. Eg avventar som sagt ei tydeleg stilling i den her debatten, i håp om at Monsen skal kome med ytterlegare kommentarar. Kva for meiningar har dykk om Monsen sine argument?
Vi kan om mogleg gjere dilemmaet meir tydeleg gjennom eit etisk dilemma: Sjå for dykk ein skada, dominant elgokse ved ein fjellpost i Noreg. En jeger har fått auge på han, og nærmar seg med luskande skritt. Han trekk hagla, spenn hanen, og siktar seg inn mot hjartet på beistet. Nyst før han skyt trampar han foten ned i ei bergsprekk og brekk han. Hylet hans kaller på elgen, slik at oksen kjem galopperande bortetter berget med geviret sikta inn. Rollane er snudd. Men det er her du kjem inn. Du ser den her situasjonen ifrå avstand, og må ta eit val om å springe bort for å redde jegeren, eller å flykte for eige tryggdom. Problematikken rundt Midt-Austen og Israel kan på mange måter virke litt som det her.

onsdag 20. mai 2009

Blogging - Narkissos og kvinnerasen


Blogging er ein ny farsott. Det kan tenkjast at trangen til å skrive om seg sjølv i trettande ordelag alltid har vore der, ifrå Hans Jæger sine svoveldyppa helvetesromanar til Erlend Loe sine unnvikingar ifrå båe leddsetningar og budskap. Med bloggen får dette kulturelle uvesenet ein anna dimensjon. Og kvinner er ikkje overraskande verst på det her. Ungjenta Frida Wulff (http://caffelatte.blogg.no/) har fyld eit utal nettsider med lausprat om kosmetisk kirurgi og menstruajonssyklusen sin. Ho har, til dags dato, ikkje skrive om ting ho ikkje kan sjå i spegelet heime. Ho skriv om at ho har stått framom spegelet i ”fleire dagar i strekk, utan symn”, ho har lagt ut konkurransar kor anna folk skal sende inn polaroidfotografiar av seg sjølv i pinlege situasjonar, berre for å gjere narr av dei etterpå; ho skriv at ho ”forguder to ting i livet – det stappfulle kleslokalet ho har arva av far sin (han er paraplymagnat, med utsøkte forbindingar til moteindustrien), og sminkeskrinet, med ei ytterside plastra full av polaroidbileter av seg sjølv”. Det er tydeleg at forfengeleg opptreden, med alle dei hormonelle feilvurderingar og humørmessig akrobatikk kvinnerasen krydrar eigenskapen med, er ein urokkeleg verdi i naturen hennar. Men Frida er ikkje einaste hønsen i huset. Karoline Andersson (http://kdahl.blogg.no/) fann ein gong i tidleg ungdom ut at ho skulle gjere trutmunn, halde handa opp i håret og forbli i denne stillinga. Bloggen hennar er så belasta med ulogikk og hormonell ubalanse at dei binære kodane regelrett byrjar rakne over veven. Dei viktigaste emna hennar er solbrillar, stort hår og sitt eige spegelbilete. Ho skriv i eit innlegg at ho verdsett synet av seg sjølv i spegelet høgast av alt. På andre plass kjem polaroidfotografiar av seg sjølv. Kamilla K (http://kamillak.com/) er eit anna syrebad det norske bloggfolket har funne det for godt å dyppe hjernen sin ned i. Interessane spennar rundt vidløftige tema som sminkeblyantar, merket som står skreve på sminkeblyantane, samt kva for etui desse blyantane kjem levert i. Ho skriv mellom anna at ”ho har via livet sitt til å dekke over sorgane og manglane på innsida gjennom å sminke seg på utsida”. Det er i det minste godt at ho er ærleg.
I byrjan trudde mennesket at jorda låg i sentrum av universet. Med Copernikus trudde ein at sola var det meist sentrale. Med Frida Wulff, Karoline og Kamilla blir ein sanneleg lura til å tru noko anna…
Alle desse tre jentene må ikkje tolkast som anna enn eit symptom på eit sjukt samfunn, kor det å skue ned i navlegropa si har den same verdi som til dømes det å redde fattige i Somalia, Kongo og Rwanda. Eg har sjølv prøvd å kontakte dei, om ikkje anna for å tilby hjelpa mi. For gjennom frelse og klem kan ein kome ut ifrå det helvetet det er å sette seg sjølv i sentrum av universet. Hugs: Forfengeleg natur er ein av dei sju dødssyndane!

Ikkje tru alt du les!


Ateistar og islamistar har igjen gått saman om å drikke seg full på løgn, og etterpå kaste opp svineriet i andletet på kristendomen, katolsk som protestantisk. I 2003 vart det rulla opp ein sak i Belgia, kor ateistiske pedofile hadde danna foreningar og gutteklubbar med islamistar, dreve veddeløp, kasta på terning, og halde masseorgiar med dyr og kvinner i kjelleren til Begias framste jazzmusikant. Dei hadde, visstnok utan skamvett, hengt opp to bileter på veggane, - eit av paven (riktignok pave Johannes Paul II) og eit ikon av Maria med Jesusbarnet liggande i symn over aksla. Begge desse relikvia hadde verte spytta og urinert på, medan gruppa stod jublande og full av bannskap rundt sjølve syndaren.
No er eg sjølv protestant, og har eit syn som minnar meir om Kalvinisme enn om den friare lutherianske røyrsla. Eg er oppteke av mennesket, av kjærleik og av at eg har kraft til å vise rette veg for dei som har tapt han av syne – til dømes mange kvinner og homofile, fengselsfuglar og folk som veddar store pengar på at hovdyr kan springe fort. Eg er så fyld til randen av kjærleik at det visseleg koker over nokre gonger. Det er da eg kan sprute avkoket over andleta til dei fortapte, for å bruke ein metafor ifrå barndomen si kjøkkentjenst. Og medan dei står og tørkar av seg kjærleika mi, som no har renne ned i augo deira, kan dei med eitt sjå betre. Det er som om avkoket mitt ikkje har fjerna synet, men heller betra det!
Eg må i det her hensjåande rette ein peikefinger mot katolisismen, slik at eg har det ut av verda. Katolikkar trur at kristendom er ein fest, kor dei kan tylle i seg flaskar med snaps, vermut og katedralvin, dra ut mellom vinrankane, overfalle dei svaklegaste av korgutane i katedralkoret og ha viljen sin med han under ei matt sørlandssol, medan dei snappar etter vindruene som heng i klaser over dei. Søndag skriftar dei gråtande for presten i eit tomt og ekkoherja kyrkjebygg, før dei smilande og fri for synd går ned til piazzaen for å feire bisettinga til naboen.
No som det er sagt, kan eg endeleg kome religionen til unnsetting! Det denne saka handlar om, er derimot hatet folk fleist føler ovanfor kristendom generelt. Historiar kokast opp, - på jazzklubbar, i avbrekka på veddeløpsbanane, i butikker kor dei sel snus, pop og pornografi – og orda får føter å gå på. ”Eg kjenner ei jente som vart skambanke av far sin. Vi kan jo seie at prester har gjort det. Eller nonner. Skriv det på små ølbrikkar og legg dei rundt omkring i postkassa til folk!”
Hugs – mot kristendom er den framste og farligaste propaganda skapt, den som vil gripe ved trua til mennesket, med bruk av ”vitskapleg” løgn, med sataniske ritual utøva til lyden av eit villstyrsk jazzkorps, med håp om å utrydde mennesket sin viktigaste tryggdom gjennom svik og narrestreker. Propagandaen har inga moral. Propagandaen mot kristendom stanser ikkje opp for å drøfte handlingar i lys av moral og menneskeverd. Ateisme stjel sjansen eitkvart menneske har til å føle ekte kjærleik. Med ateisme stanser nestekjærleiken, lik ein buss på ein polsk landeveg ein gong under kommunismen sitt infrastrukturelle svik, for å bruke ein metafor. Poenget er klart: Ikkje tru alt du les når det kjem til hat mot kristendomen – katolsk som protestantisk!

tirsdag 19. mai 2009

Evolusjonsteori og anna vås!


Fyllefanten, opiumsmagnaten og skjøgemishandlaren Charles Darwin utga verket Artene sitt opphav i 1848, kor han i bastante vendingar, utan argument, påstår at Herren ikkje finnast, og at mennesket ikkje har verte skapt av ei guddommeleg kraft, men derimot av aper. Å seie at mennesket, med sin moral, si innsikt, si trong til eit metafysisk verdsbilete, skulle vore skapt av primatar – ja, det fell på sin eige logiske brist. Mennesket er det høgaste av jorda sine skapningar. Så kjem aper og katter, hestar og børstedyr. Hundar ligg ein stad mellom slanger og kampiglar, med sin syndige og fråtsande natur.
No er det ei kjensgjerning at mennesket nettopp har avla fram hundar. Enkelte rasekatter finnast det også. Hester er så og seie eit gedigent avlekonsept. Og venstrehandsarbetet muldyr, som ein helst skulle sett bort i frå, er diverre også eit produkt av den utøylelege kreativiteten vår. Alle desse dyra er det mennesket som har skapt, og antakeleg kan enkelte primater, slik som naseape og skrømtape, også sporast tilbake til mennesket si utrulege skapingsemne. Darwin snur på det her perspektivet, etter at han i 7 år hadde seila rundt på Stillehavet og sådd sine djevelfrø i underlivet på filippinske tenåringsjenter. Han hadde visstnok henta prov på mennesket si byrjing: ”Mennesket vart skapt av aper!” seier han, og overser resolutt den fleire tusen år gamle historien som står nedskrive i Bibelen. Kva for prov har du på det her, spurte folk. ”Treng ein prov da? Sjølv trur eg ikkje på Gud, så…” Det er lett å tru ein har rett, når ein er pumpa full på billig vermut og sydhavssol. Eg skal ikkje røyre det her håplause argumentet noko meir, men eg skal berre stille eit gyldent spørsmål til darwinistane som eg meiner kan sette dei på plass ein gong for alle: Dersom mennesket vart skapt av aper, - kvifor har intelligensen hjå primatane sunke som ein stein etter dette? Det høyrar ikkje heime! Eller for å bruke Darwin sine tanker mot han sjølv: Korleis kan ei ape vere smart nok til å skape eit høgare levende vesen, for så å vandre tilbake i skogen etterpå og leve livet saman med ukristna stammefolk og skorpionar? Da går i så fall utviklinga i feil retning…Tenk litt på det!
No les eg i Dagbladet og VG. Dei har funne ei ”halv ape”, ein ”missing link” som visstnok var ei slags skisse utforma av apene før dei kom fram til sjølve menneskeskapnaden. Dei med eit snev av vett veit at dette er tøv, slik nattkjolen til ei gamal sjukeheimsdame viklar seg kring beina hennar, berre for å tvinge henne hovudstups nedover trappa, - ironisk nok ned til likkjellaren! Skal vi ende som ho her gamle dama?
Darwin tok sjølv til vett mot slutten av livet sitt. I ”Erkjenningar”, som vart skrive same året som han døde, medan han gjekk sjuk, skriv han med skjelvande handskrift: ”Eg har gjort ein feil i kalkulasjonane mine. Når eg byrja skrive historia om evolusjonen, - da var eg så sikker på at apene var forfedra til mennesket. Og eg tenkte at Herren ikkje var noko anna enn eit namn. Eg skreiv namnet hans på små lappar som eg kasta i kakkelomnen. Så spytta eg inn i flammane. Men no – når eg er såpass nært kanten – da ser eg at antakingane mine var farga av ungdommeleg dårskap og eit ekstremt hovmod. Evolusjonsteori er ikkje verdt papiret han er skrive på. Herre, tilgi meg!”

Vald og seksualitet i filmkultur - er det verkeleg slik vi vil ha det?


Vald på film er ikkje noko nytt. Vi kan mellom anna nemne James Bond, Framad rase, TV-serien V, Rambo og Haisumar. Alle desse filmane, som i si tid faktisk var kjend for eit utal drap, bannskap og syndige handlingar, har satt sitt preg på kulturhistoria, og samstundes, med hjelp av dei tafatte venstrevridde liberaltenkjarane i kjelleren på Staten sitt Filminstitutt, blir ikkje saksa brukt så mykje som ein einaste gong. Det er ein kjend sak at vald på film avlar vald i røyndomen. Eit samfunn med valdleg film og TV kjem automatisk til å få pøblar, fengselsfuglar, motorsykkelgjengar med hanekam og skinnjakker, homofile og pedarastar til å vokse og gro i landets gruelege rennesteinar. Forsking har vist at det er 95 % meir sjanse for at ein valdsfilmentusiast drep ektefella si, enn at ein familiefilmtilhengar gjer det same (Watson, 1998). Eg vil med stor trygd meine at TV-seriar også er med i ho her undersøkjinga, samt pornografi og telefonsex. Rock og jazz vil også gjere utslag på valdsstatistikken, men dette momentet tek ikkje Watson med i dei metodologiske drøftingane.
Sikkert er det i alle fall at mangelen på sensur driv den norske stat mot undergangen, og at vi berre vil fortsette å sjå palestinske terroristar, kvinnehatske homofile skipskapteinar og fengselsfuglar med hanekam så lenge vi held portane opne for slike strømningar. Dagbladet skriv i dag om valdsfilmen ”Punch Out” (http://www.dagbladet.no/2009/05/19/kultur/spill/wii/punch-out/boksing/6305706/) , og i stedet for å stille seg kritisk til innhaldet, rosar dei makkverket opp i skyane, skryt av at blodet flyt, rautar ut i himmelen at dei foraktar Gud og alt han står for. ”…dei ekstremt fargerike karakterane ein treff i ringen” står det. Er det blodet han meiner her? Eller blåflekkane? Er dette ’alright’? Er det slik vi vil at barnebarna skal ha det? Eg ser denne tendensen blomstre og bre seg, slik eit ungdyr hoppar likeglad bortetter jordet.

Filmskodespelaren Helge Jordal, som er det uavgrensa forferdelegste mennesket norsk filmindustri har oppfostra, og som er velkjend i Noreg for å spreie båe bannskap, frasar om kjønnet sitt, samt alkoholdreve basketak i nordlandsbåtar, sa nyleg i avisa Nordlys: ”Vald er ein del av livet. Just face it. Og om filmane mine, som er kjend for grov vald og all slags pervertert sex, hadde verte sensurert av til dømes dei kristne - ja, da skulle eg drikke meg full på heimebrenten eg sjølv har brent, for så å jakte deg ned med dreggen i naustet og drepe dei.” Det er tydeleg kva for demon som har festa seg i Jordal sitt sinn, etter alle desse åra på lerretet.
Det er på bakgrunn av det her at eg oppfordrar ein totalboikott av slike typar filmar. Og ikkje nok med det: Eg vil gjerne informere alle om den årlege "Kulturrensen" på St. Hans-aften, i fjæresteinane ved Naustdal, kor vi i år - for fyrste gong sidan oppstarten i 1980 - vil inkludere filmar på bålet. Alle som har usømmelege filmar, bøker og magasin dei vil bli kvitt – kom innom!

søndag 17. mai 2009

Ikkje noko nytt ifrå kvinnefronten!


No har det seg slik at eg er ørkeslaust glad i mennesket, båe kvinner og menn, svarte og kvite, små og store. Nokre gonger vaknar eg midtveis gjennom natta, berre for å gråte høglydt over dei ugjerningar som vart gjort mot til dømes jødane i Midtaust-konflikta, eller mot israelske kvinner og barn da palestinske pøblar bombaderte Jerusalem med høgteknologiske drapsrakettar. Men nokon gong treng ei folkegruppe hjelp, dei treng bistand for å komme seg på rett kjøl igjen. Eg har før plassert homofile og fengselsfuglar i den her kategorien. No er det kvinnerasen sin tur.
Den fyrste kvinna i verda var som kjend Eva. Og som historia fortel narra Eva han Adam med eit eple ifrå syndas tre, og kasta liksågodt heile skaren av etterkommarar i same helvetessporet, med fødesmertar, menstruasjon, svakleg fysikk og hormonelt virvar. Under Grand Prix Melody Festival den 16. Mai, kor for øvrig homofantasten Alexander Rybak stakk av med fyrstepremien, forvalta floksa Synnøve Svabø mikrofonen ifrå kontrollrommet. Aldri før har kvinnesinnet verte så ettertrykkeleg tverrsnitta som i dei tre timene kjeften hennar spydde tjafs og tomme ord. Det er lett å tolke det dit hen at Svabø ville befeste sin rolle som kvinne under ho her sendinga, og at tronga hennar for å vere feminin overtok for kravet om journalistisk integritet. Her er nokre smakebitar ifrå det makelaust bisarre showet, som for øvrig har føyrd til ei komplett bannlysing av showet innad i foreninga, samt i min eige heim:

”Eg høyrar meist med i selskap kor horer, pedofile og homofile vanker, - slik som her, på Grand Prix Melody Music Festival.” (Synnøve Svabø like etter Grekenland sitt bidrag)

”Eg brukar tennissokkar for å gjere brysta mine større.” (Synnøve Svabø brukar den siste energien i kroppen til å sabotere Noregs Stian Barsnes Simonsen og poengstemmane)

”Ein gong menstruerte eg utover pleddet til sonen min, som ein aprilspøk.” (Synnøve Svabø peilar oppmerksemda i retning seg sjølv, like etter fyrste avbrekk i framføringane)

”Det var Tyskland sitt bidrag. Wollen sie Bumsen, Helga?” (Synnøve Svabø etter Tyskland sitt bidrag. Eg omsett ikkje det tyske sitatet i den her samanhengen!)

”I løpet av ungdomstida mi var eg så og seie konstant utsatt for infeksjonar i underlivet. Tore, veit dykk – Tore det var liksom eksen min…eller - han er eksen min, men var kjæresten min – Tore var utro mot meg, og eg ville ha hemna mi, så eg tok eit fotografi av kjønnet mitt, slik det såg ut, infeksjonsherja og dampande grueleg, og sende det rundt i konvoluttar til alle jentene som hadde eit auge til han – der i blant ho tøyta, ho hora som lura han ifrå meg. Så stod det, liksom, med raud skrift på biletet: Slik ser underlivet mitt ut etter at eg og Tore har hatt samkvem. Hald dykk langt frå han. Han er eit katastrofeområde! Der var Romania sitt bidrag slutt.” (Synnøve Svabø byrjar allereie i sistrefrenget av Romania å spreie info om fortida si)

”Hestar er ålreite dyr, - båe til kos og som seksuelle partnarar. Nei da, eg berre tuller. Eg sett grensa på hund” (Synnøve Svabø flyt over breddene sine like etter Sverige sitt innslag.)

Kva fortel desse sitata? At Grand Prix Melody Music Festival er eit sted kor synd og vald finn saman lik eit gamalt ektepar? At kvinner ikkje veit å styre munnbruken, sjølv ikkje med ein mikrofon plassert i åsynet? At homofile gjer skam på alle former for kulturell røyrsle? Alle desse tre hypotesar inneheld sentrale viktige poeng, - ikkje minst poenget om at synda har gripe fatt i sjølvaste kjerna av det Grand Prix står for: Spennet mellom homofil kjærleik på den eine sida, og ein fascinasjon for vald og tvang på den andre sida. I krysninga mellom ufornuft og syndefullt attrå finn kvinna seg til rette, - og sjølv om det berre er Synnøve Svabø eg no pratar om, finnast det tusenvis av kvinner rundt omkring som uttalde dei same frasene. Men dei har ikkje mikrofonen retta mot kjeftamentet.

For høyr: Igjen rekk eg ut handa. Igjen blomstrar kjærleiken min, fyrst og framst fordi eg ensar at ei gruppe i samfunnet treng hjelp. Herren elsker sine små og sårbare.

Stå på, jenter! Dette greier vi!

Alexander Rybak - ein homofil farsott?



Igjen har vi sett det: Trøysteslause homofile driv skamlaus flørt med H.I.V. i Grand Prix Melody Festival og gjer seg lekker for kamera, med kjoler, kvitsnipp, seigmenndrakter, hundekostymar og vampyrklede. Eg kan ikkje komme på ei anna gruppe i samfunnet som kjem til å få såpass mykje brannsår i etterlivet som det homofile vil erfare. Og det er nettopp difor eg kjem inn i biletet.
No har det seg slik at eg er ørkeslaust glad i mennesket. Eg vaknar opp om natta, svett av kjærleik, og forteller meg sjølv at eg aldri skal gjere ein gut eller ei jente fortred. Eg blir ofte stansa på gata, meist av alt fordi eg har lagt ut eit foto av meg sjølv på den her bloggen, - og dei seier at eg er ”ein god mann, full av fryd over anna menneske sine moglegheiter. Kan du leggje ei hand på skuldra mi?” Eg er på mange måter ein helt. Ein ”frelsar”, vil kanskje nokon kalle meg.
Og slik er det med Grand Prix Melody Festival også. Eg er der ikkje for å øydeleggje, men meist for å ”frelse”. Forskarar har prove at homofili er ein sjukdom (Watson, 1998), og det er på sin plass å gje dei som treng det hjelp til å kome gjennom tragedien. Jesus sa at ein skulle hjelpe dei arme. Og måtte Fanden ta meg dersom eg sviktar det kallet eg føler! Fattige, laushundar, fengselsfuglar, homofile – kom til meg, og eg vil leggje ei varm hand over sjela dykkar.
Grand Prix Melody Festival er sjølvaste sjukehuset for homofile, - berre at det ikkje finnst legar, sjukepleiarar eller psykologar der. Er det der vi skulle ha vore? Vi som er interessert i å frelse?
Eg berre spør!
Noreg, med Alexander Rybak i spissen, har no gått til topps i den her tevlinga i synd og sodomi. Alexander Rybak har sjølv sagt at han ikkje deltek i dei homofile aktivitetene Grand Prix Melody Festival arrangerar, sidan han påstår han ikkje er homofil. Men Alexander Rybak er like syndig som djevelen, - og fiolin har alltid vore eit symbol på djevelsk pakt og sjeleleg terror. Og det finst indikasjonar på at synda kokar under huden på han. I eit intervju med Der Bild (4.5.09) fra Tyskland spør journalisten kva for objektar Rybak meiner liknar på mannslemmet. Her ramsar han opp ei omfattande liste med alt ifrå lyktestolpar til fyrtårn, fleire av shampooflaskane hans heime, nokre insekt han har sett på Discovery, kaktusar dersom du fjernar piggane, ei samanrulla avis, og enkelte soppar han har funne i skogen ved bestemor si . På neste spørsmål, kor han blir spurd om hva objektar som minnar han om skamdelane hjå ei kvinne, seier han resolutt: ”Det interesserar meg ikkje”.
Det er tydeleg kva for linje Rybak legg seg på.
Med bakgrunn i det her vil eg tilby handa mi. Eg vil at dei homofile, båe Rybak og tilhengarane hans, skal oppsøkje meg, og la meg vere god mot dem. For det er gjennom kjærleiken at demonene kan utdrivast.
P.S.det same gjeld for valdteksmenn og pedofile. Berre å ta kontakt.

onsdag 13. mai 2009

Kvinner - ei flis i logikken sin høgrefot?


Vi skriv Noreg, 2009: Det norske politiske klimaet lid av revoltar, endringar og lumske sleivspark. Ungar og ungdom eksperimenterar med sjølvmord, heroin og homofili. Pornografiske blader og magasiner selgast opent på bensinstasjonar. Og no dette: Partileiar Lars Sponheim går i ei pressemelding ut med bibelske samanlikningar for å gjere skam på statsråd Sylvia Brustad: ”Brustad ville eg ikkje teke borti med ei ildtang eingong! Men ho unge blonda ifrå SV – kva heiter ho….ikkje Halvorsen, men ho ungjenta – ho kunne eg godt hatt vilja mi med.” (Avisa Vårt Land, 11.05.09). På spørsmål om kva han meiner om det indre billetet av Sylvia Brustad kun tildekt av eit fikenblad, seier han: ”Det er ikkje akkurat det finaste eg kan tenkje meg!”
Fyrst og framst – ikkje misforstå meg. Lars Sponheim gjer noko grovt uklokt i å teikne fram slike førestillinger av Brustad. Ein kan om mogleg stemple det som eit slag i mørket, eit famlande skot frå ein såpass kvinnehatsk og syndig karakter som Sponheim. Men politiker er politiker verst, og i frå venstresida kjem eit tarveleg motinnlegg. SV sin partileiar Kristin Halvorsen er på si side ute og kjøyre når det gjeld hemn og svar på tiltale, og seier på ein pressekonferanse at Lars Sponheim har ein munn som er så liten som eit fikenblad. Det her tilbakeskotet, som i beste fall kan beteiknast som eit usakleg sleivspark, viser godt kven av mannlege og kvinnlege politikarar som best kan målbinde motstanderen. Ein skulle tru at Halvorsen skulle angripe den storkjefta munnbruken hans Sponheim, men i stedet skal ho fram til at munnen er liten. Slikt kan vi kalle ein logisk brist, - men det er ikkje noko nytt ifrå kvinnekjeften.
No har det seg slik at eg er uhorveleg glad i mennesket, menn som kvinner. Og eg vil aldri vere ond mot ei stakkars jente. Kvinner er like mykje verdt som mannen, men på noko anna vis. Medan kvinner er flink på ungar og familie, har mannen funne domenet sitt i områder som politikk, leiarskap, kunst, fredsarbete, religion og sport. Ei undersøkjing ifrå Middelhavslanda (1954; s. 139-45) viser at ”kvinnfolk også har tankar, men at hormonar og anna tull forkludrar sinnet hennar slik mørket sig inn over horisonten ein heit sumarkveld.” På testar skorar kvinnfolk også dårligare enn menn.
Halvorsen fornektar seg ikkje i sitt kvinnfolktretteri, sjølv om pareringa knapt innehar noko som helst poeng eller brodd. Ho er sitt kjønn opp av dage. Sponheim er riktignok eit ugudeleg monster av eit menneske. Men han er ikkje dum i tillegg, slik floksa ifrå den sosialistiske venstrefløya framstillar seg sjølv som. Eg minnas tein kommentar ifrå golffilmen ”Caddyshack” ifrå 1980, med kopparrandletet Bill Murray. I ei scene slår han eit slag med kølla si, før han snur seg mot kamera, bryt den fjerde veggen og seier: ”Kva skal ut her: golf – kvinnfolk - leiarskap – politikk…veit du det? Det er kvinnfolk.” Satiren er til å ta og kjenne på!

tirsdag 12. mai 2009

Homoakrobatikk - den sikraste vei til helvete!


Det er på tide med ein fest til ære for valdtektsmenn, pedofile, homofile, fengselsfuglar, laushundar og kulturhatske pedarastar. Det er på tide for eit lysshow, ikkje ulikt dei gnista som skal falle ifrå himmelen på den ytste dag, som blender unge og eldre, lammar dei og gjer dei til levende daude. Det er på tide å sjå mannfolk i kvinneklede og kvinnfolk i kjolar som oppfordrar til jazz og brunstig charleston. Det er i midta av mai, og militsen Grand Prix Melody Musikkfestival har rusta opp for å gjere resten av verda til syndarar.
Sonen min sa ein gong, etter å ha sett eit av desse showa: ”Det ser ikkje ut til at du får nokre barnebarn, far.”
”Å?” sa eg, klar til å få høyre ei av dei morosame forklaringane hans om alt mellom himmel og jord. ”Kvifor ikkje?”
”Fordi eg skal bli homofil, og andre karar har ikkje livmor!”
Aldri før har eg irettesatt han så mykje, så kraftig, så kraftig som i dei påfygljande to vekene. Han levde så og seie konstant i kottet saman med støvsugaren og klutane, og fekk berre det meist nødtørftige av væske og for. Ein og anna gong fekk han komme ut, slik at jeg fekk kaste vievatn over den nakne kroppen hans, medan eg messa fram dei verste utmaningane mot demonane som augensynleg hadde infisert det unge legemet. Ein gong i timen gjekk eg bort til den stengte døra og snakka til han fra utsida. Eg spurte kva han var. Han var eit menneske, sa han. Eg sa han var ein hund, og fekk han til å gjenta. Eg kunne høyre gråten hans om natta, og da gråt eg også – for eg visste at det her måtte gjerast, same kor strengt det kunne synast, om eg skulle få guten min tilbake. Den sekstende natta etter kommentaren fekk guten kome ut igjen, lutryggja og skamfull. Eg spurte kva han var. Han svarte nølande og usikker at han var ein hund. Da sa eg: ”Nei, du er ikkje ein hund. Du er eit av Herren sine barn, for du har renska deg sjølv for synd her i det jordiske livet.”
Grand Prix Melody Musikkfestival har nok kome for å bli, saman med HIV og gulsott. Men det tyder ikkje at vi må sjå svartskapet. Det er ditt val, og det er di sjel. På den ytste dag vil du uansett få føle kva det vil seie å stå til rette for tjuveri, valdtekt og homoakrobatikk. Herren er ikkje nådig.

mandag 11. mai 2009

Børge tek i mot spørsmål!


Eg har nyst lese enkelte kommentarar her på bloggen min, kor identiteta mi mellom anna blir lagt under tvilas svoveldampande argustortur. Det blir kasta antakinger i aust og vest, lik ein svartmagikar hiv formlar og heksesaft rundt seg når han vil mennesket til livs: ”Børge har ikkje vore misjonær i verken Kongo eller Somalia! Eg finn ikkje namnet hans i Pinserøyrsla sine register!” Eg kjenner ungdom. Og eg kjenner dumskapen når eg ser han; ein tjafsgut på rundt 15 år, med pigg og hestehale, som slafsar i seg Sorbits medan Walkie-Talkien pumpar oppviglersk popjazz inn i øyregangane hans. Det er desse som kastar slike ord om meg. Det er desse som har drukke av lygna, lik ein alkoholiker heller vermut like ned i fyllehalsen sin! Tjafsguten har funne han her bloggen, for han er ikkje berre ein fontene av dumskap og manglande vett; han vil og fronte homofile og valdtektsmenn, laushundar og riving av kyrkjer. Han ser kven som hindrar han i å gjere desse ugjerningane, og når ein ikkje kan bruke vald og truslar for å halde fienden skjult, gjer han det nest beste – å late som han ikkje finst.
Tjafsgut, eg og Menigheita mi flira av deg på siste torsdagsmøte, for alle fant det morosamt at enkelte ikkje trudde eg hadde vore på misjonsturane mine. ”Det skulle teke seg ut!” sa ein pjokk på knappe 6 år. Han fekk sitte på fanget mitt etter tjensta, berre for at han ironiserte så godt over denne hunden av eit menneske.
Men om dykk absolutt tvilar, kan eg like gjerne opne for spørsmål og svar her på bloggen. Så i kommentarfeltet kan kven som helst gi meg sine spørsmål, og eg skal grave i mitt meist ærlege og oppriktige sinn for å finne svara.
Og Tjafsgut: Vi skal greie det her saman! Kjenner du varma?

PS No har eg registrert meg på Bloggurat.

tirsdag 5. mai 2009

Nina Karin Monsen - ei vaskekone i homokloakken!




Ikveld feirast homoforkjempar Nina Karin Monsen med Prisen for Fritt Ord, og eg vil i det her høve seie nokre ord om filosofen og altruisten som har vore såpass generøs mot Noreg som nasjon. Som forventa vart det gjort skam på utdelinga gjennom høglydte protestar ifrå eit samla korps av valdtektsmenn, kvinnehatsforkjemparar, homofile og fengselsfuglar. Monsen sitt argument om at homofili er spira til sjukdom og katastrofe, og at ein berre kan sjå mot dei gamaltestamentlege historiane om Sodoma og Gomorra for å skjønne kvifor, blir effektivt oversett av kritikarane. Det synast viktigare for ein homofil å ha retten til å tømme kvitgufset sitt utover ryggtavla til ein ”kamerat” enn å faktisk hindre helvetet i å bli ein urokkeleg del av etterlivet.

Det er difor viktig å skjønne det her: Monsen sin pris ligg ikkje fyrst og framst på kampen mot homofili, men meir på kjærleiken til mennesket, og omsorga ho føler for dei som går sjukdom og helvete i møte. Presten Jerida, som Augustin så vent siterar i verket ”Gud sin by”, seier at ”Den som gjer gale mot dei andre, - han skal brenne i helvetes inste krins i minimum 30 år. Men han som gjer gale mot sin eige kropp, i til dømes homofile orgiar eller guttefestar, - han skal ligge i same krinsa til evig tid, og han skal ha det dobbelt så grueleg som anna sjelar.” No kan kanskje den her aforismen synast litt streng og krass. Men kjernen i han er sann.

Presten Jerida fall sjølv som offer for homofil valdtekt i ei bakgate i Ephesus, medan kameratar av valdtektsmannen trippa rundt på brusteinane og flira av heile situasjonen. Ein kan lære av historia, liksom ein bilsjåfør kan sjå i akterspegelet for å danne seg eit billete av det som ligg framme. Tankane går hen til klassikaren ”Apeplaneten”, kor ein av hovudkarakterane mot slutten rir langs ei strand og ser Fridomsgudinna stå halvt grava ned i sanda. Det viser seg at apene, som har befolka planeten dei har reist til, har hamra sund Gudinna, for så å ta med seg overdelen av ho til sin eige planet, for så å grave ho ned. Men fortida grev fram ho, vinden feier sanda vekk med tida til hjelp, og snart viser det seg kva apene har gjort. Fortida har innhenta notida, og hovudkarakteren skrik og jamrar seg, medan han slår med ein ildsint knyttneve i strandkanten: ”Kvifor måtte dykk hogge ho sund før dykk tok ho med dykk?” Er det ikkje litt slik vi føler oss no, - no som vi ser tilbake på tida da homofili ikkje var ein trend, men rett og slett den sjukdomen den alltid har vore?
Nina Karin Monsen har fått den prisen ho fortjener, for i kjærleika hennar til mennesket kan ein sjå eit snev av håp – eit håp om at kvinner ein gong skal sjåast som verkelege menneske, at homofile og pedarastar skal finne hjelp for sjukdomen utan blygsel for å bli døymt, at verda ikkje skal finne restene av ei Fridomsgudinne sønderslagen av aper på ein framad planet.