Viser innlegg med etiketten vald. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten vald. Vis alle innlegg

onsdag 20. mai 2009

Ikkje tru alt du les!


Ateistar og islamistar har igjen gått saman om å drikke seg full på løgn, og etterpå kaste opp svineriet i andletet på kristendomen, katolsk som protestantisk. I 2003 vart det rulla opp ein sak i Belgia, kor ateistiske pedofile hadde danna foreningar og gutteklubbar med islamistar, dreve veddeløp, kasta på terning, og halde masseorgiar med dyr og kvinner i kjelleren til Begias framste jazzmusikant. Dei hadde, visstnok utan skamvett, hengt opp to bileter på veggane, - eit av paven (riktignok pave Johannes Paul II) og eit ikon av Maria med Jesusbarnet liggande i symn over aksla. Begge desse relikvia hadde verte spytta og urinert på, medan gruppa stod jublande og full av bannskap rundt sjølve syndaren.
No er eg sjølv protestant, og har eit syn som minnar meir om Kalvinisme enn om den friare lutherianske røyrsla. Eg er oppteke av mennesket, av kjærleik og av at eg har kraft til å vise rette veg for dei som har tapt han av syne – til dømes mange kvinner og homofile, fengselsfuglar og folk som veddar store pengar på at hovdyr kan springe fort. Eg er så fyld til randen av kjærleik at det visseleg koker over nokre gonger. Det er da eg kan sprute avkoket over andleta til dei fortapte, for å bruke ein metafor ifrå barndomen si kjøkkentjenst. Og medan dei står og tørkar av seg kjærleika mi, som no har renne ned i augo deira, kan dei med eitt sjå betre. Det er som om avkoket mitt ikkje har fjerna synet, men heller betra det!
Eg må i det her hensjåande rette ein peikefinger mot katolisismen, slik at eg har det ut av verda. Katolikkar trur at kristendom er ein fest, kor dei kan tylle i seg flaskar med snaps, vermut og katedralvin, dra ut mellom vinrankane, overfalle dei svaklegaste av korgutane i katedralkoret og ha viljen sin med han under ei matt sørlandssol, medan dei snappar etter vindruene som heng i klaser over dei. Søndag skriftar dei gråtande for presten i eit tomt og ekkoherja kyrkjebygg, før dei smilande og fri for synd går ned til piazzaen for å feire bisettinga til naboen.
No som det er sagt, kan eg endeleg kome religionen til unnsetting! Det denne saka handlar om, er derimot hatet folk fleist føler ovanfor kristendom generelt. Historiar kokast opp, - på jazzklubbar, i avbrekka på veddeløpsbanane, i butikker kor dei sel snus, pop og pornografi – og orda får føter å gå på. ”Eg kjenner ei jente som vart skambanke av far sin. Vi kan jo seie at prester har gjort det. Eller nonner. Skriv det på små ølbrikkar og legg dei rundt omkring i postkassa til folk!”
Hugs – mot kristendom er den framste og farligaste propaganda skapt, den som vil gripe ved trua til mennesket, med bruk av ”vitskapleg” løgn, med sataniske ritual utøva til lyden av eit villstyrsk jazzkorps, med håp om å utrydde mennesket sin viktigaste tryggdom gjennom svik og narrestreker. Propagandaen har inga moral. Propagandaen mot kristendom stanser ikkje opp for å drøfte handlingar i lys av moral og menneskeverd. Ateisme stjel sjansen eitkvart menneske har til å føle ekte kjærleik. Med ateisme stanser nestekjærleiken, lik ein buss på ein polsk landeveg ein gong under kommunismen sitt infrastrukturelle svik, for å bruke ein metafor. Poenget er klart: Ikkje tru alt du les når det kjem til hat mot kristendomen – katolsk som protestantisk!

tirsdag 19. mai 2009

Vald og seksualitet i filmkultur - er det verkeleg slik vi vil ha det?


Vald på film er ikkje noko nytt. Vi kan mellom anna nemne James Bond, Framad rase, TV-serien V, Rambo og Haisumar. Alle desse filmane, som i si tid faktisk var kjend for eit utal drap, bannskap og syndige handlingar, har satt sitt preg på kulturhistoria, og samstundes, med hjelp av dei tafatte venstrevridde liberaltenkjarane i kjelleren på Staten sitt Filminstitutt, blir ikkje saksa brukt så mykje som ein einaste gong. Det er ein kjend sak at vald på film avlar vald i røyndomen. Eit samfunn med valdleg film og TV kjem automatisk til å få pøblar, fengselsfuglar, motorsykkelgjengar med hanekam og skinnjakker, homofile og pedarastar til å vokse og gro i landets gruelege rennesteinar. Forsking har vist at det er 95 % meir sjanse for at ein valdsfilmentusiast drep ektefella si, enn at ein familiefilmtilhengar gjer det same (Watson, 1998). Eg vil med stor trygd meine at TV-seriar også er med i ho her undersøkjinga, samt pornografi og telefonsex. Rock og jazz vil også gjere utslag på valdsstatistikken, men dette momentet tek ikkje Watson med i dei metodologiske drøftingane.
Sikkert er det i alle fall at mangelen på sensur driv den norske stat mot undergangen, og at vi berre vil fortsette å sjå palestinske terroristar, kvinnehatske homofile skipskapteinar og fengselsfuglar med hanekam så lenge vi held portane opne for slike strømningar. Dagbladet skriv i dag om valdsfilmen ”Punch Out” (http://www.dagbladet.no/2009/05/19/kultur/spill/wii/punch-out/boksing/6305706/) , og i stedet for å stille seg kritisk til innhaldet, rosar dei makkverket opp i skyane, skryt av at blodet flyt, rautar ut i himmelen at dei foraktar Gud og alt han står for. ”…dei ekstremt fargerike karakterane ein treff i ringen” står det. Er det blodet han meiner her? Eller blåflekkane? Er dette ’alright’? Er det slik vi vil at barnebarna skal ha det? Eg ser denne tendensen blomstre og bre seg, slik eit ungdyr hoppar likeglad bortetter jordet.

Filmskodespelaren Helge Jordal, som er det uavgrensa forferdelegste mennesket norsk filmindustri har oppfostra, og som er velkjend i Noreg for å spreie båe bannskap, frasar om kjønnet sitt, samt alkoholdreve basketak i nordlandsbåtar, sa nyleg i avisa Nordlys: ”Vald er ein del av livet. Just face it. Og om filmane mine, som er kjend for grov vald og all slags pervertert sex, hadde verte sensurert av til dømes dei kristne - ja, da skulle eg drikke meg full på heimebrenten eg sjølv har brent, for så å jakte deg ned med dreggen i naustet og drepe dei.” Det er tydeleg kva for demon som har festa seg i Jordal sitt sinn, etter alle desse åra på lerretet.
Det er på bakgrunn av det her at eg oppfordrar ein totalboikott av slike typar filmar. Og ikkje nok med det: Eg vil gjerne informere alle om den årlege "Kulturrensen" på St. Hans-aften, i fjæresteinane ved Naustdal, kor vi i år - for fyrste gong sidan oppstarten i 1980 - vil inkludere filmar på bålet. Alle som har usømmelege filmar, bøker og magasin dei vil bli kvitt – kom innom!