søndag 25. januar 2009

Fosforgranatene - ei handling av kjærleik


Nokon gonger vaknar eg midtveis i natta, svett av kjærleik til mennesket, medan eg jamrar meg over at eg ikkje har skjenka nok av mitt hjartelege vesen til barn og kvinner rundt omkring på kloden. Og minner ifrå fortida seilar att til hamna mi: For nokre år sidan hadde sonen min 10-års bursdag, og eg hadde kjøpt ei utgove av Dante Alighieris ”Guddommelige komedie”, fast bestemt på overraske han til gongs. Og sanneleg vart han forfjamsa der han satt, med govepapiret reve av, og med dei funklande forgylda bokstavane på Dantes hardperma storverk liggande i fanget sitt. Diverre gjekk han av skaftet, stakkars guten, og gjorde skam på Herrens namn medan han hylla boka, med eit foraukande verbalt uttrykk som strengt tatt kun høyrer heime i kyrkje og gudstjenste. Reaksjonen min vart om mogleg noko valdsam. Eg røska boka ut ifrå hendene hans, lempa han opp i lufta etter dei skjøre armane og kauka irettesettelser like inn i andletet hans medan han hang slik og gråt. Deretter stengte eg han inn på kottet med støvsugaren og klutane, medan eg ifrå utsida kommanderte han til å lese dei siste songane frå Dantes Inferno, kor Cassius, Brutus og Judas blir knasa sønder i kjeften på sjølvaste Satan, berre at han no vart tvunge til å erstatte Judas’ namn med sitt eige. Over 30 gonger måtte han lese passasjene før han fikk kome ut igjen, skrekkslagen og søkkblaut av tårar og angstsvette. Men denne tuktinga vart gjort av rein og skjær kjærleik, og da eg tok rundt han etter at han hadde tjent straffa si, var det med ei guddommeleg varme. Orda har aldri vore sannare: Den ein elsker, tukter man. No, i ettertid, kan eg og guten min sitte rundt kaffibordet og flire av hendinga.

Og da eg leste artikkelen om Israel sitt forsvar mot Hamas’ terrorangrep, kor dei nylig har innrømt å bruke fosforgranatar (http://www.dagbladet.no/2009/01/25/nyheter/utenriks/krigen_i_gaza/israel/gaza/4528326/) - (eit i grunnen uskyldig vapen som, når det blir benytta i ein argumentasjon mot Israel, selvfølgelig blir blåst ut av sine proposjonar). Men motivet til denne bruken er eg fullstendig overprove er den same: Israelittane elsker palestinarane, som sin neste, som sine brør og grannar, - og dersom vapenbruken hadde vore kva ein vil kalle kraftig, så er dette rett og slett på grunn av Israels ibuande kjærleik til det gode i mennesket. Filosofen og altruisten Mona Lewin sa det så godt i eit intervju med avisa Vårt Land (12.01.09): ”For kvar arm og fot ein palestinsk unge mistar som følgje av Israels forsvar, vil dei kome nærmare den verkelege Gud, den frie glede og det sunne samfunn. Hugs det, når media bombar oss med antisemittisk propaganda.”

I ljos av det her kan vi difor båe forstå min reaksjon overfor sonen min, samt Israels forsvar mot terroren. Eit og anna brennmerke med fosforet er uansett betre enn å brenne i helvetet til evig tid, er det ikkje?

Antisemitismen – ein trend?


Vi høyrar dei ofte på fjernsynet eller på ulike programpostar på radio: Såkalla ”intellektuelle” som harkar opp dei verste klusene ifrå sitt syfilisramma pusterøyr, for så å spytte dei i retning det forjettede land. I Aftenposten 12.1.09 seier Kåre Willoch at ”Jødene er som rotter; dei et seg inn i kulturar dei ikkje har noko med, for så å tukle med økonomien, sette opp småboder med juggel og falske lommeur, drive samfunnet til konkursens rand, før dei sett seg på kjerra og kjøyrar likeglad til neste by.”
Det er ikkje tvil om at dette utsagnet ikkje berre er politisk motivert, men at Willoch er dreve av eit sterkt hat til alt Israel står for. Willoch er i det her hensjåande ikkje eineståande. Han representerer eit syn som blir meir og meir vanleg – nemlig at jødene (som har blitt jaga som vilt gjennom heile historia) sjølv er skyld i tragedien som utspelar seg no som Hamas sine granatar massakrerer barn og kvinner i Israel. Argumentene er dei same: ”Jødene bør vere på plassen sin, det landet dei fekk tildelt i 1948.”
Men tenk no litt på det her: Jødene vart skjenka det her landet lenge før ideen om ein palestinsk stat kom opp i dagen. For Israel var det Jahve – jødedommen sin Gud – som ga til israelittene. Eiendommen er dermed ikkje fastsatt på politisk eller juridisk grunnlag, men derimot på noko langt viktigare – nemlig det åndelige. Er det ikkje da rimeleg at dei får eie landet i fred?
Willoch, saman med skjeggfranzen Jostein Gaarder, er talsmenn for eit skremmande hat, slett ikkje ulikt det synet Goebbels, Göring og Himmler utviste for 70 år sidan. Har vi verkeleg gløymt såpass fort?

Børge57

NRK og kjønnsdiskrimineringa


Sjølv om eg neppe er det ein vil kalle ein TV-slave, har eg ofte teke meg sjølv i å glane trausteslaust på skjermen i helgene, da eg strengt tatt burde gjere heilt anna ting. Men når det fyrst føreligg slik at skjermen har fanga meg, og at eg ikkje makter rive meg laus fra flimmeret, tenkjer eg som så at eg likså godt kan gripe penna fatt og notere meg nokre tankar kring det eg ser – alt sjølvsagt gjennom min brille, min motor for rettferd og likeverd. Og fredag kveld var det eit program som fatta interessa mi. Eg snakkar om røyndomsshowet ”Meisterne sin meister” på NRK, eit konsept som i korte drag dreier seg om idrettsheltar som gret og konkurrerar, før dei gir kvarandre klapp på skuldra. Eit velfungerande og greitt tema for fredagskvelden! Det eg derimot reagerer på, er showet sin sjovinistiske plattform, kor kvinnene ofte eller alltid blir satt i andre rekke, og kor resultatene så og seie blir fiksa og ordna i mannen sin favør, frå konkurranse til konkurranse. Det er ikkje noko ukjent sak, verken for kvinnesaksfolk som meg sjølv eller hatbermen på andre sida, at kvinner ikkje evner dei same tinga som menn, verken fysisk, mentalt eller på det intellektuelle plan. Undersøkingar og laboratorieforsøk i Amerika, så vel som Mexico og Middelhavslanda, har vist utvetydige resultat som talar for det her, og det er på høg tid at samfunnet byrjar teke hensyn til det. For når kvinner blir satt i hensynslaus konkurranse med menn, slik ”Meisterne sin meister” viser det, med sjakkspel, dart og turnstevne om kvarandre, kan slike program teikne eit vrangbillete av kjønna. Høyr, NRK: Kvinner er ikkje mindre verdt enn menn, sjølv om dei tapar i konkurransar!

No er det ikkje å leggje skjul på det at eg er ein truande kar, og at eg difor er uhorveleg glad i mennesker, kvinner som menn. Det eg ikkje er glad i, er når eit menneske blir mobba fordi det er kvinne, kristen eller israelitt. Diskriminering, kvinnehat og antisemitisme er våre største utfordringar i det vi snart går inn i eit nytt tiår, og eg tek nok ikkje i når eg seier at dei aller fleiste er samd om det her: Vi må stå saman om å luke vekk terror, synd og vald mot ungar (vi kan berre tenkje på dei vilkårlige rakettane fyre av ifrå Hamas. Her er det berre marginar om å gjere at israelske ungar ikkje vart skada.).

Gjer difor som meg – boikott programmet Meisterne sin meister, fram til dei maktar å ordne eitt diffrensiert opplegg, med rom for beggje kjønn. For det er berre vi sjåarar som kan gjere noko med det her!

Børge57