Viser innlegg med etiketten politikk. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten politikk. Vis alle innlegg

søndag 24. mai 2009

KIP - Det Kristlege Inkvisisjonsparti




Politikk er ikkje eit enkelt tema å snakke om. Det er ikkje utan grunn at såpass mange held det politisk partiet deira skjult for allmennheita. Fleire gonger i den moderne Noregshistoria har politisk engasjerte privatpersonar verte jakta ned av antikristne, antisemittar og hedningar, banka og slage til det ugjenkjennelege. Vi hugsar Kings Bay-saken. Det er ikkje å undre seg over at det politiske klimaet er overoppheta, nervøst og infisert.
Eg har derimot eit meir avslappa forhold til det politiske tilhøyret mitt, ettersom eg har vore med å starte eit friskt og ungt parti, framleis i startgropa, men allereie snart over 5 000 medlem.
KIP (Det Kristlege Invisisjonsparti) er eit parti for oss som vil godt for samhaldet i Noreg. KIP står for dei moralske verdiane som gjer godt for mennesket, og som hjelp til å forme individa slik at eit liv i det moderne samfunnet ikkje synst håplaust og einsamt. Vi i KIP meiner mennesket bør stå i fokus – saman med kjærleik og omhug. Medlemma i KIP ser seg sjølv som forkjemparar for rettferd, menneskeverd og håp.

Verdiar – det siste håp

Vi i KIP ser på dei kristlege verdiar som det viktigaste og meist fundamentale i det norske samfunnet. Diverre kan vi stundom vitne eit forfall av desse, og vi trur at ei opprensking i dei forskjellige instansane, dei kulturelle miljø og det omfattande media hadde vore på sin plass. Det her er plattformen i KIP sitt partiprogram. Her fylgjer ein kortfatta gjennomgong av dei viktigaste sakane.

Inkvisisjonen – ikkje det det eingong var.

Under inkvisisjonen i Spania og andre plassar i det katolske Europa, vert det brukt metodar eitkvart sunt menneske ville forkaste. Og vi gjer likedan. Vi i KIP er imot einkvar form for tortur, fysisk som psykisk. Vi meiner dei spanske inkvisisjonsstyrkane gjorde feil ved å bruke slike verkemedel i kampen mot det onde. Derimot synast vi at sjølve ideen har fått unødig mykje dårleg kritikk. For tanken bak heile prosessen var å forene ein stat under ei samlande knippe kristne verdiar. Ordet inkvisisjon tyder såleis ”undersøkning”, og det er herifrå partinamnet stammar. KIP vil innsettje ein inkvisitorisk styrke som undersøk og kartlegg dei moralske og etiske forhalda innad i staten Noreg. Desse inkvisisjonane vil bli kontrollert av ein høgare instans, slik at eitkvart tilfelle av maktmisbruk vil bli straffa. Dei lovane vi vil ha som håp å innsettje, vil vere lik det lovverk som gjeld for politistyrkar, og einkvar overtredelse vil bli fylgje opp med rettsleg saksgang.

Dei verdiar vil vil søkje etter, er dei kristne, d.v.s. dei verdiar og levereglar som står skreve i Bibelen, og isærs Det Nye Testamentet. Med å kartleggje desse verdiane, samt fraværet av dei, har vi som håp å skaffe nok kunnleik til å kunne forme eit nytt og betre samfunn for alle, både unge og gamle, menn og kvinner, uansett rase eller utsjåande.

Fravær av verdiar

Vi i KIP vil søkje å forme dei indiviar som vekst inn i samfunnet gjennom ei kristeleg opplæring. Om eit individ lid under fraværet av eit kristent verdisett, vil det stå i Statens ansvar å teke hand om desse. Dei vil bli rehabilitera under kontrollera forhald, slik at dei betre vil kunne tilpasse seg dei idealar som finnast ut i samfunnet.
Men for at vi skal våge håpe på ting i det moderne Noreg, må ein kartleggje kva for strømningar som finst i kulturen. Eit land kor kultur brer seg fritt, utan reguleringar, vil etterkvart falle saman under si eiga vekt. Vi i KIP meiner difor at det skal førast ei undersøkjing i skule, arbetsinstitusjonar og rekreasjonsklubbar, kor folk si oppfatting av landet, religion og kultur førast inn i skjema. Dersom barn, unge eller vaksne har oppfattingar som ikkje gagnar kulturen, slik at det er ei fare for kulturell kollaps, må innlæringslova brukast. Innlæringslova seier at einkvar person i Noreg som ikkje finn seg til rette i dei kulturelle rammene som den kristne staten har satt, må førast inn i desse rammene med kjærleik og lærdom. Desse kjærleiksprosedyrane, som er ein stor del av Innlæringslova, vil foregå i samråd med politi og inkvisisjonsvesenet. KIP sin kjærleik til mennesket overgår alt av byråkrati, og alle handlingar gjort i Innlæringslova si ånd er gjennomsyra av omhug. Alle norske statsborgarar vil bli innkalt til kjærleiksprosedyre ein gong i året.
KIP meiner kulturen skal speile det norske kristne samfunnet, og vil at alle barn skal vekse opp trygge, båe på identiteten sin og legningen si. Ein tydeleg kristen moral, med faste regler og lover for kva som er lovleg, er difor viktig for det moderne sinnet.

Demokrati – eit viktig element

Vi er også for demokratiske stortingsval og kommuneval, sidan vi meiner at ei regjering som har styrke i folket vil kunne styre på eit betre sett. KIP går inn for restriksjonar på delar av populasjonen, dei som over eit visst antal gong har brote Innlæringslova. I tillegg sett vi ei grense på folk med psykiske funksjonshemningar, revoltmennesker som til dømes ikkje er medlem eller tilhenger av Statskyrkjeordninga, samt fengselsfuglar.
Vi i KIP vil gjere landet såpass trygt at eitkvart barn kan vekse opp utan å tenkje på at terror eller politisk-religiøs revolt kan røyre ved samfunnsoppfattinga deira. I KIP er det barna som er i fokus. Difor er symbolet for KIP eit barn. Vil ikkje du at barnet ditt skal ha det godt og trygt? Eller spør deg sjølv det her spørsmålet: Om du og barnet ditt hadde budd like ved ein motorveg, - ville du ikkje igongsatt ei undersøkjing om kva for brot på fartgrensa og anna overtramp som førekjem da? Barnet ditt har krav på det beste!

Fokus på enkeltmennesket og menneskeverdet

KIP fokuserar på enkeltmenneske og menneskeverd frå unnfanginga til ein naturleg død. Vi ser på enkeltmennesket som eit mål for dei ulike tiltaka. Den enkelte skal aldri vere et verkemedel, med unntak frå martyrar. Vi vil fokusere på individet framfor statistikkane og massane. Enkvar person har ansvar for handlingane sine, men den enkeltes fridom må ikkje vere så stor at dei som har mindre ressurser må lide for det. KIP understreker menneskerett til kvart enkelt menneske, og kjempar for den svakaste når nokon blir krenka. Men – uansett menneske eller dyr – øvst står Herren.
Vi er også for demokratiske stortingsval og kommuneval, sidan vi meiner at ei regjering som har styrke i folket vil kunne styre på eit betre sett. KIP går inn for restriksjonar på delar av populasjonen, dei som over eit visst antal gong har brote Innlæringslova.
Vi i KIP vil gjere landet såpass trygt at eitkvart barn kan vekse opp utan å tenkje på at terror eller politisk-religiøs revolt kan røyre ved samfunnsoppfattinga deira. I KIP er det barna som er i fokus. Difor er symbolet for KIP eit barn. Vil ikkje du at barnet ditt skal ha det godt og trygt? Eller spør deg sjølv det her spørsmålet: Om du og barnet ditt hadde budd like ved ein motorveg, - ville du ikkje igongsatt ei undersøkjing om kva for brot på fartgrensa og anna overtramp som førekjem da? Barnet ditt har krav på det beste!


Styresett og valordning - Det sentraliserte demokrati


KIP meiner at eit politisk styre fungerer best om vi sentraliserer styret til eit fåtal overhovud, og om vi organiserar dei ulike embedsverka nedover i eit hierarki. På toppen skal det sittje eit kristent og velutdanna knippestyre som kan utøve kommando til dei underliggjande instansar. Vi i KIP meiner at det her kan effektivisere handling – både på politisk, kulturelt, forsvarsmessig og økonomisk basis. Styret skal skiftast ut etter kvart val, slik ordninga er i dagens system, men kun i tråd med dei retningslinjer som er lagt for demokratiet.

Valordning

Etter kva vi har erfart, er fire år regjeringstid for lite. Partiene får ikkje utrettja noko, anten det no er innad på den politiske arena, eller ut i samfunnet. Tiltaka treng tid for å modnast, likedan treng handlinga tid på seg for å vandre gjennom dei ulike instansar og ut i røyndommen. Forslaget vi kjem med, er å innføre ei sittjande tid på 8 år.
Vidare vil vi auke stemmerettsalderen ved både storting, fylkes og kommuneval. Den ordninga vi no har med ein alder på 18 år fører ofte til at parti på ytterfløyane tek stemmane. Dei individ som gir stemma sine i den her alderen, veit ofte ikkje kva ei er med på. Vi i KIP trur ikkje eit menneske er modent så tidleg i livet, og vi vil difor auke alderen til 22 år.
Vi vil dessuten kutte stemmeretten til sterkt marginaliserte gruppar som psykisk utviklingshemma, psykisk ustabile og fengselsfuglar, samt dei som har gjort grove overtramp ovanfor Innlæringslova. Det her blir gjort av den årsak at desse individ ofte kan feildøyme ein situasjon, og slik ikkje kan gjere rette val.

Eit inkluderande fellesskap

”Å leve for andre”

I KIP har vi som leveord å ”leve for andre”. Det her innebær at vi skal fylgje Den Gyldne Regel i valsituasjonar, og handle slik du vil andre skal gjere for deg. Vi trur at om alle i samfunnet fylgjer desse orda, vil eit tungt og trygt fellesskap oppstå, og lykke vil vere sikra - båe i det jordiske liv og etterlivet. Med å ”leve for andre” meinast at vi må halde synda på avstand, for om synda får fotfeste, er det fare for at dei sosiale strukturane raknar. VI i KIP vil difor prøve å halde desse strukturane ved like med å innføre nasjonalstat – ein einsemd kultur innanfor ein einsemd nasjon.

Innvandring

KIP anser innvandring som ein stor verdi, og vi vil søkje å halde på den strøm av individ og enkeltmenneske vi tek imot. Dette er viktig både for etnisk mangfold og økonomisk styrke. Men om religionen deira er ein trussel mot det beståande fellesskap, må den behandlast, anten gjennom rehabilitering, Innlæring eller gjennom det vi kallar ”statlig avskjed”. Om innvandrarane ynskjer å halde på sin kultur, vil dei få som ultimatum å forlate dei kulturelle attributtane sine, eller forlate landet. Staten vil sørgje for heimreise og dei økonomiske byrdar ved opphaldet. Det her er, slik vi ser det, fundamentalt i korleis ein held eit nasjonalt fellesskap ved hevd.

Kultur og utdanning

Utdanning

Kultur og utdanning er meget viktig, og eit samfunn kan ikkje halde ut utan eit tilstrekkeleg subsidie til desse formåla. Vi vil fjerne privat undervisning, og innføre ein god kristen skulegong for eitkvart barn. Vi i KIP trur på skapnadsfortellinga, og ser den likegod med Darwins utviklingslære. Naturfaget vil bære preg av det her, og desse lærane vil sidestillast 50 %. Vi trur også at ein større mengde kristendomsundervisning vil skape gode, sunne og heilhetlege individ. Gudetrua vil slik bli forsterka, og individet vil møte lykke. Dei andre faga vil vi prøve å halde som før. Vi vil difor framleggje forslag om forlenga skuledag i barneskulen.

Kultur

Kulturen er samfunnets morsmelk. Difor vil vi ikkje neglisjere signifikansen av denne faktoren. Vi vil sponse eitkvart kulturelt tiltak som tjener gode ideal, og som ikkje skader fellesskapet. Eitkvart individ har rett til å halde augo og øyror opne, og eitkvart individ må kunne skånast for usømmeleg, sårande eller syndig påverknad.

**


Det her var kun eit tverrsnitt gjennom det Kristlege InkvisisjonsParti. Det vil seie – fleire kapittel, slik som rettsleg system, straff, sjølve Innlæringsprosessen, miljø og forsvar vert utelete. Det her vert gjort av plassmangel, og den tru at om eit innlegg blir for langt, ja, da vil ingen orke lese det. Om du ynskjer å lese heile programmet, kan du kontakte ditt nærmaste bibliotek for opplysningar. Vi har dessuten såkalla ”stands” i fleire byer den her sumaren, mellom anna i Førde, Stavern, Horten, Halden, Grimstad, Sogndal, Steinkjer og Bodø. Kom gjerne innom på ein kopp kaffi!

Vi håpar vi får din stemme til haustens stortingsval!

Vennleg helsing

Jan Sahl, partiformann

Torunn Helene Alvdal, partisekretær

Børge Tiller Mathiassen, iaramedlem

Samuel R. Fisknes, innpisker

”Lev for andre!”

fredag 22. mai 2009

FrP - demonar, kristendomshat og handverkarar!


FrP har avhalde landsmøte, med all den ugudelege rovpolitikk, framadhat, hundekampar og smultringbaking eit slikt møte inviterar til. No er det slik at FrP er seg sjølv lik, om ein kan bruke eit slikt uttrykk; med unntak av Carl I. Hagen er dei fleiste blotta for gudfryktsemd, og hadde dei fått sjansen, ville dei kristlege symbola omgåande blitt solgt til markedspris, med logoar av hamburgarar og billig brennvin som dekor over Jesu lidingar. Den gjengse FrP-mann vaknar opp kvar morgon med draumar friskt i minnet, kor dei i nattas løp har jakta ned sigøynarar, fattige og jungelfolk, og kasta kvasse nipsgjenstandar på dei. Frp’are fleist vil gjerne ha dei godene livet har å bjude på, til dømes brennevin, melkekartongar med pornografi og seksuelle tjenster av filippinske jentunger og robotar. Det einaste FrP sett ned foten for i det her høve, er bøker og forretningsmoral. Det håse, sundrøyka svovelludderet Siv Jensen nørte igjen opp under menneskehatet under landsmøtet, kor ho i ei powerpointframsyning viste bileter av valdteke kvinnfolk, hundar med pelsen skamklipt, og kortstokkar som tydeleg bar preg av pokerspel. ”Det her er ikkje produktet av kvite.” sa ho, og kategoriserte i velkjend FrP-stil menneskeheita i fargar. ”Valdtektene veit vi kor kjem ifrå – frå svarte, kommunistiske muslimar. Resten er heilt sikkert muslimane sitt verk det også!” (Dagsavisen, 22.05.09) Etter applaus i salen tok ein og anna handverkar mikrofonen for å forkynne hatet sitt til leselyst og fiolinar, før dei kryssklippa bileter av somaliske krigsofre med makaque-aper på storskjermen til høglydt latter ifrå samla sal. (ibid.)
Det må seiast å vere høgst uklokt, på grensa til dumdristig, for eit profilert parti å fronte slike haldningar openlyst. Men i gamal FrP-ånd er det her ein like naturleg del av livet som det å snyte på skatten.
I den politiske thrilleren ”Medan du låg og sov” med Sandra Bullock er den her situasjonen satt heilt på spissen. Bullock spelar ein løgnhals som svindlar ein godtruande kar for det han er verdt, etter at ho forårsaka ei ulykke kor han hamna i eit lengre koma. Ho lyg for familien, forsikringsselskapet, og seg sjølv, men ender opp med å kaste bort heile gevinsten på ein utgamal veddelaupshest. I ei minneverdig scene i filmen snur Bullock seg mot kameraet, bryt den fjerde veggen, og får den sjølvransaklege sødmen til å boble i einkvar sjåar: ”Ser dykk kva eg har blitt? Ein løgnar. Ein fusentast. Eit kvinnfolk, så stappfull av hormonar og lausprat at eg ikkje veit kva oppned på meg sjølv lenger. Ser dykk det?” Filmen slutter med ei sakte og tydingsfull panorering oppover kyrkjeveggen og inn i rosevinduget, kor Jesu’ sorgfulle andlet får filmen til å svinne over i svartskjerm. Eg gret. Og eg tenkjer: Har Siv Jensen og han raudhåra, skalla karen med bart og fiskeaugo sett han her filmen? Burde dei sett han?
Eit neonkrusifiks eg har på veggen framfor meg fortel meg at svaret er ja.

onsdag 13. mai 2009

Kvinner - ei flis i logikken sin høgrefot?


Vi skriv Noreg, 2009: Det norske politiske klimaet lid av revoltar, endringar og lumske sleivspark. Ungar og ungdom eksperimenterar med sjølvmord, heroin og homofili. Pornografiske blader og magasiner selgast opent på bensinstasjonar. Og no dette: Partileiar Lars Sponheim går i ei pressemelding ut med bibelske samanlikningar for å gjere skam på statsråd Sylvia Brustad: ”Brustad ville eg ikkje teke borti med ei ildtang eingong! Men ho unge blonda ifrå SV – kva heiter ho….ikkje Halvorsen, men ho ungjenta – ho kunne eg godt hatt vilja mi med.” (Avisa Vårt Land, 11.05.09). På spørsmål om kva han meiner om det indre billetet av Sylvia Brustad kun tildekt av eit fikenblad, seier han: ”Det er ikkje akkurat det finaste eg kan tenkje meg!”
Fyrst og framst – ikkje misforstå meg. Lars Sponheim gjer noko grovt uklokt i å teikne fram slike førestillinger av Brustad. Ein kan om mogleg stemple det som eit slag i mørket, eit famlande skot frå ein såpass kvinnehatsk og syndig karakter som Sponheim. Men politiker er politiker verst, og i frå venstresida kjem eit tarveleg motinnlegg. SV sin partileiar Kristin Halvorsen er på si side ute og kjøyre når det gjeld hemn og svar på tiltale, og seier på ein pressekonferanse at Lars Sponheim har ein munn som er så liten som eit fikenblad. Det her tilbakeskotet, som i beste fall kan beteiknast som eit usakleg sleivspark, viser godt kven av mannlege og kvinnlege politikarar som best kan målbinde motstanderen. Ein skulle tru at Halvorsen skulle angripe den storkjefta munnbruken hans Sponheim, men i stedet skal ho fram til at munnen er liten. Slikt kan vi kalle ein logisk brist, - men det er ikkje noko nytt ifrå kvinnekjeften.
No har det seg slik at eg er uhorveleg glad i mennesket, menn som kvinner. Og eg vil aldri vere ond mot ei stakkars jente. Kvinner er like mykje verdt som mannen, men på noko anna vis. Medan kvinner er flink på ungar og familie, har mannen funne domenet sitt i områder som politikk, leiarskap, kunst, fredsarbete, religion og sport. Ei undersøkjing ifrå Middelhavslanda (1954; s. 139-45) viser at ”kvinnfolk også har tankar, men at hormonar og anna tull forkludrar sinnet hennar slik mørket sig inn over horisonten ein heit sumarkveld.” På testar skorar kvinnfolk også dårligare enn menn.
Halvorsen fornektar seg ikkje i sitt kvinnfolktretteri, sjølv om pareringa knapt innehar noko som helst poeng eller brodd. Ho er sitt kjønn opp av dage. Sponheim er riktignok eit ugudeleg monster av eit menneske. Men han er ikkje dum i tillegg, slik floksa ifrå den sosialistiske venstrefløya framstillar seg sjølv som. Eg minnas tein kommentar ifrå golffilmen ”Caddyshack” ifrå 1980, med kopparrandletet Bill Murray. I ei scene slår han eit slag med kølla si, før han snur seg mot kamera, bryt den fjerde veggen og seier: ”Kva skal ut her: golf – kvinnfolk - leiarskap – politikk…veit du det? Det er kvinnfolk.” Satiren er til å ta og kjenne på!