
Forrige kronikk hausta båe negative og positive kommentarar, om lag 50-50 av kvar, noko som fortel at det er ei kontroversiell sjel som no hamnar i helvete. Ein mystisk mann, kan ein trygt seie. Nettopp kvifor han akta seg slik, med maske og ape, kriminalitet og hestar med handmaling på mulen, - det måtte berre Herren vite. Sikkert er det at han har vore ein ynda medieperson, med ein fot innanfor alle sju dødssyndane, samt openbare brot på skikk, normar og offentlege lover. Livet hans er spekka med intriger, løgn og synd, men har ein ofseleg evne til å halde seg utanfor murane. Jackson laga heidundrande oppstyr på byrjinga av århundret, da han trua med å kaste eit spedbarn utanfor ein balkong i Paris. Han vert frikjend frå dette. Han fortsatte herjingane med å invitere ungar til festar med kjeks, selters, drops og sodomi. Rettssaka utvikla seg mot ein parodi, og Jackson vart frikjend fordi forsvararen meist truleg hadde brent prova mot han. I 1994 vert han anklaga for mord på kona si og elskeren hennar, flykta ifrå åstaden med eit samla politikorps i hælane, og med full TV-overføyrd helikopterdeknad av hendinga. Fleire sekkar med prov låg klar for retten - men også den her gongen var hunden Jackson slu nok til å vri seg unna i rettsaka som fylgde. Jackson har eit rulleblad som ein nazioffiser, og ei syndig attrå som eit utøyla ungdyr. Jackson er den moderne kulturepoken si største synd. Så kvifor held vi han slik mot brystet?
I eit intervju med Wallstreet Journal (25.05.98) opnar Jackson livssynet sitt på vidt gap, og seier at ”eg aldri har trudd på Gud. Og (…) om Gud finnast – svar meg på kvifor eg ikkje har fått ei straff eller noko slikt, når eg har herja rundt på den måten eg har gjort? Skulle ikkje denne såkalla Gud komme for å hente meg da? Eg er Jackson, og eg trur kva eg vil, når eg vil det. Og eg gjer kva eg vil med kven eg vil, store som små.”
Det er verdt å merke seg siste setnaden her, for sjølv om ikkje alle visste det da, var dette ei open innrømming av det pedofile maktmisbruket hans. Men menneska sov, slik dei alltid har gjort, og for kvar udåd Jackson føyrde i boka si, vaks applausen – liksom heile verda var fostra på kjeks, selters og drops.
Eg er sjølv eit utruleg godlynt og varmt menneske, med eit hjarte for sjølv dei største syndarane. Jackson har eg hatt eit auge til lenge, men eg slutta aldri håpe at han ein gong skulle ende sine konfliktar med Herren. No er det for seint, og eg noterar stille i boka mi at nok ei sjel vil brenne i eit av Helvetes inste krinsar, med Brutus, Cassius og Judas som rettmessig kompani. Eg gret fordi eg elskar. Og eg gret for sjela di, Jackson.
P.S. Torunn – eg har igjen notert meg at du vankar rundt med hundar utanfor lokalane igjen. Føre gongen var det han hunden med luseflekkane i andletet. No var det ein slags hestestøypt art, med ein upassande og syndig form på halen. Eg vil at du skal kvitte deg med denne hunden også, dersom du skal fortsette kjennskapet til klubben. Dette er siste årvaring!