Viser innlegg med etiketten TV. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten TV. Vis alle innlegg

tirsdag 19. mai 2009

Vald og seksualitet i filmkultur - er det verkeleg slik vi vil ha det?


Vald på film er ikkje noko nytt. Vi kan mellom anna nemne James Bond, Framad rase, TV-serien V, Rambo og Haisumar. Alle desse filmane, som i si tid faktisk var kjend for eit utal drap, bannskap og syndige handlingar, har satt sitt preg på kulturhistoria, og samstundes, med hjelp av dei tafatte venstrevridde liberaltenkjarane i kjelleren på Staten sitt Filminstitutt, blir ikkje saksa brukt så mykje som ein einaste gong. Det er ein kjend sak at vald på film avlar vald i røyndomen. Eit samfunn med valdleg film og TV kjem automatisk til å få pøblar, fengselsfuglar, motorsykkelgjengar med hanekam og skinnjakker, homofile og pedarastar til å vokse og gro i landets gruelege rennesteinar. Forsking har vist at det er 95 % meir sjanse for at ein valdsfilmentusiast drep ektefella si, enn at ein familiefilmtilhengar gjer det same (Watson, 1998). Eg vil med stor trygd meine at TV-seriar også er med i ho her undersøkjinga, samt pornografi og telefonsex. Rock og jazz vil også gjere utslag på valdsstatistikken, men dette momentet tek ikkje Watson med i dei metodologiske drøftingane.
Sikkert er det i alle fall at mangelen på sensur driv den norske stat mot undergangen, og at vi berre vil fortsette å sjå palestinske terroristar, kvinnehatske homofile skipskapteinar og fengselsfuglar med hanekam så lenge vi held portane opne for slike strømningar. Dagbladet skriv i dag om valdsfilmen ”Punch Out” (http://www.dagbladet.no/2009/05/19/kultur/spill/wii/punch-out/boksing/6305706/) , og i stedet for å stille seg kritisk til innhaldet, rosar dei makkverket opp i skyane, skryt av at blodet flyt, rautar ut i himmelen at dei foraktar Gud og alt han står for. ”…dei ekstremt fargerike karakterane ein treff i ringen” står det. Er det blodet han meiner her? Eller blåflekkane? Er dette ’alright’? Er det slik vi vil at barnebarna skal ha det? Eg ser denne tendensen blomstre og bre seg, slik eit ungdyr hoppar likeglad bortetter jordet.

Filmskodespelaren Helge Jordal, som er det uavgrensa forferdelegste mennesket norsk filmindustri har oppfostra, og som er velkjend i Noreg for å spreie båe bannskap, frasar om kjønnet sitt, samt alkoholdreve basketak i nordlandsbåtar, sa nyleg i avisa Nordlys: ”Vald er ein del av livet. Just face it. Og om filmane mine, som er kjend for grov vald og all slags pervertert sex, hadde verte sensurert av til dømes dei kristne - ja, da skulle eg drikke meg full på heimebrenten eg sjølv har brent, for så å jakte deg ned med dreggen i naustet og drepe dei.” Det er tydeleg kva for demon som har festa seg i Jordal sitt sinn, etter alle desse åra på lerretet.
Det er på bakgrunn av det her at eg oppfordrar ein totalboikott av slike typar filmar. Og ikkje nok med det: Eg vil gjerne informere alle om den årlege "Kulturrensen" på St. Hans-aften, i fjæresteinane ved Naustdal, kor vi i år - for fyrste gong sidan oppstarten i 1980 - vil inkludere filmar på bålet. Alle som har usømmelege filmar, bøker og magasin dei vil bli kvitt – kom innom!

søndag 25. januar 2009

NRK og kjønnsdiskrimineringa


Sjølv om eg neppe er det ein vil kalle ein TV-slave, har eg ofte teke meg sjølv i å glane trausteslaust på skjermen i helgene, da eg strengt tatt burde gjere heilt anna ting. Men når det fyrst føreligg slik at skjermen har fanga meg, og at eg ikkje makter rive meg laus fra flimmeret, tenkjer eg som så at eg likså godt kan gripe penna fatt og notere meg nokre tankar kring det eg ser – alt sjølvsagt gjennom min brille, min motor for rettferd og likeverd. Og fredag kveld var det eit program som fatta interessa mi. Eg snakkar om røyndomsshowet ”Meisterne sin meister” på NRK, eit konsept som i korte drag dreier seg om idrettsheltar som gret og konkurrerar, før dei gir kvarandre klapp på skuldra. Eit velfungerande og greitt tema for fredagskvelden! Det eg derimot reagerer på, er showet sin sjovinistiske plattform, kor kvinnene ofte eller alltid blir satt i andre rekke, og kor resultatene så og seie blir fiksa og ordna i mannen sin favør, frå konkurranse til konkurranse. Det er ikkje noko ukjent sak, verken for kvinnesaksfolk som meg sjølv eller hatbermen på andre sida, at kvinner ikkje evner dei same tinga som menn, verken fysisk, mentalt eller på det intellektuelle plan. Undersøkingar og laboratorieforsøk i Amerika, så vel som Mexico og Middelhavslanda, har vist utvetydige resultat som talar for det her, og det er på høg tid at samfunnet byrjar teke hensyn til det. For når kvinner blir satt i hensynslaus konkurranse med menn, slik ”Meisterne sin meister” viser det, med sjakkspel, dart og turnstevne om kvarandre, kan slike program teikne eit vrangbillete av kjønna. Høyr, NRK: Kvinner er ikkje mindre verdt enn menn, sjølv om dei tapar i konkurransar!

No er det ikkje å leggje skjul på det at eg er ein truande kar, og at eg difor er uhorveleg glad i mennesker, kvinner som menn. Det eg ikkje er glad i, er når eit menneske blir mobba fordi det er kvinne, kristen eller israelitt. Diskriminering, kvinnehat og antisemitisme er våre største utfordringar i det vi snart går inn i eit nytt tiår, og eg tek nok ikkje i når eg seier at dei aller fleiste er samd om det her: Vi må stå saman om å luke vekk terror, synd og vald mot ungar (vi kan berre tenkje på dei vilkårlige rakettane fyre av ifrå Hamas. Her er det berre marginar om å gjere at israelske ungar ikkje vart skada.).

Gjer difor som meg – boikott programmet Meisterne sin meister, fram til dei maktar å ordne eitt diffrensiert opplegg, med rom for beggje kjønn. For det er berre vi sjåarar som kan gjere noko med det her!

Børge57