søndag 26. april 2009
Islamsk ondskap og terrormusikk
I Dagbladet står ein artikkel om eit par som har verte avretta av nokre talibansoldatar, og som under ugjerninga fann det for godt å høyre musikk medan dei barberte seg (Dagbladet, 27.4.09). Det her har fått fleire i den vestlege verda til å løfte på augenbryna. Ein kan godt spørre seg kva musikk som førar til at muslimar går av hektene så ettertrykkeleg at dei byrjar drepe folk, - og at dei samstundes reknar ho her handlinga som like kvardagsleg som det å barbere seg. Artikkelen fortel ikkje stort om korleis desse to typar handlingar kryssa veg på ein såpass bisarr og ufølsam måte. Men eg vil meine soldatane hadde brukt sablar og araberknivar på eigne fjes, før dei retta same instrumenta mot paret. Musikken er meist sannsynleg pop, bop eller oppviglersk dansejazz. Kva får eit heilt regime til å støtte opp under slike handlingar? Blir drap like naturleg som morgonbarbering når jazzen viskar bort grensene?
Islam har alltid stått sterkt i Afghanistan, og ihjelslåtte kvinnfolk, barnelik tredd ned på torgpålar og amputasjonsherja kamelar er omtrent eit like vanleg syn i Kabuls gater som dansande flettkurvkobraer. No er det ikkje eit ukjend fenomen at Afghanistan har byrja opne seg for vestleg kultur, med alle dei problema det kan føre med seg. Jazz har no byrja skaffe seg fotfeste i austen; gutar knipsar og nikkar etter jungelrytmar, ikkje ulikt det norsk ungdom gjer, men utan det kritiske synet nordmenn har opparbeida seg. Dei seier "Han her musikken er 'grei'" og visar tommelen opp for å understøtte meininga på tøffaste viset. Og på andre sida av gata kokast det opp til gruelege handlingar. Austens ungdom ser ulydige ungar få fjerna hakepartiet kirurgisk for å ha plystra på skulebenken; dei ser gamblarar bli partert i bitar så små som sjetongar; halsbandslenkja kamelar som blir tvunge springe etter skakkjøyrde bussar - og alle desse inntrykka flyt over i kvarandre, formar sjela, og gjer drap like stuereint som barbering. Dansejazzen kan vi på mange måter kalle "drapene sitt lydteppe".
Eg er glad i mennesket, både austlege som vestlege, og eg gret kvar gong eg les slike historiar. Dansejazz rettar ein appell til det dyriske i mennesket. Jazzen vart i utgongspunktet konstruert av primitive negerstammar for å jage vekk villdyr ifrå landsbyen, men det viste seg at rytmene og bannskapen heller lokka dei til seg. Her heime har eg lagt ned strenge lovar om dansejazz og pulserande pop. Eldste sonen min har meir enn ein gong verte stengt inne på kottet med støvsugaren og klutane fordi rytmene hadde teke bolig i han, medan han ifrå innsida har ropt ut jazzuttrykk som "topp", "jazz", "greit", og "klart det". Men irettesettingane har hjelpa, og guten er from som eit lam meisteparten av tida.
I Dagbladet sin artikkel visast nok ein gong faren med ukontrollerte inntrykk, kulturelementar som får fritt spelerom i unge mennesker sine sinn. Afghanistan er eit sårbart samfunn. Og det er i det sårbare at Satan kan selge sin svovelmedisin.
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
dette er ikke islam
SvarSlettHva er det med deg egentlig?
SvarSlettÅ ta deg helt alvorlig er meget vanskelig.
Nazistene forbød ,,ikke germansk negermusikk,,!
Synes at du er i dårlig selskap sammen med taliban og nazistene.
Er Bjørn Eidsvåg en frafallen?
Ingen barn har godt av å bli stengt inne i et kott pga jazz, pop og rock & roll!
Why should the devil have all the good music?
Vil slutt ønske deg god bedring!
Det er ikke bare innen islam det finnes tullinger, en stor forskjell er at du og dine ikke er trussel for verdensfreden.