mandag 20. april 2009


I dag starta eg fyrste møte i mitt splitter nye sjølhjelpskurs ”Kunsten å vere lys”. Eg hadde anteke eit rimeleg godt oppmøte, for her i Førde har eg eit fint renomè når det gjeld å påverke medmennesker til å gjere rette handlinga. Og sjølvsagt fekk eg rett. Heile 35 velvillige aspirantar ville ha plass i lokalet, enkelte med båe ungar og rullestolbrukarar. For i tråd med den kristne ånd ynskja eg velkommen til alle, sjølv fengselsfuglar og narkoslavar. ”Kunsten å vere lys” er like mykje ei forestilling som eit kurs –ja, ein kan nærmast kalle det eit show. 12 spotlights varmar scenen, 5 på kvar side av scenesenteret, og to på meg. Eg er ikkje akkurat ulik frelsaren der eg står med kvitskjegget, for å seie det slik!
Alle mennesker er like verdifulle, og eg er fyld med kjærleik - båe til mennesket som art og enkeltindividet. Nokre gongar tenkjer eg at eg fekk den her gåva frå Herren, at han sendte meg ned hit for å ta hand om menneskene, ja, kanskje til og med for å ofre meg sjølv for at andre skal ha det bra.
Her er ei anekdote eg starta kurset med, som visar korleis varm og klok ein mann eg er: Da eg var sju år skulle eg til bestemor mi for å ete nybakt brød. Eg gjekk landeveien medan eg sang lovsangar, og på veien møtte eg ein uteligger. Han spurte om eg ikkje hadde ein slant å avsjå, men i stedet for å skjenke han pengene mine ga eg han ein hjarteleg klem. Og sjå, aldri før hadde uteliggaren kjend den her gleden, for tårane spratt medan han sa at han hadde møtt sin frelse. Da eg kom fram til bestemor mi spurte ho kva eg skulle ha på brødskiva. Eg stirra opp på ho og smila. ”Eg, kjære bestemor, - eg skal ha mennesket på brødskiva mi, eg!”
Og her byrjar heile forsamlinga å gapskratte, for eg er ein rein meister til å fortelle historiar.
”Kunsten å vere lys” er egentleg eit fullbooka kurs, men er framleis ope for medlem dersom dykk finn det interessant.
Eg er glad i dykk alle, - valdteksmenn, homofile, mordarar, - for dykk er laga i Herren sitt billete, og hjartet mitt er stort nok for kvar og ein.

2 kommentarer:

  1. Er "Kunsten å vere lys" tilgjengelig som brevkurs? Eventuellt epost?

    SvarSlett
  2. Eg treng ein email-adresse, så kan eg sende notata ifrå kvart møte. Det blir ikkje det showet du hadde oppleve dersom du hadde vore der, men det er betre enn ingenting.

    SvarSlett