Viser innlegg med etiketten make-up. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten make-up. Vis alle innlegg

onsdag 20. mai 2009

Blogging - Narkissos og kvinnerasen


Blogging er ein ny farsott. Det kan tenkjast at trangen til å skrive om seg sjølv i trettande ordelag alltid har vore der, ifrå Hans Jæger sine svoveldyppa helvetesromanar til Erlend Loe sine unnvikingar ifrå båe leddsetningar og budskap. Med bloggen får dette kulturelle uvesenet ein anna dimensjon. Og kvinner er ikkje overraskande verst på det her. Ungjenta Frida Wulff (http://caffelatte.blogg.no/) har fyld eit utal nettsider med lausprat om kosmetisk kirurgi og menstruajonssyklusen sin. Ho har, til dags dato, ikkje skrive om ting ho ikkje kan sjå i spegelet heime. Ho skriv om at ho har stått framom spegelet i ”fleire dagar i strekk, utan symn”, ho har lagt ut konkurransar kor anna folk skal sende inn polaroidfotografiar av seg sjølv i pinlege situasjonar, berre for å gjere narr av dei etterpå; ho skriv at ho ”forguder to ting i livet – det stappfulle kleslokalet ho har arva av far sin (han er paraplymagnat, med utsøkte forbindingar til moteindustrien), og sminkeskrinet, med ei ytterside plastra full av polaroidbileter av seg sjølv”. Det er tydeleg at forfengeleg opptreden, med alle dei hormonelle feilvurderingar og humørmessig akrobatikk kvinnerasen krydrar eigenskapen med, er ein urokkeleg verdi i naturen hennar. Men Frida er ikkje einaste hønsen i huset. Karoline Andersson (http://kdahl.blogg.no/) fann ein gong i tidleg ungdom ut at ho skulle gjere trutmunn, halde handa opp i håret og forbli i denne stillinga. Bloggen hennar er så belasta med ulogikk og hormonell ubalanse at dei binære kodane regelrett byrjar rakne over veven. Dei viktigaste emna hennar er solbrillar, stort hår og sitt eige spegelbilete. Ho skriv i eit innlegg at ho verdsett synet av seg sjølv i spegelet høgast av alt. På andre plass kjem polaroidfotografiar av seg sjølv. Kamilla K (http://kamillak.com/) er eit anna syrebad det norske bloggfolket har funne det for godt å dyppe hjernen sin ned i. Interessane spennar rundt vidløftige tema som sminkeblyantar, merket som står skreve på sminkeblyantane, samt kva for etui desse blyantane kjem levert i. Ho skriv mellom anna at ”ho har via livet sitt til å dekke over sorgane og manglane på innsida gjennom å sminke seg på utsida”. Det er i det minste godt at ho er ærleg.
I byrjan trudde mennesket at jorda låg i sentrum av universet. Med Copernikus trudde ein at sola var det meist sentrale. Med Frida Wulff, Karoline og Kamilla blir ein sanneleg lura til å tru noko anna…
Alle desse tre jentene må ikkje tolkast som anna enn eit symptom på eit sjukt samfunn, kor det å skue ned i navlegropa si har den same verdi som til dømes det å redde fattige i Somalia, Kongo og Rwanda. Eg har sjølv prøvd å kontakte dei, om ikkje anna for å tilby hjelpa mi. For gjennom frelse og klem kan ein kome ut ifrå det helvetet det er å sette seg sjølv i sentrum av universet. Hugs: Forfengeleg natur er ein av dei sju dødssyndane!