Viser innlegg med etiketten synd. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten synd. Vis alle innlegg

onsdag 1. juli 2009

Eit monster med tre hovud!


Eg vil gjerne nytte det her høve til å ta til motmæle mot tre tapte sjeler, som i desse urolige tidene har rotta seg saman for å ta meg – den eine ei svakleg sminkedukke med eit anlegg for heroinbruk og ballongar, den andre ein sønderhetsa politikar som vart tvunge slutte i sitt gamle parti grunna ”høgst personlege behov”, og den tredje er eit tomt skall av eit kvinnfolk, så brutalt nedbrote av forfengeleg menstruasjonssnakk at ho kun eksisterar som dogg på sitt eige spegelbilete. Eg vil introdusere ateistane og syndarane Brusfantomet (http://brusfantomet.blogg.no/), Jan Siemensen ((http://www.frie-ytringer.no/)) og xantippen Kathrese ((kathrinekarlsen.blogg.no/blogg.html/). Alle skriv i bloggane sine at dei har forlatt Gud, og at dei no vil herje trollverk på nettet, drive ørkeslaust rundt på syndas lavadampande innsjø, med spark mot båe ungar og kvinner.

Siemensen skriv mellom anna at ”ungar slipp for lett ifrå valdshandlingar” (http://www.frie-ytringer.com/2009/06/29/barn-slipper-for-lett-fra-voldshandlinger/). Det er tydeleg kva for linje han legg seg på, når han hetsar ungar som har verte mishandla, og ansvarliggjer dei for den uretten dei sjølv har verte utsette for. Og det er i tråd med desse meiningane at han no retter muskedundaren i mi retning, i eit innlegg som er så gjennomsyra av hat og demonar at det visseleg driv ei svovelstank ifrå skjermen. Han skriv at Børge Tiller Mathiassen er eit menneske som ”øydelegg det Michael Jackson stod for”. Og da må eg spørre Siemensen: Kva var det han stod for egentleg? Var det jazzmusikk eller valdtekt av ungar? Var det den syndige og upålitelege maska eller var det hunden han alltid bar med seg i ein ryggsekk? Var det å danse "moonrock", eller var det å servere kjeks, drops og sodomi til unge? Ein må kunne kalle det uklokt av ein forhenværande politiker å fronte eit syn kor sjølv ikkje barn er hellig, og eg velgjer å tru at innleggjet hans er meint som satire. Men uansett - Siemensen bommar stygt med sine mørkeblå menneskehatske sprell, og for det skal han lide i etterlivet.

Brusfantomet er eit heroinherja kvinnfolk som har utnytta trygdesystemet i ei årrekkje. Ho driv med utprega jazzslang på bloggen sin, og flørtar openlyst med opiatar under dekknamnet ”Coca”. I eit av sine spirituelle villturar på eit av jarnbanestasjonens toalettbåser, fann ho det for godt å skrive eit hatsk, urimeleg og urettmessig innlegg mot meg, kor ho mellom anna kallar meg ”latterleg” og ”stygg”. No er kanskje utsjåande ein hovudverdi for det her uvesenet, noko som forklarar kvifor bloggen nettopp handlar om ”Korleis eg ser ut, samt korleis eg vil dykk skal sjå ut”, som ho skriv i profilen, godt akkompagnert av biletet som visar ho med kjeftamentet surklande i eit raudvinsglas. Korleis alkoholismen og heroinvanane fer åt med utsjåandet til hennar sjølv – ja, det kan vi berre glede oss til å sjå! Ein får håpe at bloggen hennar er satire eller ironi. I så fall ein dårleg spøk!

Tjuvbeistet Kathrese har, som ho stolt fortel på bloggen sin, ”gjort det til sport å bryte seg inn til gamalt folk midt på natta, for så å spele mørke kadensar på husorgelet”. Ho skriv at ho ALDRI skal flytte hit til Førde, skjønt den gongen ho blir med barn med ein av vestlendingane ho står i med, blir nok situasjonen ein annan. Ho er ei jente av si tid, og har difor via heile sitt vakne liv til det markante egoet (samt sminkeskrinet som høyrar til det her egoet), skjønt på det eksistensielle planet er livet hennar tomt som ein palestinsk leikeplass - ta gjerne ein titt på den såkalla ”konkurransen” hennar, og døym sjølv: http://kathrinekarlsen.blogg.no/konkurranse.html Eg antek at slikt lureri er satire, men ein kan aldri vite! Må Herren ta hand om ho, og sende ho til etterlivet med lyn og sjukdom.

Tilsamans eit troll med vanvittige hensiktar, med eit hat lik Mefisto, og med ei røyndomsoppfatting som liknar filmen ”Grannar” ifrå 1988, med Tom Hanks og Tom Cruice. Og med den her tvilsame ballasten som utgongspunkt for kritikk mot meg, er det ikkje det store problemet å bryte av diskusjonen, utan å flekke tenner, utan å bruke dei store ord. Bibelen seier at det verste beistet skal sjølv lide for sine eigne udådar, slik at andletet flerrast av under himmelfallet. Tenk litt på det neste gong dykk legg eit slikt komplott.

tirsdag 30. juni 2009

Jackson - dei sju dødssyndane i ein og same person!


Forrige kronikk hausta båe negative og positive kommentarar, om lag 50-50 av kvar, noko som fortel at det er ei kontroversiell sjel som no hamnar i helvete. Ein mystisk mann, kan ein trygt seie. Nettopp kvifor han akta seg slik, med maske og ape, kriminalitet og hestar med handmaling på mulen, - det måtte berre Herren vite. Sikkert er det at han har vore ein ynda medieperson, med ein fot innanfor alle sju dødssyndane, samt openbare brot på skikk, normar og offentlege lover. Livet hans er spekka med intriger, løgn og synd, men har ein ofseleg evne til å halde seg utanfor murane. Jackson laga heidundrande oppstyr på byrjinga av århundret, da han trua med å kaste eit spedbarn utanfor ein balkong i Paris. Han vert frikjend frå dette. Han fortsatte herjingane med å invitere ungar til festar med kjeks, selters, drops og sodomi. Rettssaka utvikla seg mot ein parodi, og Jackson vart frikjend fordi forsvararen meist truleg hadde brent prova mot han. I 1994 vert han anklaga for mord på kona si og elskeren hennar, flykta ifrå åstaden med eit samla politikorps i hælane, og med full TV-overføyrd helikopterdeknad av hendinga. Fleire sekkar med prov låg klar for retten - men også den her gongen var hunden Jackson slu nok til å vri seg unna i rettsaka som fylgde. Jackson har eit rulleblad som ein nazioffiser, og ei syndig attrå som eit utøyla ungdyr. Jackson er den moderne kulturepoken si største synd. Så kvifor held vi han slik mot brystet?
I eit intervju med Wallstreet Journal (25.05.98) opnar Jackson livssynet sitt på vidt gap, og seier at ”eg aldri har trudd på Gud. Og (…) om Gud finnast – svar meg på kvifor eg ikkje har fått ei straff eller noko slikt, når eg har herja rundt på den måten eg har gjort? Skulle ikkje denne såkalla Gud komme for å hente meg da? Eg er Jackson, og eg trur kva eg vil, når eg vil det. Og eg gjer kva eg vil med kven eg vil, store som små.”
Det er verdt å merke seg siste setnaden her, for sjølv om ikkje alle visste det da, var dette ei open innrømming av det pedofile maktmisbruket hans. Men menneska sov, slik dei alltid har gjort, og for kvar udåd Jackson føyrde i boka si, vaks applausen – liksom heile verda var fostra på kjeks, selters og drops.
Eg er sjølv eit utruleg godlynt og varmt menneske, med eit hjarte for sjølv dei største syndarane. Jackson har eg hatt eit auge til lenge, men eg slutta aldri håpe at han ein gong skulle ende sine konfliktar med Herren. No er det for seint, og eg noterar stille i boka mi at nok ei sjel vil brenne i eit av Helvetes inste krinsar, med Brutus, Cassius og Judas som rettmessig kompani. Eg gret fordi eg elskar. Og eg gret for sjela di, Jackson.

P.S. Torunn – eg har igjen notert meg at du vankar rundt med hundar utanfor lokalane igjen. Føre gongen var det han hunden med luseflekkane i andletet. No var det ein slags hestestøypt art, med ein upassande og syndig form på halen. Eg vil at du skal kvitte deg med denne hunden også, dersom du skal fortsette kjennskapet til klubben. Dette er siste årvaring!

fredag 26. juni 2009

Michael Jackson - hunden er død!


Eit av dei store symbol på pedofil propaganda og kjønnsleg kjærleik til dyr er død, 50 år gamal. Kva som forårsaka hjarteåttaket kan ein berre undre over. Sikkert er det i alle fall at pop og jazzstjerna Michael Jackson endeleg har funne ro i tilværa si, som mildt sagt har vore herja av rettsaker kring den pedofile legninga hans, hundane og apekatta hans Bubble, filmane han har vore med i, samt popsongane hans, som har handla om alt ifrå å slå folk, til å vekke døde til live.
Det vart tidleg klart for Michael Jackson at det ikkje var svart han ville vere. I løpet av ungdomstida si spara han rubbel og bit for å finansiere ein pigmentoperasjon. Og etterkvart som det kvite publikumet fann det for godt å høyre på ein jazzmusikar som var lysare i huden enn anna eksemplar som Jimmi Hendrix og Woodoo King, vaks populariteten til Jackson lik ei celledeling som har vekse seg til å bli ein svulst.
Michael Jackson fann det ofte for godt å provosere, - enten det var pedofili eller å skjære av seg andletsdelar, for så å få ein ufaglærd til å lime dei på igjen. Han levde i sektfarmen Neverland, kor han avla opp gutar på kjeks, soda, selters og peanøtter, medan han ofte lura dei ned i telegrafkontoret for å ha viljen sin med dei. Diverre var det berre i den siste tida at sanninga kom for ein dag.
Som kristen føler eg det umetteleg provoserande at såpass mange hyllar mennesket som har stått for såpass mykje lidingar. Eg snakkar ikkje berre og jazzsongane hans og pedofilien, men også om andletsskjæringa, som han byrja praktisere i tenåra på eige hand(Watson, 1999), før han igongsatte eit av dei største operasjonane (med båe den eine og den andre tydninga) på andletet sitt. Hunden Michael Jackson kjem ingen til å sakne, og i alle fall ikkje eg, som veit at Herren tek meg i mot.
Kvil i fred – I Helvetet!

torsdag 28. mai 2009

Jentungane vs. Børge


Eg fekk to ting i postkassa mi på mandag: Eit truselbrev, kor det stod at Satan skulle kome hente meg, skreve med ein sløv sminkeblyant - og ein plastpose med noko som likna menstruasjonsblod og syfilis. Eg har inga problem med å tenkjer meg kva for syndige vesen som har handla såpass feigt og usselt. Mistanken går direkte til Frida Wulff, ho tøyta Andersen og sminkestativet Kamilla K. Jentungene som for nokre dager sidan byrja herje her på forumet, med hat og forfengeleg tullprat, er ikkje berre eit uttrykk for ein kultur som er like infisert som ein hund; det er også eit symptom på at Helvete har kome hit, på denne jorda, med full kraft. Eg har sett Satan mang ein gong, sist på ein tur i Alpane i 1995, kor han jakta på meg i tre døgn før eg kom meg ned til landsbyen. Men eg har aldri sett ein flokk jentunger endre skiknad og vise sitt egentlege vesen – det ante meg ikkje at Satan kunne ta bolig i småjenter!
Frida, Kamilla og Andersen sine disiplar er diverre ikkje det spytt betre. Dei fleiste av dei kjem nok ifrå ein tynga heim, utan krusifiks på veggane, utan mor eller far, - eller kanskje ein far som tek ho med inn i vedskjulet kvar fredag. Dei fleiste jenter av den her nedrige arten liker å ha viljen sin med kvarmann, og eg har sett statistikk på at jenter aktivt jaktar på farlege situasjonar for å bli valdteke. 93 % av valdtektsofra har skyld i det sjølv, og vil faktisk bli utsette for slikt (Watson, 2004). Det er dermed prove at jenter er av ein syndig natur, og må difor halde seg underlegen mannen. Eg er sikker på at fleire av desse jentungane føler seg truffe på det her punktet. Floksane!
Sikkert er det, gudforlatte jentungar, at kvar og ein av dykk som skreiv såpass slurvete og kvalmt i kommentarfeltet skal møte ei skjebne så grusom og utenkeleg ond i etterlivet at ei skildring kan synast fåfengt og forgjeves. Men eg skal prøve!
Dante Alighieri, som fleire av dykk sikkert har lese, skriv at dei som har synda med å vere forfengeleg, og som har drukke seg full på sitt eige spegelbilete, - dei skal bli dratt opp til ein fjellpost med krokar av sølv, og desse krokane skal vere omhyggeleg festa til brystvortar og kroppsopningar. Oppe på fjelltoppen skal det regne isklumpar og ildregn over ryggtavla, medan syndaren ser spegelbiletet sitt i vassflata nedanfor, og korleis ho blir øydelagt av straffa. Medan ho står der kjem hunden Kerberos, som er ein kjøter utan Guds nåde, og som har gruelege luseflekkar i andletet. Sjølv om dei fleiste av jentungane her oppe på fjelltoppen vil prøve å kose med pelsen til udyret (å meine at alt på fire føter er søtt, er jo også eit uttrykk for hormonelt støy), vil dei straks synast det her er ein dårleg ide. Pelsen har nålstikk som bryt huden og spreier sjukdom som gonore, syfilis, klappfeber og flekktyfus. No er det vel høgst sannsynleg at jentungene her oppe har desse sjukdomane godt planta i kroppen ifrå før, men noko vellystig møte blir det uansett ikkje. Kerberos riv dernest jentungane ned, før dei blir tvunge opp igjen, med krokar av sølv. Og slik går det, til evig tid.
Men det er framleis ikkje for seint. Dykk kan spørre om frelse, hjå meg eller anna gudfryktige. Det einaste du treng å gjere, er å gi til kjenne synda di, seie at du har funne feil veg i livet, og komme til meg. Da skal eg trykke deg mot brystet og vere god mot deg. Men eg har satt ein frist. Om du ikkje skriv ei orsaksmeldnad før søndag kveld kl. 22.30, er eg redd for at Dantes profetiar slår til, med all den smerte som det her fører med seg i etterlivet. Da vil diverre ikkje Herren ta mot dykk. Er du verkeleg villig til å ta den her sjansen, jentunge? Søndag kl. 22.30
Til slutt skal eg fortelle kva eg har gjort i Førde kommune, berre på grunn av den ondskapen jentungane har vedkjenna seg her på kommentarfeltet mitt: Eg har ein fot innanfor dei fleiste arenaer innen kultur her i kommunen, og mellom anna har eg eit verv i styret for forvalting av kulturell kapital. No skjønner eg at det vart mykje ord for ei stakkars sminkedukke, men det tyder beint fram kva eg skal gi penger til i lokalsamfunnet. Eg har med anna ord nærast fullmakt i kulturavdelinga. Og veit dykk kva! Etter at eg leste alt det hormonelle fjaset, tok eg den beslutninga at all kapital som før har ligge innen ungdomskultur, - ja det skal no overførast til kyrkje og bibliotek! Førde fjernar altså alt av tilbod for ungdommen! Alt! Og det er dykk som har skyld i det!
Og likevel – eg elsker Dykk alle med heile hjartet mitt. Kom til meg og bli rensa, kjære barn!

søndag 24. mai 2009

KIP - Det Kristlege Inkvisisjonsparti




Politikk er ikkje eit enkelt tema å snakke om. Det er ikkje utan grunn at såpass mange held det politisk partiet deira skjult for allmennheita. Fleire gonger i den moderne Noregshistoria har politisk engasjerte privatpersonar verte jakta ned av antikristne, antisemittar og hedningar, banka og slage til det ugjenkjennelege. Vi hugsar Kings Bay-saken. Det er ikkje å undre seg over at det politiske klimaet er overoppheta, nervøst og infisert.
Eg har derimot eit meir avslappa forhold til det politiske tilhøyret mitt, ettersom eg har vore med å starte eit friskt og ungt parti, framleis i startgropa, men allereie snart over 5 000 medlem.
KIP (Det Kristlege Invisisjonsparti) er eit parti for oss som vil godt for samhaldet i Noreg. KIP står for dei moralske verdiane som gjer godt for mennesket, og som hjelp til å forme individa slik at eit liv i det moderne samfunnet ikkje synst håplaust og einsamt. Vi i KIP meiner mennesket bør stå i fokus – saman med kjærleik og omhug. Medlemma i KIP ser seg sjølv som forkjemparar for rettferd, menneskeverd og håp.

Verdiar – det siste håp

Vi i KIP ser på dei kristlege verdiar som det viktigaste og meist fundamentale i det norske samfunnet. Diverre kan vi stundom vitne eit forfall av desse, og vi trur at ei opprensking i dei forskjellige instansane, dei kulturelle miljø og det omfattande media hadde vore på sin plass. Det her er plattformen i KIP sitt partiprogram. Her fylgjer ein kortfatta gjennomgong av dei viktigaste sakane.

Inkvisisjonen – ikkje det det eingong var.

Under inkvisisjonen i Spania og andre plassar i det katolske Europa, vert det brukt metodar eitkvart sunt menneske ville forkaste. Og vi gjer likedan. Vi i KIP er imot einkvar form for tortur, fysisk som psykisk. Vi meiner dei spanske inkvisisjonsstyrkane gjorde feil ved å bruke slike verkemedel i kampen mot det onde. Derimot synast vi at sjølve ideen har fått unødig mykje dårleg kritikk. For tanken bak heile prosessen var å forene ein stat under ei samlande knippe kristne verdiar. Ordet inkvisisjon tyder såleis ”undersøkning”, og det er herifrå partinamnet stammar. KIP vil innsettje ein inkvisitorisk styrke som undersøk og kartlegg dei moralske og etiske forhalda innad i staten Noreg. Desse inkvisisjonane vil bli kontrollert av ein høgare instans, slik at eitkvart tilfelle av maktmisbruk vil bli straffa. Dei lovane vi vil ha som håp å innsettje, vil vere lik det lovverk som gjeld for politistyrkar, og einkvar overtredelse vil bli fylgje opp med rettsleg saksgang.

Dei verdiar vil vil søkje etter, er dei kristne, d.v.s. dei verdiar og levereglar som står skreve i Bibelen, og isærs Det Nye Testamentet. Med å kartleggje desse verdiane, samt fraværet av dei, har vi som håp å skaffe nok kunnleik til å kunne forme eit nytt og betre samfunn for alle, både unge og gamle, menn og kvinner, uansett rase eller utsjåande.

Fravær av verdiar

Vi i KIP vil søkje å forme dei indiviar som vekst inn i samfunnet gjennom ei kristeleg opplæring. Om eit individ lid under fraværet av eit kristent verdisett, vil det stå i Statens ansvar å teke hand om desse. Dei vil bli rehabilitera under kontrollera forhald, slik at dei betre vil kunne tilpasse seg dei idealar som finnast ut i samfunnet.
Men for at vi skal våge håpe på ting i det moderne Noreg, må ein kartleggje kva for strømningar som finst i kulturen. Eit land kor kultur brer seg fritt, utan reguleringar, vil etterkvart falle saman under si eiga vekt. Vi i KIP meiner difor at det skal førast ei undersøkjing i skule, arbetsinstitusjonar og rekreasjonsklubbar, kor folk si oppfatting av landet, religion og kultur førast inn i skjema. Dersom barn, unge eller vaksne har oppfattingar som ikkje gagnar kulturen, slik at det er ei fare for kulturell kollaps, må innlæringslova brukast. Innlæringslova seier at einkvar person i Noreg som ikkje finn seg til rette i dei kulturelle rammene som den kristne staten har satt, må førast inn i desse rammene med kjærleik og lærdom. Desse kjærleiksprosedyrane, som er ein stor del av Innlæringslova, vil foregå i samråd med politi og inkvisisjonsvesenet. KIP sin kjærleik til mennesket overgår alt av byråkrati, og alle handlingar gjort i Innlæringslova si ånd er gjennomsyra av omhug. Alle norske statsborgarar vil bli innkalt til kjærleiksprosedyre ein gong i året.
KIP meiner kulturen skal speile det norske kristne samfunnet, og vil at alle barn skal vekse opp trygge, båe på identiteten sin og legningen si. Ein tydeleg kristen moral, med faste regler og lover for kva som er lovleg, er difor viktig for det moderne sinnet.

Demokrati – eit viktig element

Vi er også for demokratiske stortingsval og kommuneval, sidan vi meiner at ei regjering som har styrke i folket vil kunne styre på eit betre sett. KIP går inn for restriksjonar på delar av populasjonen, dei som over eit visst antal gong har brote Innlæringslova. I tillegg sett vi ei grense på folk med psykiske funksjonshemningar, revoltmennesker som til dømes ikkje er medlem eller tilhenger av Statskyrkjeordninga, samt fengselsfuglar.
Vi i KIP vil gjere landet såpass trygt at eitkvart barn kan vekse opp utan å tenkje på at terror eller politisk-religiøs revolt kan røyre ved samfunnsoppfattinga deira. I KIP er det barna som er i fokus. Difor er symbolet for KIP eit barn. Vil ikkje du at barnet ditt skal ha det godt og trygt? Eller spør deg sjølv det her spørsmålet: Om du og barnet ditt hadde budd like ved ein motorveg, - ville du ikkje igongsatt ei undersøkjing om kva for brot på fartgrensa og anna overtramp som førekjem da? Barnet ditt har krav på det beste!

Fokus på enkeltmennesket og menneskeverdet

KIP fokuserar på enkeltmenneske og menneskeverd frå unnfanginga til ein naturleg død. Vi ser på enkeltmennesket som eit mål for dei ulike tiltaka. Den enkelte skal aldri vere et verkemedel, med unntak frå martyrar. Vi vil fokusere på individet framfor statistikkane og massane. Enkvar person har ansvar for handlingane sine, men den enkeltes fridom må ikkje vere så stor at dei som har mindre ressurser må lide for det. KIP understreker menneskerett til kvart enkelt menneske, og kjempar for den svakaste når nokon blir krenka. Men – uansett menneske eller dyr – øvst står Herren.
Vi er også for demokratiske stortingsval og kommuneval, sidan vi meiner at ei regjering som har styrke i folket vil kunne styre på eit betre sett. KIP går inn for restriksjonar på delar av populasjonen, dei som over eit visst antal gong har brote Innlæringslova.
Vi i KIP vil gjere landet såpass trygt at eitkvart barn kan vekse opp utan å tenkje på at terror eller politisk-religiøs revolt kan røyre ved samfunnsoppfattinga deira. I KIP er det barna som er i fokus. Difor er symbolet for KIP eit barn. Vil ikkje du at barnet ditt skal ha det godt og trygt? Eller spør deg sjølv det her spørsmålet: Om du og barnet ditt hadde budd like ved ein motorveg, - ville du ikkje igongsatt ei undersøkjing om kva for brot på fartgrensa og anna overtramp som førekjem da? Barnet ditt har krav på det beste!


Styresett og valordning - Det sentraliserte demokrati


KIP meiner at eit politisk styre fungerer best om vi sentraliserer styret til eit fåtal overhovud, og om vi organiserar dei ulike embedsverka nedover i eit hierarki. På toppen skal det sittje eit kristent og velutdanna knippestyre som kan utøve kommando til dei underliggjande instansar. Vi i KIP meiner at det her kan effektivisere handling – både på politisk, kulturelt, forsvarsmessig og økonomisk basis. Styret skal skiftast ut etter kvart val, slik ordninga er i dagens system, men kun i tråd med dei retningslinjer som er lagt for demokratiet.

Valordning

Etter kva vi har erfart, er fire år regjeringstid for lite. Partiene får ikkje utrettja noko, anten det no er innad på den politiske arena, eller ut i samfunnet. Tiltaka treng tid for å modnast, likedan treng handlinga tid på seg for å vandre gjennom dei ulike instansar og ut i røyndommen. Forslaget vi kjem med, er å innføre ei sittjande tid på 8 år.
Vidare vil vi auke stemmerettsalderen ved både storting, fylkes og kommuneval. Den ordninga vi no har med ein alder på 18 år fører ofte til at parti på ytterfløyane tek stemmane. Dei individ som gir stemma sine i den her alderen, veit ofte ikkje kva ei er med på. Vi i KIP trur ikkje eit menneske er modent så tidleg i livet, og vi vil difor auke alderen til 22 år.
Vi vil dessuten kutte stemmeretten til sterkt marginaliserte gruppar som psykisk utviklingshemma, psykisk ustabile og fengselsfuglar, samt dei som har gjort grove overtramp ovanfor Innlæringslova. Det her blir gjort av den årsak at desse individ ofte kan feildøyme ein situasjon, og slik ikkje kan gjere rette val.

Eit inkluderande fellesskap

”Å leve for andre”

I KIP har vi som leveord å ”leve for andre”. Det her innebær at vi skal fylgje Den Gyldne Regel i valsituasjonar, og handle slik du vil andre skal gjere for deg. Vi trur at om alle i samfunnet fylgjer desse orda, vil eit tungt og trygt fellesskap oppstå, og lykke vil vere sikra - båe i det jordiske liv og etterlivet. Med å ”leve for andre” meinast at vi må halde synda på avstand, for om synda får fotfeste, er det fare for at dei sosiale strukturane raknar. VI i KIP vil difor prøve å halde desse strukturane ved like med å innføre nasjonalstat – ein einsemd kultur innanfor ein einsemd nasjon.

Innvandring

KIP anser innvandring som ein stor verdi, og vi vil søkje å halde på den strøm av individ og enkeltmenneske vi tek imot. Dette er viktig både for etnisk mangfold og økonomisk styrke. Men om religionen deira er ein trussel mot det beståande fellesskap, må den behandlast, anten gjennom rehabilitering, Innlæring eller gjennom det vi kallar ”statlig avskjed”. Om innvandrarane ynskjer å halde på sin kultur, vil dei få som ultimatum å forlate dei kulturelle attributtane sine, eller forlate landet. Staten vil sørgje for heimreise og dei økonomiske byrdar ved opphaldet. Det her er, slik vi ser det, fundamentalt i korleis ein held eit nasjonalt fellesskap ved hevd.

Kultur og utdanning

Utdanning

Kultur og utdanning er meget viktig, og eit samfunn kan ikkje halde ut utan eit tilstrekkeleg subsidie til desse formåla. Vi vil fjerne privat undervisning, og innføre ein god kristen skulegong for eitkvart barn. Vi i KIP trur på skapnadsfortellinga, og ser den likegod med Darwins utviklingslære. Naturfaget vil bære preg av det her, og desse lærane vil sidestillast 50 %. Vi trur også at ein større mengde kristendomsundervisning vil skape gode, sunne og heilhetlege individ. Gudetrua vil slik bli forsterka, og individet vil møte lykke. Dei andre faga vil vi prøve å halde som før. Vi vil difor framleggje forslag om forlenga skuledag i barneskulen.

Kultur

Kulturen er samfunnets morsmelk. Difor vil vi ikkje neglisjere signifikansen av denne faktoren. Vi vil sponse eitkvart kulturelt tiltak som tjener gode ideal, og som ikkje skader fellesskapet. Eitkvart individ har rett til å halde augo og øyror opne, og eitkvart individ må kunne skånast for usømmeleg, sårande eller syndig påverknad.

**


Det her var kun eit tverrsnitt gjennom det Kristlege InkvisisjonsParti. Det vil seie – fleire kapittel, slik som rettsleg system, straff, sjølve Innlæringsprosessen, miljø og forsvar vert utelete. Det her vert gjort av plassmangel, og den tru at om eit innlegg blir for langt, ja, da vil ingen orke lese det. Om du ynskjer å lese heile programmet, kan du kontakte ditt nærmaste bibliotek for opplysningar. Vi har dessuten såkalla ”stands” i fleire byer den her sumaren, mellom anna i Førde, Stavern, Horten, Halden, Grimstad, Sogndal, Steinkjer og Bodø. Kom gjerne innom på ein kopp kaffi!

Vi håpar vi får din stemme til haustens stortingsval!

Vennleg helsing

Jan Sahl, partiformann

Torunn Helene Alvdal, partisekretær

Børge Tiller Mathiassen, iaramedlem

Samuel R. Fisknes, innpisker

”Lev for andre!”

tirsdag 19. mai 2009

Evolusjonsteori og anna vås!


Fyllefanten, opiumsmagnaten og skjøgemishandlaren Charles Darwin utga verket Artene sitt opphav i 1848, kor han i bastante vendingar, utan argument, påstår at Herren ikkje finnast, og at mennesket ikkje har verte skapt av ei guddommeleg kraft, men derimot av aper. Å seie at mennesket, med sin moral, si innsikt, si trong til eit metafysisk verdsbilete, skulle vore skapt av primatar – ja, det fell på sin eige logiske brist. Mennesket er det høgaste av jorda sine skapningar. Så kjem aper og katter, hestar og børstedyr. Hundar ligg ein stad mellom slanger og kampiglar, med sin syndige og fråtsande natur.
No er det ei kjensgjerning at mennesket nettopp har avla fram hundar. Enkelte rasekatter finnast det også. Hester er så og seie eit gedigent avlekonsept. Og venstrehandsarbetet muldyr, som ein helst skulle sett bort i frå, er diverre også eit produkt av den utøylelege kreativiteten vår. Alle desse dyra er det mennesket som har skapt, og antakeleg kan enkelte primater, slik som naseape og skrømtape, også sporast tilbake til mennesket si utrulege skapingsemne. Darwin snur på det her perspektivet, etter at han i 7 år hadde seila rundt på Stillehavet og sådd sine djevelfrø i underlivet på filippinske tenåringsjenter. Han hadde visstnok henta prov på mennesket si byrjing: ”Mennesket vart skapt av aper!” seier han, og overser resolutt den fleire tusen år gamle historien som står nedskrive i Bibelen. Kva for prov har du på det her, spurte folk. ”Treng ein prov da? Sjølv trur eg ikkje på Gud, så…” Det er lett å tru ein har rett, når ein er pumpa full på billig vermut og sydhavssol. Eg skal ikkje røyre det her håplause argumentet noko meir, men eg skal berre stille eit gyldent spørsmål til darwinistane som eg meiner kan sette dei på plass ein gong for alle: Dersom mennesket vart skapt av aper, - kvifor har intelligensen hjå primatane sunke som ein stein etter dette? Det høyrar ikkje heime! Eller for å bruke Darwin sine tanker mot han sjølv: Korleis kan ei ape vere smart nok til å skape eit høgare levende vesen, for så å vandre tilbake i skogen etterpå og leve livet saman med ukristna stammefolk og skorpionar? Da går i så fall utviklinga i feil retning…Tenk litt på det!
No les eg i Dagbladet og VG. Dei har funne ei ”halv ape”, ein ”missing link” som visstnok var ei slags skisse utforma av apene før dei kom fram til sjølve menneskeskapnaden. Dei med eit snev av vett veit at dette er tøv, slik nattkjolen til ei gamal sjukeheimsdame viklar seg kring beina hennar, berre for å tvinge henne hovudstups nedover trappa, - ironisk nok ned til likkjellaren! Skal vi ende som ho her gamle dama?
Darwin tok sjølv til vett mot slutten av livet sitt. I ”Erkjenningar”, som vart skrive same året som han døde, medan han gjekk sjuk, skriv han med skjelvande handskrift: ”Eg har gjort ein feil i kalkulasjonane mine. Når eg byrja skrive historia om evolusjonen, - da var eg så sikker på at apene var forfedra til mennesket. Og eg tenkte at Herren ikkje var noko anna enn eit namn. Eg skreiv namnet hans på små lappar som eg kasta i kakkelomnen. Så spytta eg inn i flammane. Men no – når eg er såpass nært kanten – da ser eg at antakingane mine var farga av ungdommeleg dårskap og eit ekstremt hovmod. Evolusjonsteori er ikkje verdt papiret han er skrive på. Herre, tilgi meg!”

tirsdag 12. mai 2009

Homoakrobatikk - den sikraste vei til helvete!


Det er på tide med ein fest til ære for valdtektsmenn, pedofile, homofile, fengselsfuglar, laushundar og kulturhatske pedarastar. Det er på tide for eit lysshow, ikkje ulikt dei gnista som skal falle ifrå himmelen på den ytste dag, som blender unge og eldre, lammar dei og gjer dei til levende daude. Det er på tide å sjå mannfolk i kvinneklede og kvinnfolk i kjolar som oppfordrar til jazz og brunstig charleston. Det er i midta av mai, og militsen Grand Prix Melody Musikkfestival har rusta opp for å gjere resten av verda til syndarar.
Sonen min sa ein gong, etter å ha sett eit av desse showa: ”Det ser ikkje ut til at du får nokre barnebarn, far.”
”Å?” sa eg, klar til å få høyre ei av dei morosame forklaringane hans om alt mellom himmel og jord. ”Kvifor ikkje?”
”Fordi eg skal bli homofil, og andre karar har ikkje livmor!”
Aldri før har eg irettesatt han så mykje, så kraftig, så kraftig som i dei påfygljande to vekene. Han levde så og seie konstant i kottet saman med støvsugaren og klutane, og fekk berre det meist nødtørftige av væske og for. Ein og anna gong fekk han komme ut, slik at jeg fekk kaste vievatn over den nakne kroppen hans, medan eg messa fram dei verste utmaningane mot demonane som augensynleg hadde infisert det unge legemet. Ein gong i timen gjekk eg bort til den stengte døra og snakka til han fra utsida. Eg spurte kva han var. Han var eit menneske, sa han. Eg sa han var ein hund, og fekk han til å gjenta. Eg kunne høyre gråten hans om natta, og da gråt eg også – for eg visste at det her måtte gjerast, same kor strengt det kunne synast, om eg skulle få guten min tilbake. Den sekstende natta etter kommentaren fekk guten kome ut igjen, lutryggja og skamfull. Eg spurte kva han var. Han svarte nølande og usikker at han var ein hund. Da sa eg: ”Nei, du er ikkje ein hund. Du er eit av Herren sine barn, for du har renska deg sjølv for synd her i det jordiske livet.”
Grand Prix Melody Musikkfestival har nok kome for å bli, saman med HIV og gulsott. Men det tyder ikkje at vi må sjå svartskapet. Det er ditt val, og det er di sjel. På den ytste dag vil du uansett få føle kva det vil seie å stå til rette for tjuveri, valdtekt og homoakrobatikk. Herren er ikkje nådig.

mandag 11. mai 2009

Børge tek i mot spørsmål!


Eg har nyst lese enkelte kommentarar her på bloggen min, kor identiteta mi mellom anna blir lagt under tvilas svoveldampande argustortur. Det blir kasta antakinger i aust og vest, lik ein svartmagikar hiv formlar og heksesaft rundt seg når han vil mennesket til livs: ”Børge har ikkje vore misjonær i verken Kongo eller Somalia! Eg finn ikkje namnet hans i Pinserøyrsla sine register!” Eg kjenner ungdom. Og eg kjenner dumskapen når eg ser han; ein tjafsgut på rundt 15 år, med pigg og hestehale, som slafsar i seg Sorbits medan Walkie-Talkien pumpar oppviglersk popjazz inn i øyregangane hans. Det er desse som kastar slike ord om meg. Det er desse som har drukke av lygna, lik ein alkoholiker heller vermut like ned i fyllehalsen sin! Tjafsguten har funne han her bloggen, for han er ikkje berre ein fontene av dumskap og manglande vett; han vil og fronte homofile og valdtektsmenn, laushundar og riving av kyrkjer. Han ser kven som hindrar han i å gjere desse ugjerningane, og når ein ikkje kan bruke vald og truslar for å halde fienden skjult, gjer han det nest beste – å late som han ikkje finst.
Tjafsgut, eg og Menigheita mi flira av deg på siste torsdagsmøte, for alle fant det morosamt at enkelte ikkje trudde eg hadde vore på misjonsturane mine. ”Det skulle teke seg ut!” sa ein pjokk på knappe 6 år. Han fekk sitte på fanget mitt etter tjensta, berre for at han ironiserte så godt over denne hunden av eit menneske.
Men om dykk absolutt tvilar, kan eg like gjerne opne for spørsmål og svar her på bloggen. Så i kommentarfeltet kan kven som helst gi meg sine spørsmål, og eg skal grave i mitt meist ærlege og oppriktige sinn for å finne svara.
Og Tjafsgut: Vi skal greie det her saman! Kjenner du varma?

PS No har eg registrert meg på Bloggurat.

tirsdag 5. mai 2009

Nina Karin Monsen - ei vaskekone i homokloakken!




Ikveld feirast homoforkjempar Nina Karin Monsen med Prisen for Fritt Ord, og eg vil i det her høve seie nokre ord om filosofen og altruisten som har vore såpass generøs mot Noreg som nasjon. Som forventa vart det gjort skam på utdelinga gjennom høglydte protestar ifrå eit samla korps av valdtektsmenn, kvinnehatsforkjemparar, homofile og fengselsfuglar. Monsen sitt argument om at homofili er spira til sjukdom og katastrofe, og at ein berre kan sjå mot dei gamaltestamentlege historiane om Sodoma og Gomorra for å skjønne kvifor, blir effektivt oversett av kritikarane. Det synast viktigare for ein homofil å ha retten til å tømme kvitgufset sitt utover ryggtavla til ein ”kamerat” enn å faktisk hindre helvetet i å bli ein urokkeleg del av etterlivet.

Det er difor viktig å skjønne det her: Monsen sin pris ligg ikkje fyrst og framst på kampen mot homofili, men meir på kjærleiken til mennesket, og omsorga ho føler for dei som går sjukdom og helvete i møte. Presten Jerida, som Augustin så vent siterar i verket ”Gud sin by”, seier at ”Den som gjer gale mot dei andre, - han skal brenne i helvetes inste krins i minimum 30 år. Men han som gjer gale mot sin eige kropp, i til dømes homofile orgiar eller guttefestar, - han skal ligge i same krinsa til evig tid, og han skal ha det dobbelt så grueleg som anna sjelar.” No kan kanskje den her aforismen synast litt streng og krass. Men kjernen i han er sann.

Presten Jerida fall sjølv som offer for homofil valdtekt i ei bakgate i Ephesus, medan kameratar av valdtektsmannen trippa rundt på brusteinane og flira av heile situasjonen. Ein kan lære av historia, liksom ein bilsjåfør kan sjå i akterspegelet for å danne seg eit billete av det som ligg framme. Tankane går hen til klassikaren ”Apeplaneten”, kor ein av hovudkarakterane mot slutten rir langs ei strand og ser Fridomsgudinna stå halvt grava ned i sanda. Det viser seg at apene, som har befolka planeten dei har reist til, har hamra sund Gudinna, for så å ta med seg overdelen av ho til sin eige planet, for så å grave ho ned. Men fortida grev fram ho, vinden feier sanda vekk med tida til hjelp, og snart viser det seg kva apene har gjort. Fortida har innhenta notida, og hovudkarakteren skrik og jamrar seg, medan han slår med ein ildsint knyttneve i strandkanten: ”Kvifor måtte dykk hogge ho sund før dykk tok ho med dykk?” Er det ikkje litt slik vi føler oss no, - no som vi ser tilbake på tida da homofili ikkje var ein trend, men rett og slett den sjukdomen den alltid har vore?
Nina Karin Monsen har fått den prisen ho fortjener, for i kjærleika hennar til mennesket kan ein sjå eit snev av håp – eit håp om at kvinner ein gong skal sjåast som verkelege menneske, at homofile og pedarastar skal finne hjelp for sjukdomen utan blygsel for å bli døymt, at verda ikkje skal finne restene av ei Fridomsgudinne sønderslagen av aper på ein framad planet.

lørdag 25. april 2009

Homofil propaganda i fåreklede


Kim Friele drep nok ein gong ytringsfridomen med sine dampande lesbiske innlegg. Og det er i det her høve på sin plass å ta fram ein godbit ifrå filmhistorien, like metaforisk som den er underleg. Eg pratar om filmen Bussen ifrå 1995, - det realistiske dramaet med den framifrå skodespelaren Sandra Bullock, som med sitt prima vett kjempar mot ein skokkjøyrd buss. Historia er som så: Bussen har ei bombe omhyggeleg festa til understellet, og eksplosiva er satt til å gå av dersom bussen aukar hastleiken til over 100 kilometer i timen. Sandra Bullock, godt oppdekt av detektiven Reeves, blir tvunge halde seg under grensa. Og eg spør - er det ikkje slik vi alle føler det? Er ikkje vi i full fart mot ho her fartsgrensa? I ein minneverdig sekvens av filmen snur Sandra Bullock seg mot kamera, bryt den fjerde veggen, og seier: "Er vi ikkje alle i han her bussen, sjølv dykk som sitt heime og ser på?"
Det er mykje sant i det her. Kim Friele har for lengst skutt fart mot grensa, og bomba tikkar lik hjartet til ein ungkalv. I eit intervju med Adresseavisa (13.3.09) sa Kim Friele at ho synast at "alle som var i mot homoekteskap burde døy i ei eller anna trafikkulykke". Det må seiast å vere svært uklokt av Friele å ytre ein slik bastant haldning i spørsmålet om korvidt syndarar skal lefle med ungar. Medan eg skriv det her sitt eg og gret, medan eg ser Bibelens gyldne forskriftar kring fartsgrense. Eg ser det for meg: Friele på Bussen, medan ho stadig tvilar over si tru og forbannar Herren for dei åreknutane som nylig har blomstra i underlivet hennar. Og Bussen skeinar i eit skjebnefullt augenblink til høgre i ein venstresving. Og sjå - Friele fyk ut av frontruta, medan ho kastar ukvemsord til Herren og sitt eige syfilisherja kjød. "Bussen" kan ikkje berre sjåast som eit filmepos, men derimot som ein fullkommen metafor på samfunnet, på verda, på livet.

Til slutt ein metafor: Kim Friele står på sin høge kjepphest, i ein ridderrusting blank som gjenskinnet av Ulmskatedralen, og i horisonten dukkar det nett opp ein anna ridder. Kva er namnet, spør du? Han heitar Bibelen. Og med sitt spjut av rettferd og glitrande omdøme får han lenka ho ned til bakken med kjettingar av gull. Og ifrå den svoveldampande ånden hennar høyrast skrik om frelse, skjønt den svarte ridderen held ikkje selskap for sjela hennar. Og for kvar røyrsle ho gjer med hender og føter strammar kjettinga seg meir fast. Det her kan nærmast samanliknast med ein buss. Sjå for dykk. Ein buss som har ei bombe montert på understellet, og som er satt til å gå av dersom bussen bryt fartsgrensa. Er det her vi vi gå? er det her vi vil kjøyre? Er det her vi vil ende liva våre?

Medan eg skriv det her sitt eg og gret.

P.S. Torunn, - ta med deg gitaren på neste onsdagsmøte (smileteikn). Kva gjorde han hunden på forrige møte? Andletet hans likna eit kart. Eg vil ikkje ha han der neste gong. MVH Børge

3. Mosebok. 8.31."Og Moses sagde til Aron og sønerne hans; - "De skal sjoda kjøtet i døri aat møtetjeldet og eta det attaat brødet som er i vigsle offerkorgi; for so hev Gud sagd med meg: "Aron og sønerne hans skal ete det." hev han sagd.

fredag 24. april 2009

Homofili - samfunnet sin bakteriesykdom?


I 1. Mosebok, 19. Kapittel, høyrar vi om byane Sodoma og Gomorra. No som homodebatten er i full gang igjen, og alle som ein igjen må ta stilling til om korvidt det er rett at syndarar og pedarastar skal ha høve til å avle ungar, er det på høg tid å supplere litt kunnleik kring desse byane. For det var her det skjedde – homofilien, som ein bakteriell samling av puss i hjartet til innbyggarane, byrja utvikle seg til å bli den gedigne epidemi han er i dag. Sykdommen tok ulike formar, som tronga til å drive valdtekt mot framande kvinner under falma neonlys i ei spelebule; som tronga til å stige opp på eit trespann i fjøset, for så å ha viljen sin med ei brunstig ungkvige; som tronga til å drepe sin granne med ei ildrake, for så å drive synd med underlivet hans før rotninga byrjar. Og homofilien, som er det meist groteske av alle former for perversitetar, sidan det her er snakk om to syndarar som saman har forlatt Gud, og som nok er den psykiske lidinga som er meist utbredt i Vesten i dag. Men vi skal ikkje snu ryggen til. Vi skal ha armane ope for dei som treng hjelp, - til og med drapsmenn, fengselsfuglar og homofile. Og vi skal frelse om dei gjer seg open for tilgjeving.

Men sjølve oppgjeret må dei ta på ytste dag, då Herren kallar dei inn på teppet. Korvidt livet dei har levd resulterer i himmel eller helvete, er eit spørsmål dei diverre ikkje får svar på før tida er inne, og forskarar er også usamd om det her. Men spør du meg, er eg bortimot sikker på at Herren i hvert fall ville ha gitt dei ein klekkeleg heisatur i Skjærselden, om ikkje anna. Straffeutmålinga blir nok prega av om korvidt syndaren hadde prøvd å søkje hjelp i det jordlige livet, og om han hadde drept og hatt viljen sin med dyr i tillegg. Alt dette vil spele inn på utmåling av straffa.

Sodoma og Gomorra brant ned, og Lot var den einaste som berga. Hustrua hans – eit nyfikent hespetre utan fnugg av fornuft – stivna til ei verdilaus saltstøtte då ho skua seg tilbake under flukta. Dette er eit billete på dei av oss som unngår å handle. ”Kva er galt med det?” seier dei. ”Er det ikkje kjærleik den hugen eit dyr og eit menneske kan vise kvarandre? Er det gale å så sin sæd over halerota til eit klovdyr? Skal ein ikkje trosse reglane Herren har satt for oss?” Dei passive, dei stivna, dei av oss som gjerne vil sjå at verda blir øydelagt, men som ikkje bryr seg om å gjere noko med det. Vi lever i Sodoma no. Må vi vente til vi blir tvunge flykte, eller kan vi ta affære og drive ut den sykdomsånden som har tatt bolig i såpass mange, som driv unge til vald og syfilis og lammelsar i underlivet og attrå for alt ifrå kveg til insekt og jødehat og terror og tyveri av barnelik? Skal vi drive ut denne ånden saman?