tirsdag 23. februar 2010

Eg er tilbake!



Rykta om min død er sterkt overdrive! Eg har riktignok vore utsette for pinslar dei fleiste berre kan draume om, men samstundes har eg vekse, gjort meg meire robust, og er atter klar til å riste det norske folket i nakkeskinnet med agiterande gullkorn og retoriske perler.
Eg antek fleire undrar fælt på kor eg har vore den her stunda, og svaret er like enkelt som det er sørgeleg: Eg har sitte i ei fangeleir i den sudanesiske landsbyen Ed Dueim, om lag 15 mil søraust for Nyala, i den mykje omtalde Darfurprovinsen. Før det her opphaldet, som vara i omkring 3 månader, hadde eg eit grueleg møte med NRF-styrkar på ein grenseovergong mellom Sudan og Den Sentralafrikanske Republikk, kor eg mellom anna vart tvunge konvertere til islam, det heile med eit halvautomatisk vapen retta mot nakkengropa mi. Då eg plent nekta, samstundes som eg forklarte (på arabisk), at den ekte Herren, den kristne Herren, skulle brenne dei alle i Helvetet på den ytste dag, vart dei meir lamslått enn sint, og ville sende meg til fleire avhør. Eg antok at tankegangen deira gjekk som så: Disom ein soldat i Gud sitt namn, slik som den her kvite mannen, viser eit slikt mot, - ja da kan vi kanskje bruke han i styrkane mot Sudanfolket sitt militære helvetesjammer.
Og slik vart det til at eg vart sendt til ein fangeleir, kor eg skulle brytast ned, for så å byggjast opp igjen. I tre månader kjempa eg mot skorpionar, hundar, giftige dadlar og villmenn i eit overoppvarma blikkskur, medan Allah sine disiplar brøla hekserop frå minaretar utanfor cella. Vaktene som dagleg kom inn for å messe ut remsar frå Koranen, medan dei spytta på meg med slangespyttet sitt. Ein og anna gongen vart den tunge jarndøra opna på gløtt, og ein bolle stinkande yams vart sluppe ned i jordgolvet i frå ei bekmørk hand med unaturleg skitne naglar. Sjølvsagt var ikkje denne torturen nok til å bryte meg ned; eg har ei tru som gjer at eg veks meg sterk i dei meist krevande situasjonane. Og då eg ein dag såg at låsen på jarndøra vart gløymd grunna panikken som oppstod under ein ukontrollert bråtebrann, nytta eg høvet til å komme meg ut i røyken og inn under ein varebil som etterkvart tok meg tilbake til Nyala. Der fekk eg kontakt med ei tysk utsending frå FN-styrkane, som på det innstendigste råda meg til å gløyme perioden i fangenskap, sidan FN sine ambasadørar alt hadde komme til ei avtale med NRF i det gjeldande området (gunstig for FN, vart det sagt), og den her situasjonen difor ville, om han vart kjend, forkludre den nye ordninga med gjenopptekne rettsprosessar, telefonar til Haag og alt som anna er. Eg vart med anna ord tvunge halde kjeft, og attpåtil nærast sendt som pakkepost tilbake til Schipol og vidare til Flesland, kor ein høg og namnlaus brite kjøyrde meg til Førde i ein sotruta Mercedes.
Men no er eg tilbake att, solbrun og med eit og anna å seie om båe muslimar, kvinnfolk, kulturliv og homofile. Avisbiletet har så visst ikkje endra seg mykje sidan eg var her sist: Afrikanske valdtektsmenn held fram med same umettelege appetitt der nede i hovudstaden, muslimar steiner barn og dyr, og dei tafatte politikarane står og ser på med ei handlingskraft lik ein buddhist. Eg er heime igjen!

3 kommentarer:

  1. Det er ikkje så snodig at det har gått ryktar om at du har døydd. Du har jo ikkje blogga på lang, lang tid.:O
    Godt å ha deg tebake ;)

    SvarSlett
  2. Eg veit ikkje kva slags misjonær du har vore. Sjølv har eg vore ute for Israelsmisjonen i 3 år. Men so vart eg katolikk med brask og bram, ikkje mange Sogningar som vert det har eg inntrykk av. Eg skulle bli glad dersom du kikka innom bloggen min. Før tykte eg at Katolikkar fylgde menneskelege tradisjonar og tilba statuer. No veit eg betre. http://kvitekristkvinne.blogspot.com Helsing Iselin

    SvarSlett