Viser innlegg med etiketten Helvete. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Helvete. Vis alle innlegg

tirsdag 12. mai 2009

Homoakrobatikk - den sikraste vei til helvete!


Det er på tide med ein fest til ære for valdtektsmenn, pedofile, homofile, fengselsfuglar, laushundar og kulturhatske pedarastar. Det er på tide for eit lysshow, ikkje ulikt dei gnista som skal falle ifrå himmelen på den ytste dag, som blender unge og eldre, lammar dei og gjer dei til levende daude. Det er på tide å sjå mannfolk i kvinneklede og kvinnfolk i kjolar som oppfordrar til jazz og brunstig charleston. Det er i midta av mai, og militsen Grand Prix Melody Musikkfestival har rusta opp for å gjere resten av verda til syndarar.
Sonen min sa ein gong, etter å ha sett eit av desse showa: ”Det ser ikkje ut til at du får nokre barnebarn, far.”
”Å?” sa eg, klar til å få høyre ei av dei morosame forklaringane hans om alt mellom himmel og jord. ”Kvifor ikkje?”
”Fordi eg skal bli homofil, og andre karar har ikkje livmor!”
Aldri før har eg irettesatt han så mykje, så kraftig, så kraftig som i dei påfygljande to vekene. Han levde så og seie konstant i kottet saman med støvsugaren og klutane, og fekk berre det meist nødtørftige av væske og for. Ein og anna gong fekk han komme ut, slik at jeg fekk kaste vievatn over den nakne kroppen hans, medan eg messa fram dei verste utmaningane mot demonane som augensynleg hadde infisert det unge legemet. Ein gong i timen gjekk eg bort til den stengte døra og snakka til han fra utsida. Eg spurte kva han var. Han var eit menneske, sa han. Eg sa han var ein hund, og fekk han til å gjenta. Eg kunne høyre gråten hans om natta, og da gråt eg også – for eg visste at det her måtte gjerast, same kor strengt det kunne synast, om eg skulle få guten min tilbake. Den sekstende natta etter kommentaren fekk guten kome ut igjen, lutryggja og skamfull. Eg spurte kva han var. Han svarte nølande og usikker at han var ein hund. Da sa eg: ”Nei, du er ikkje ein hund. Du er eit av Herren sine barn, for du har renska deg sjølv for synd her i det jordiske livet.”
Grand Prix Melody Musikkfestival har nok kome for å bli, saman med HIV og gulsott. Men det tyder ikkje at vi må sjå svartskapet. Det er ditt val, og det er di sjel. På den ytste dag vil du uansett få føle kva det vil seie å stå til rette for tjuveri, valdtekt og homoakrobatikk. Herren er ikkje nådig.

mandag 11. mai 2009

Børge tek i mot spørsmål!


Eg har nyst lese enkelte kommentarar her på bloggen min, kor identiteta mi mellom anna blir lagt under tvilas svoveldampande argustortur. Det blir kasta antakinger i aust og vest, lik ein svartmagikar hiv formlar og heksesaft rundt seg når han vil mennesket til livs: ”Børge har ikkje vore misjonær i verken Kongo eller Somalia! Eg finn ikkje namnet hans i Pinserøyrsla sine register!” Eg kjenner ungdom. Og eg kjenner dumskapen når eg ser han; ein tjafsgut på rundt 15 år, med pigg og hestehale, som slafsar i seg Sorbits medan Walkie-Talkien pumpar oppviglersk popjazz inn i øyregangane hans. Det er desse som kastar slike ord om meg. Det er desse som har drukke av lygna, lik ein alkoholiker heller vermut like ned i fyllehalsen sin! Tjafsguten har funne han her bloggen, for han er ikkje berre ein fontene av dumskap og manglande vett; han vil og fronte homofile og valdtektsmenn, laushundar og riving av kyrkjer. Han ser kven som hindrar han i å gjere desse ugjerningane, og når ein ikkje kan bruke vald og truslar for å halde fienden skjult, gjer han det nest beste – å late som han ikkje finst.
Tjafsgut, eg og Menigheita mi flira av deg på siste torsdagsmøte, for alle fant det morosamt at enkelte ikkje trudde eg hadde vore på misjonsturane mine. ”Det skulle teke seg ut!” sa ein pjokk på knappe 6 år. Han fekk sitte på fanget mitt etter tjensta, berre for at han ironiserte så godt over denne hunden av eit menneske.
Men om dykk absolutt tvilar, kan eg like gjerne opne for spørsmål og svar her på bloggen. Så i kommentarfeltet kan kven som helst gi meg sine spørsmål, og eg skal grave i mitt meist ærlege og oppriktige sinn for å finne svara.
Og Tjafsgut: Vi skal greie det her saman! Kjenner du varma?

PS No har eg registrert meg på Bloggurat.

tirsdag 5. mai 2009

Nina Karin Monsen - ei vaskekone i homokloakken!




Ikveld feirast homoforkjempar Nina Karin Monsen med Prisen for Fritt Ord, og eg vil i det her høve seie nokre ord om filosofen og altruisten som har vore såpass generøs mot Noreg som nasjon. Som forventa vart det gjort skam på utdelinga gjennom høglydte protestar ifrå eit samla korps av valdtektsmenn, kvinnehatsforkjemparar, homofile og fengselsfuglar. Monsen sitt argument om at homofili er spira til sjukdom og katastrofe, og at ein berre kan sjå mot dei gamaltestamentlege historiane om Sodoma og Gomorra for å skjønne kvifor, blir effektivt oversett av kritikarane. Det synast viktigare for ein homofil å ha retten til å tømme kvitgufset sitt utover ryggtavla til ein ”kamerat” enn å faktisk hindre helvetet i å bli ein urokkeleg del av etterlivet.

Det er difor viktig å skjønne det her: Monsen sin pris ligg ikkje fyrst og framst på kampen mot homofili, men meir på kjærleiken til mennesket, og omsorga ho føler for dei som går sjukdom og helvete i møte. Presten Jerida, som Augustin så vent siterar i verket ”Gud sin by”, seier at ”Den som gjer gale mot dei andre, - han skal brenne i helvetes inste krins i minimum 30 år. Men han som gjer gale mot sin eige kropp, i til dømes homofile orgiar eller guttefestar, - han skal ligge i same krinsa til evig tid, og han skal ha det dobbelt så grueleg som anna sjelar.” No kan kanskje den her aforismen synast litt streng og krass. Men kjernen i han er sann.

Presten Jerida fall sjølv som offer for homofil valdtekt i ei bakgate i Ephesus, medan kameratar av valdtektsmannen trippa rundt på brusteinane og flira av heile situasjonen. Ein kan lære av historia, liksom ein bilsjåfør kan sjå i akterspegelet for å danne seg eit billete av det som ligg framme. Tankane går hen til klassikaren ”Apeplaneten”, kor ein av hovudkarakterane mot slutten rir langs ei strand og ser Fridomsgudinna stå halvt grava ned i sanda. Det viser seg at apene, som har befolka planeten dei har reist til, har hamra sund Gudinna, for så å ta med seg overdelen av ho til sin eige planet, for så å grave ho ned. Men fortida grev fram ho, vinden feier sanda vekk med tida til hjelp, og snart viser det seg kva apene har gjort. Fortida har innhenta notida, og hovudkarakteren skrik og jamrar seg, medan han slår med ein ildsint knyttneve i strandkanten: ”Kvifor måtte dykk hogge ho sund før dykk tok ho med dykk?” Er det ikkje litt slik vi føler oss no, - no som vi ser tilbake på tida da homofili ikkje var ein trend, men rett og slett den sjukdomen den alltid har vore?
Nina Karin Monsen har fått den prisen ho fortjener, for i kjærleika hennar til mennesket kan ein sjå eit snev av håp – eit håp om at kvinner ein gong skal sjåast som verkelege menneske, at homofile og pedarastar skal finne hjelp for sjukdomen utan blygsel for å bli døymt, at verda ikkje skal finne restene av ei Fridomsgudinne sønderslagen av aper på ein framad planet.

onsdag 22. april 2009

Røkke – ein pirahna i helvetes stinkande lavasjø.




Kjell Inge Røkke har lenge vore ein pådrivar for stormannsgalskap, rettferdshat og rovkapitalisme. Han sa i eit intervju med Dagens Næringsliv (14. 3.09., s 23-24) at han helst såg at ”folk som har ’unødig’ trang til sosialstønad kunne legge seg og duve i bølgene i Oslofjorden, med hovudet liggande som ei blåse, slik at eg kan kjøyre over andleta deira med båten min. Så skal eg byggje ei hytte over grava deira etterpå!”

Det må seiast å vere høgst uklokt av ein såpass profilert mediaperson som Kjell Inge Røkke å fronte slike fordommar mot fattige mennesker. Jesus sa i si tid at ein skal elske sin neste. Det er mykje sant i desse orda. Ein skal holde av alle mennesker, også fattige – og ein skal gi av seg sjølv og sine eigendommar for å hjelpe folk i armod. Røkke snur litt på det her argumentet. Han seier at vi skal ”kjøyre over andleta deira med båten” (ibid.). Allereie her bør det vere klart at Røkke legg seg på ei linje kor rovkapitaistar og kaksar er dei verdifulle, medan fattigrusk har same livsrett som ei flyteblåse. Som ein litt klomsete metafor kan ein nesten seie at han har fila til hjørnetennene sine med ei baufil han har funne inst inni vaskekottet heime, - eit vaskekott han ikkje har opna på fleire veker – slik at tennene til forveksling liknar dei varulvar og hekser trampar rundt med.
På pressekonferansen nylig vart Røkke hagla med spørsmål om korvidt han trur på Gud, og om kva for trustretning han vedkjenner seg. Til det her rista han berre på hovudet. Det er tydelig at kristen tru ikkje er eit av kampsakane til det her kasuset. Og det er kanskje difor han nettopp har hamna i den posisjonen han no sitt i. Løgn og bedrag er sjølvaste føden for ein pirahna i helvetes stinkande lavasjø.