onsdag 22. april 2009

Røkke – ein pirahna i helvetes stinkande lavasjø.




Kjell Inge Røkke har lenge vore ein pådrivar for stormannsgalskap, rettferdshat og rovkapitalisme. Han sa i eit intervju med Dagens Næringsliv (14. 3.09., s 23-24) at han helst såg at ”folk som har ’unødig’ trang til sosialstønad kunne legge seg og duve i bølgene i Oslofjorden, med hovudet liggande som ei blåse, slik at eg kan kjøyre over andleta deira med båten min. Så skal eg byggje ei hytte over grava deira etterpå!”

Det må seiast å vere høgst uklokt av ein såpass profilert mediaperson som Kjell Inge Røkke å fronte slike fordommar mot fattige mennesker. Jesus sa i si tid at ein skal elske sin neste. Det er mykje sant i desse orda. Ein skal holde av alle mennesker, også fattige – og ein skal gi av seg sjølv og sine eigendommar for å hjelpe folk i armod. Røkke snur litt på det her argumentet. Han seier at vi skal ”kjøyre over andleta deira med båten” (ibid.). Allereie her bør det vere klart at Røkke legg seg på ei linje kor rovkapitaistar og kaksar er dei verdifulle, medan fattigrusk har same livsrett som ei flyteblåse. Som ein litt klomsete metafor kan ein nesten seie at han har fila til hjørnetennene sine med ei baufil han har funne inst inni vaskekottet heime, - eit vaskekott han ikkje har opna på fleire veker – slik at tennene til forveksling liknar dei varulvar og hekser trampar rundt med.
På pressekonferansen nylig vart Røkke hagla med spørsmål om korvidt han trur på Gud, og om kva for trustretning han vedkjenner seg. Til det her rista han berre på hovudet. Det er tydelig at kristen tru ikkje er eit av kampsakane til det her kasuset. Og det er kanskje difor han nettopp har hamna i den posisjonen han no sitt i. Løgn og bedrag er sjølvaste føden for ein pirahna i helvetes stinkande lavasjø.

4 kommentarer:

  1. "Jesus elsker alle menneskene. Til og med de fattige". Det var noe av det fineste jeg har lest på lenge, Børge. Noen ganger tenker jeg liksom på at bloggen din er liksom sola. Og du er kanskje Herren eller Jesus eller noe sånt, for jeg blir så glad når du sier ting jeg har tenket på. Kjell Inge Røkke trenger kanskje varmen din mest av alle?

    P.S. Skal vi ta med regnfrakk på neste møte? Du sa no om at vi skulle være ute?

    SvarSlett
  2. Kjell Inge Røkke treng mang ein varm klem, for i sinnet hans koker tankane kring grådighet, sluhet og ondskap. Eg har faktisk tenkt på å kontakte han, om ikkje for anna enn å gi han ei brosjyre om sjølhjelpskurset. Eg møtte han ved eit høve på Skogbruksmuseet på Elverum i 94, og då fekk eg pressa andletet hans ned mot mariusgenseren min medan eg sa at eg tilgir han. Men da flukta han vekk medan han rødma og knurra som eit ungdyr.

    P.S. Regnfrakken skal med! Ta med songboka, kartet du prata om, samt godt humør. Vi skal besøke trengande i nærområdet, og treng kartet for å finne ut kor dei bur.

    SvarSlett
  3. Oki,berre skriv mer..Eg har kasta opp allt..Rökke driver buisness og han ER faktiskt vår GUD.Likt for alle her,,om du ikke liker GUD,finn noen annen.Men det er faktiskt Rökke

    SvarSlett
  4. Berre for det du sa der, - om at han omtala personen er Herren - skal du brenne og forvitre i eit av dei varmaste krinsane i helvete til evig tid. For blasfemi er ikkje noko Gud tek lett på, og tilgjeving kjem ikkje på dusinet.

    Men bøy hovudet ditt inn til meg, mitt barn, og eg kan skjenke deg frelse og tilgjeving. Vi skal greie det her saman!

    SvarSlett