For å møtekomme krava til kvalitet her på bloggen, har eg kikka meg litt rundt, båe i aviser og på TV, på jakt etter idear og innspill ifrå meir etablerte medium, anten det er fjernsynsfilmar eller baksida av VG. Og når eg har agitert såpass sterkt for kjærleik som eg har gjort, hender det at ein mister auge for moro underveis. Ein gløymer å vere eit leikent menneske. I denne posten, som skal vere fast kvar veke, introduserer eg landstrykaren Rufus, som ikkje let eit høve gå fra seg til å kome med humoristiske skråblikk på siste vekes nyheiter. Det er viktig å kunne flire litt iblant, mellom slaga.
Dagens Rufus
"Mullah Krekar har på ny ramma det norske samfunnet med vranglæra si. Eg håper han døyr av kreft!"
9-6-09 - Rufus