
No har det seg slik at eg er ørkeslaust glad i mennesket, båe kvinner og menn, svarte og kvite, små og store. Nokre gonger vaknar eg midtveis gjennom natta, berre for å gråte høglydt over dei ugjerningar som vart gjort mot til dømes jødane i Midtaust-konflikta, eller mot israelske kvinner og barn da palestinske pøblar bombaderte Jerusalem med høgteknologiske drapsrakettar. Men nokon gong treng ei folkegruppe hjelp, dei treng bistand for å komme seg på rett kjøl igjen. Eg har før plassert homofile og fengselsfuglar i den her kategorien. No er det kvinnerasen sin tur.
Den fyrste kvinna i verda var som kjend Eva. Og som historia fortel narra Eva han Adam med eit eple ifrå syndas tre, og kasta liksågodt heile skaren av etterkommarar i same helvetessporet, med fødesmertar, menstruasjon, svakleg fysikk og hormonelt virvar. Under Grand Prix Melody Festival den 16. Mai, kor for øvrig homofantasten Alexander Rybak stakk av med fyrstepremien, forvalta floksa Synnøve Svabø mikrofonen ifrå kontrollrommet. Aldri før har kvinnesinnet verte så ettertrykkeleg tverrsnitta som i dei tre timene kjeften hennar spydde tjafs og tomme ord. Det er lett å tolke det dit hen at Svabø ville befeste sin rolle som kvinne under ho her sendinga, og at tronga hennar for å vere feminin overtok for kravet om journalistisk integritet. Her er nokre smakebitar ifrå det makelaust bisarre showet, som for øvrig har føyrd til ei komplett bannlysing av showet innad i foreninga, samt i min eige heim:
”Eg høyrar meist med i selskap kor horer, pedofile og homofile vanker, - slik som her, på Grand Prix Melody Music Festival.” (Synnøve Svabø like etter Grekenland sitt bidrag)
”Eg brukar tennissokkar for å gjere brysta mine større.” (Synnøve Svabø brukar den siste energien i kroppen til å sabotere Noregs Stian Barsnes Simonsen og poengstemmane)
”Ein gong menstruerte eg utover pleddet til sonen min, som ein aprilspøk.” (Synnøve Svabø peilar oppmerksemda i retning seg sjølv, like etter fyrste avbrekk i framføringane)
”Det var Tyskland sitt bidrag. Wollen sie Bumsen, Helga?” (Synnøve Svabø etter Tyskland sitt bidrag. Eg omsett ikkje det tyske sitatet i den her samanhengen!)
”I løpet av ungdomstida mi var eg så og seie konstant utsatt for infeksjonar i underlivet. Tore, veit dykk – Tore det var liksom eksen min…eller - han er eksen min, men var kjæresten min – Tore var utro mot meg, og eg ville ha hemna mi, så eg tok eit fotografi av kjønnet mitt, slik det såg ut, infeksjonsherja og dampande grueleg, og sende det rundt i konvoluttar til alle jentene som hadde eit auge til han – der i blant ho tøyta, ho hora som lura han ifrå meg. Så stod det, liksom, med raud skrift på biletet: Slik ser underlivet mitt ut etter at eg og Tore har hatt samkvem. Hald dykk langt frå han. Han er eit katastrofeområde! Der var Romania sitt bidrag slutt.” (Synnøve Svabø byrjar allereie i sistrefrenget av Romania å spreie info om fortida si)
”Hestar er ålreite dyr, - båe til kos og som seksuelle partnarar. Nei da, eg berre tuller. Eg sett grensa på hund” (Synnøve Svabø flyt over breddene sine like etter Sverige sitt innslag.)
Kva fortel desse sitata? At Grand Prix Melody Music Festival er eit sted kor synd og vald finn saman lik eit gamalt ektepar? At kvinner ikkje veit å styre munnbruken, sjølv ikkje med ein mikrofon plassert i åsynet? At homofile gjer skam på alle former for kulturell røyrsle? Alle desse tre hypotesar inneheld sentrale viktige poeng, - ikkje minst poenget om at synda har gripe fatt i sjølvaste kjerna av det Grand Prix står for: Spennet mellom homofil kjærleik på den eine sida, og ein fascinasjon for vald og tvang på den andre sida. I krysninga mellom ufornuft og syndefullt attrå finn kvinna seg til rette, - og sjølv om det berre er Synnøve Svabø eg no pratar om, finnast det tusenvis av kvinner rundt omkring som uttalde dei same frasene. Men dei har ikkje mikrofonen retta mot kjeftamentet.
For høyr: Igjen rekk eg ut handa. Igjen blomstrar kjærleiken min, fyrst og framst fordi eg ensar at ei gruppe i samfunnet treng hjelp. Herren elsker sine små og sårbare.
Stå på, jenter! Dette greier vi!