onsdag 29. april 2009


På veggen framom meg har eg to ting hengande, - ting eg søkjar tiltru og tryggleik til dersom fingrane som hamrar fram kjærleiksagitasjonar på tastaturet plutseleg skulle låse seg. Desse to tinga er eit krusifiks og eit billete av ein menneskebaby, nyst klekka ut ifrå moras kjød, framleis med navlestringen hengande etter lik ein astronaut sin einaste kontakt med moderskipet. Krusifikset er kjøpt i Italia, på eit torg i Verona, til ein frykteleg mann med lapp om høgreauget. Eg spytta på han etter eg hadde kjøpt korset. Det er forresten ein meter stort, er laga av blå og grønn neon, og lysar opp heile rommet dersom eg ynskjer det. Enkelte gonger veit eg rett og slett ikkje kva eg skal gjere; om eg skal føle på korset sitt varme etsande lys, eller om eg skal føre dei sitrande og skjelvande fingrene mine bort til mennesket for å kjærteikne det vesle skrukkeandletet. Sjå, eg er så glad i mennesket at eg skjelv! Og så roper eg på eldste sonen min, slik at han kjem inn til meg. Ser du, gut? Ser du hendene mine? Dei skjelv av lykke, av kjærleik, av tru, av håp. Guten min ser redd ut, men det treng han ikkje vere, seier eg. Neonlyset kastar lyset så herlig blått og grønt over andletet hans, medan eg snurrar rundt på kontorstolen, skjelv og gret. Kva er det med deg, pappa? Seier guten, for no har faren hans byrja prate i tunger, og siklet fell i lasar ifrå kjeften. Og eg reiser meg opp etter eit par runder til med stolen, skjelv som han Lars (det er ein på jobben med Parkinson), og kyssar fyrst neonkrusifikset, og dernest billetet av ungen. Ein gong ringte sonen min ambulanser for det her, og då fekk han time i kottet saman med støvsugaren og klutane. For lykke og kjærleik er slett ingen sjukdom!
Kom til meg, kjære menneske, for eg elsker dykk alle!

1 kommentar:

  1. Denne kommentaren har blitt fjernet av en bloggadministrator.

    SvarSlett