Viser innlegg med etiketten Sandra Bullock. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Sandra Bullock. Vis alle innlegg

fredag 22. mai 2009

FrP - demonar, kristendomshat og handverkarar!


FrP har avhalde landsmøte, med all den ugudelege rovpolitikk, framadhat, hundekampar og smultringbaking eit slikt møte inviterar til. No er det slik at FrP er seg sjølv lik, om ein kan bruke eit slikt uttrykk; med unntak av Carl I. Hagen er dei fleiste blotta for gudfryktsemd, og hadde dei fått sjansen, ville dei kristlege symbola omgåande blitt solgt til markedspris, med logoar av hamburgarar og billig brennvin som dekor over Jesu lidingar. Den gjengse FrP-mann vaknar opp kvar morgon med draumar friskt i minnet, kor dei i nattas løp har jakta ned sigøynarar, fattige og jungelfolk, og kasta kvasse nipsgjenstandar på dei. Frp’are fleist vil gjerne ha dei godene livet har å bjude på, til dømes brennevin, melkekartongar med pornografi og seksuelle tjenster av filippinske jentunger og robotar. Det einaste FrP sett ned foten for i det her høve, er bøker og forretningsmoral. Det håse, sundrøyka svovelludderet Siv Jensen nørte igjen opp under menneskehatet under landsmøtet, kor ho i ei powerpointframsyning viste bileter av valdteke kvinnfolk, hundar med pelsen skamklipt, og kortstokkar som tydeleg bar preg av pokerspel. ”Det her er ikkje produktet av kvite.” sa ho, og kategoriserte i velkjend FrP-stil menneskeheita i fargar. ”Valdtektene veit vi kor kjem ifrå – frå svarte, kommunistiske muslimar. Resten er heilt sikkert muslimane sitt verk det også!” (Dagsavisen, 22.05.09) Etter applaus i salen tok ein og anna handverkar mikrofonen for å forkynne hatet sitt til leselyst og fiolinar, før dei kryssklippa bileter av somaliske krigsofre med makaque-aper på storskjermen til høglydt latter ifrå samla sal. (ibid.)
Det må seiast å vere høgst uklokt, på grensa til dumdristig, for eit profilert parti å fronte slike haldningar openlyst. Men i gamal FrP-ånd er det her ein like naturleg del av livet som det å snyte på skatten.
I den politiske thrilleren ”Medan du låg og sov” med Sandra Bullock er den her situasjonen satt heilt på spissen. Bullock spelar ein løgnhals som svindlar ein godtruande kar for det han er verdt, etter at ho forårsaka ei ulykke kor han hamna i eit lengre koma. Ho lyg for familien, forsikringsselskapet, og seg sjølv, men ender opp med å kaste bort heile gevinsten på ein utgamal veddelaupshest. I ei minneverdig scene i filmen snur Bullock seg mot kameraet, bryt den fjerde veggen, og får den sjølvransaklege sødmen til å boble i einkvar sjåar: ”Ser dykk kva eg har blitt? Ein løgnar. Ein fusentast. Eit kvinnfolk, så stappfull av hormonar og lausprat at eg ikkje veit kva oppned på meg sjølv lenger. Ser dykk det?” Filmen slutter med ei sakte og tydingsfull panorering oppover kyrkjeveggen og inn i rosevinduget, kor Jesu’ sorgfulle andlet får filmen til å svinne over i svartskjerm. Eg gret. Og eg tenkjer: Har Siv Jensen og han raudhåra, skalla karen med bart og fiskeaugo sett han her filmen? Burde dei sett han?
Eit neonkrusifiks eg har på veggen framfor meg fortel meg at svaret er ja.