Viser innlegg med etiketten Herren. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Herren. Vis alle innlegg

onsdag 1. juli 2009

Eit monster med tre hovud!


Eg vil gjerne nytte det her høve til å ta til motmæle mot tre tapte sjeler, som i desse urolige tidene har rotta seg saman for å ta meg – den eine ei svakleg sminkedukke med eit anlegg for heroinbruk og ballongar, den andre ein sønderhetsa politikar som vart tvunge slutte i sitt gamle parti grunna ”høgst personlege behov”, og den tredje er eit tomt skall av eit kvinnfolk, så brutalt nedbrote av forfengeleg menstruasjonssnakk at ho kun eksisterar som dogg på sitt eige spegelbilete. Eg vil introdusere ateistane og syndarane Brusfantomet (http://brusfantomet.blogg.no/), Jan Siemensen ((http://www.frie-ytringer.no/)) og xantippen Kathrese ((kathrinekarlsen.blogg.no/blogg.html/). Alle skriv i bloggane sine at dei har forlatt Gud, og at dei no vil herje trollverk på nettet, drive ørkeslaust rundt på syndas lavadampande innsjø, med spark mot båe ungar og kvinner.

Siemensen skriv mellom anna at ”ungar slipp for lett ifrå valdshandlingar” (http://www.frie-ytringer.com/2009/06/29/barn-slipper-for-lett-fra-voldshandlinger/). Det er tydeleg kva for linje han legg seg på, når han hetsar ungar som har verte mishandla, og ansvarliggjer dei for den uretten dei sjølv har verte utsette for. Og det er i tråd med desse meiningane at han no retter muskedundaren i mi retning, i eit innlegg som er så gjennomsyra av hat og demonar at det visseleg driv ei svovelstank ifrå skjermen. Han skriv at Børge Tiller Mathiassen er eit menneske som ”øydelegg det Michael Jackson stod for”. Og da må eg spørre Siemensen: Kva var det han stod for egentleg? Var det jazzmusikk eller valdtekt av ungar? Var det den syndige og upålitelege maska eller var det hunden han alltid bar med seg i ein ryggsekk? Var det å danse "moonrock", eller var det å servere kjeks, drops og sodomi til unge? Ein må kunne kalle det uklokt av ein forhenværande politiker å fronte eit syn kor sjølv ikkje barn er hellig, og eg velgjer å tru at innleggjet hans er meint som satire. Men uansett - Siemensen bommar stygt med sine mørkeblå menneskehatske sprell, og for det skal han lide i etterlivet.

Brusfantomet er eit heroinherja kvinnfolk som har utnytta trygdesystemet i ei årrekkje. Ho driv med utprega jazzslang på bloggen sin, og flørtar openlyst med opiatar under dekknamnet ”Coca”. I eit av sine spirituelle villturar på eit av jarnbanestasjonens toalettbåser, fann ho det for godt å skrive eit hatsk, urimeleg og urettmessig innlegg mot meg, kor ho mellom anna kallar meg ”latterleg” og ”stygg”. No er kanskje utsjåande ein hovudverdi for det her uvesenet, noko som forklarar kvifor bloggen nettopp handlar om ”Korleis eg ser ut, samt korleis eg vil dykk skal sjå ut”, som ho skriv i profilen, godt akkompagnert av biletet som visar ho med kjeftamentet surklande i eit raudvinsglas. Korleis alkoholismen og heroinvanane fer åt med utsjåandet til hennar sjølv – ja, det kan vi berre glede oss til å sjå! Ein får håpe at bloggen hennar er satire eller ironi. I så fall ein dårleg spøk!

Tjuvbeistet Kathrese har, som ho stolt fortel på bloggen sin, ”gjort det til sport å bryte seg inn til gamalt folk midt på natta, for så å spele mørke kadensar på husorgelet”. Ho skriv at ho ALDRI skal flytte hit til Førde, skjønt den gongen ho blir med barn med ein av vestlendingane ho står i med, blir nok situasjonen ein annan. Ho er ei jente av si tid, og har difor via heile sitt vakne liv til det markante egoet (samt sminkeskrinet som høyrar til det her egoet), skjønt på det eksistensielle planet er livet hennar tomt som ein palestinsk leikeplass - ta gjerne ein titt på den såkalla ”konkurransen” hennar, og døym sjølv: http://kathrinekarlsen.blogg.no/konkurranse.html Eg antek at slikt lureri er satire, men ein kan aldri vite! Må Herren ta hand om ho, og sende ho til etterlivet med lyn og sjukdom.

Tilsamans eit troll med vanvittige hensiktar, med eit hat lik Mefisto, og med ei røyndomsoppfatting som liknar filmen ”Grannar” ifrå 1988, med Tom Hanks og Tom Cruice. Og med den her tvilsame ballasten som utgongspunkt for kritikk mot meg, er det ikkje det store problemet å bryte av diskusjonen, utan å flekke tenner, utan å bruke dei store ord. Bibelen seier at det verste beistet skal sjølv lide for sine eigne udådar, slik at andletet flerrast av under himmelfallet. Tenk litt på det neste gong dykk legg eit slikt komplott.

fredag 26. juni 2009

Michael Jackson - hunden er død!


Eit av dei store symbol på pedofil propaganda og kjønnsleg kjærleik til dyr er død, 50 år gamal. Kva som forårsaka hjarteåttaket kan ein berre undre over. Sikkert er det i alle fall at pop og jazzstjerna Michael Jackson endeleg har funne ro i tilværa si, som mildt sagt har vore herja av rettsaker kring den pedofile legninga hans, hundane og apekatta hans Bubble, filmane han har vore med i, samt popsongane hans, som har handla om alt ifrå å slå folk, til å vekke døde til live.
Det vart tidleg klart for Michael Jackson at det ikkje var svart han ville vere. I løpet av ungdomstida si spara han rubbel og bit for å finansiere ein pigmentoperasjon. Og etterkvart som det kvite publikumet fann det for godt å høyre på ein jazzmusikar som var lysare i huden enn anna eksemplar som Jimmi Hendrix og Woodoo King, vaks populariteten til Jackson lik ei celledeling som har vekse seg til å bli ein svulst.
Michael Jackson fann det ofte for godt å provosere, - enten det var pedofili eller å skjære av seg andletsdelar, for så å få ein ufaglærd til å lime dei på igjen. Han levde i sektfarmen Neverland, kor han avla opp gutar på kjeks, soda, selters og peanøtter, medan han ofte lura dei ned i telegrafkontoret for å ha viljen sin med dei. Diverre var det berre i den siste tida at sanninga kom for ein dag.
Som kristen føler eg det umetteleg provoserande at såpass mange hyllar mennesket som har stått for såpass mykje lidingar. Eg snakkar ikkje berre og jazzsongane hans og pedofilien, men også om andletsskjæringa, som han byrja praktisere i tenåra på eige hand(Watson, 1999), før han igongsatte eit av dei største operasjonane (med båe den eine og den andre tydninga) på andletet sitt. Hunden Michael Jackson kjem ingen til å sakne, og i alle fall ikkje eg, som veit at Herren tek meg i mot.
Kvil i fred – I Helvetet!

tirsdag 19. mai 2009

Evolusjonsteori og anna vås!


Fyllefanten, opiumsmagnaten og skjøgemishandlaren Charles Darwin utga verket Artene sitt opphav i 1848, kor han i bastante vendingar, utan argument, påstår at Herren ikkje finnast, og at mennesket ikkje har verte skapt av ei guddommeleg kraft, men derimot av aper. Å seie at mennesket, med sin moral, si innsikt, si trong til eit metafysisk verdsbilete, skulle vore skapt av primatar – ja, det fell på sin eige logiske brist. Mennesket er det høgaste av jorda sine skapningar. Så kjem aper og katter, hestar og børstedyr. Hundar ligg ein stad mellom slanger og kampiglar, med sin syndige og fråtsande natur.
No er det ei kjensgjerning at mennesket nettopp har avla fram hundar. Enkelte rasekatter finnast det også. Hester er så og seie eit gedigent avlekonsept. Og venstrehandsarbetet muldyr, som ein helst skulle sett bort i frå, er diverre også eit produkt av den utøylelege kreativiteten vår. Alle desse dyra er det mennesket som har skapt, og antakeleg kan enkelte primater, slik som naseape og skrømtape, også sporast tilbake til mennesket si utrulege skapingsemne. Darwin snur på det her perspektivet, etter at han i 7 år hadde seila rundt på Stillehavet og sådd sine djevelfrø i underlivet på filippinske tenåringsjenter. Han hadde visstnok henta prov på mennesket si byrjing: ”Mennesket vart skapt av aper!” seier han, og overser resolutt den fleire tusen år gamle historien som står nedskrive i Bibelen. Kva for prov har du på det her, spurte folk. ”Treng ein prov da? Sjølv trur eg ikkje på Gud, så…” Det er lett å tru ein har rett, når ein er pumpa full på billig vermut og sydhavssol. Eg skal ikkje røyre det her håplause argumentet noko meir, men eg skal berre stille eit gyldent spørsmål til darwinistane som eg meiner kan sette dei på plass ein gong for alle: Dersom mennesket vart skapt av aper, - kvifor har intelligensen hjå primatane sunke som ein stein etter dette? Det høyrar ikkje heime! Eller for å bruke Darwin sine tanker mot han sjølv: Korleis kan ei ape vere smart nok til å skape eit høgare levende vesen, for så å vandre tilbake i skogen etterpå og leve livet saman med ukristna stammefolk og skorpionar? Da går i så fall utviklinga i feil retning…Tenk litt på det!
No les eg i Dagbladet og VG. Dei har funne ei ”halv ape”, ein ”missing link” som visstnok var ei slags skisse utforma av apene før dei kom fram til sjølve menneskeskapnaden. Dei med eit snev av vett veit at dette er tøv, slik nattkjolen til ei gamal sjukeheimsdame viklar seg kring beina hennar, berre for å tvinge henne hovudstups nedover trappa, - ironisk nok ned til likkjellaren! Skal vi ende som ho her gamle dama?
Darwin tok sjølv til vett mot slutten av livet sitt. I ”Erkjenningar”, som vart skrive same året som han døde, medan han gjekk sjuk, skriv han med skjelvande handskrift: ”Eg har gjort ein feil i kalkulasjonane mine. Når eg byrja skrive historia om evolusjonen, - da var eg så sikker på at apene var forfedra til mennesket. Og eg tenkte at Herren ikkje var noko anna enn eit namn. Eg skreiv namnet hans på små lappar som eg kasta i kakkelomnen. Så spytta eg inn i flammane. Men no – når eg er såpass nært kanten – da ser eg at antakingane mine var farga av ungdommeleg dårskap og eit ekstremt hovmod. Evolusjonsteori er ikkje verdt papiret han er skrive på. Herre, tilgi meg!”

tirsdag 5. mai 2009

Nina Karin Monsen - ei vaskekone i homokloakken!




Ikveld feirast homoforkjempar Nina Karin Monsen med Prisen for Fritt Ord, og eg vil i det her høve seie nokre ord om filosofen og altruisten som har vore såpass generøs mot Noreg som nasjon. Som forventa vart det gjort skam på utdelinga gjennom høglydte protestar ifrå eit samla korps av valdtektsmenn, kvinnehatsforkjemparar, homofile og fengselsfuglar. Monsen sitt argument om at homofili er spira til sjukdom og katastrofe, og at ein berre kan sjå mot dei gamaltestamentlege historiane om Sodoma og Gomorra for å skjønne kvifor, blir effektivt oversett av kritikarane. Det synast viktigare for ein homofil å ha retten til å tømme kvitgufset sitt utover ryggtavla til ein ”kamerat” enn å faktisk hindre helvetet i å bli ein urokkeleg del av etterlivet.

Det er difor viktig å skjønne det her: Monsen sin pris ligg ikkje fyrst og framst på kampen mot homofili, men meir på kjærleiken til mennesket, og omsorga ho føler for dei som går sjukdom og helvete i møte. Presten Jerida, som Augustin så vent siterar i verket ”Gud sin by”, seier at ”Den som gjer gale mot dei andre, - han skal brenne i helvetes inste krins i minimum 30 år. Men han som gjer gale mot sin eige kropp, i til dømes homofile orgiar eller guttefestar, - han skal ligge i same krinsa til evig tid, og han skal ha det dobbelt så grueleg som anna sjelar.” No kan kanskje den her aforismen synast litt streng og krass. Men kjernen i han er sann.

Presten Jerida fall sjølv som offer for homofil valdtekt i ei bakgate i Ephesus, medan kameratar av valdtektsmannen trippa rundt på brusteinane og flira av heile situasjonen. Ein kan lære av historia, liksom ein bilsjåfør kan sjå i akterspegelet for å danne seg eit billete av det som ligg framme. Tankane går hen til klassikaren ”Apeplaneten”, kor ein av hovudkarakterane mot slutten rir langs ei strand og ser Fridomsgudinna stå halvt grava ned i sanda. Det viser seg at apene, som har befolka planeten dei har reist til, har hamra sund Gudinna, for så å ta med seg overdelen av ho til sin eige planet, for så å grave ho ned. Men fortida grev fram ho, vinden feier sanda vekk med tida til hjelp, og snart viser det seg kva apene har gjort. Fortida har innhenta notida, og hovudkarakteren skrik og jamrar seg, medan han slår med ein ildsint knyttneve i strandkanten: ”Kvifor måtte dykk hogge ho sund før dykk tok ho med dykk?” Er det ikkje litt slik vi føler oss no, - no som vi ser tilbake på tida da homofili ikkje var ein trend, men rett og slett den sjukdomen den alltid har vore?
Nina Karin Monsen har fått den prisen ho fortjener, for i kjærleika hennar til mennesket kan ein sjå eit snev av håp – eit håp om at kvinner ein gong skal sjåast som verkelege menneske, at homofile og pedarastar skal finne hjelp for sjukdomen utan blygsel for å bli døymt, at verda ikkje skal finne restene av ei Fridomsgudinne sønderslagen av aper på ein framad planet.

tirsdag 21. april 2009

Internett bør fjernast

Det er på høg tid å hente fram ei av filmhistoriens verkelege perler, puste støvet av ho, og bringe fram filmframvisaren på kottet. Popkornet knepp som skotsalvar på kakkelomnen. Lyset dempast. Eg kjenner på dei svette handflatene mine at noko stort skal skje. Eg og yngste sonen min skal sjå klassikeren Nettet .
Og kanskje er det fyrst og framst på grunn av alt som har vore i media i det siste, - om ungdommar som har stjåle musikk og filmar fra butikken, for så å legge dei ut på nettsteda Pirate By og Nettby. Eg høyrar om jenter ned i treårsalderen som forvillar seg inn på sider med vald og sex og homofili, og som byrjar seie ord som ”vald” og ”bannskap” før dei har lært seg å gå.
I filmen Nettet, kor Sandra Bullock speler hovudrolla, er det her sjølve temaet – korleis nettet forsøplar liva til brukarane, og i ytste instans øydelegg dei. Sandra Bullock speler nettbrukaren Angela Bennett. Ho har alt. Jobb. Heim. Datamaskin så stor som eit spisebord. Og minne. Men så skjer det at ho forvillar seg innpå ei slik side eg prata om, og livet hennar fell snart i grus…
Mengda av informasjon som Angela blir utsette for, er katastrofal. Ho gløymar telefonnummeret sitt, pinkoden til kredittkortet, ja, til og med kva for hus ho budde i. Alt fordi nettet hadde kapra tankene hennar. I ei minneverdig scene spør Angela seg sjølv: Kor bur eg? Og hu snur seg sakte mot kamera, bryt den fjerde veggen, og seier: Eg bur visst på nettet, eg…
Det er lett å fnyse av han her filmen. Det er lett å avfeie det her som oppspinn, eit fantasifoster. Men sanninga er at mange unge i dag følgjer Angela Bennett sine fotspor. Ungdommen blir ”hacka” av folk som Vidar. Dei blir hjernevaska av all informasjonen slik at også dei gløymer både telefonnummeret og pinkoden. Og kanskje meist av alt – si kristne tru.
Internett er kome for å bli, det er ikkje tvil om det. Pirate By vil sikkert halde fram med å vere samlingsplassen for butikktjuvar og fengselsfuglar. Og sjølv om Angela Bennett til slutt greide å hugse telefonnummeret og adressa si, er det ikkje greit å seie om dagens unge greier det same. Vi bør difor sette grenser for kva sider det norske folk kan sjå. Til dømes er sider med vald, sex, ateistisk, homoerotisk og kjettersk innhald eit av dei meist omfattande problem dei unge støter på (Wolff, 2005). Det er vårt ansvar, som godhjarta altruistar med ein altomfattande kjærleik for alt mennesket står for, å halde folk unna farene. Eg skal avslutte han her artikkelen med eit spørsmål, som et attpåtil let henge som ei gylden perle på erkjenningshorisonten:
Vil vi ende som Angela Bennett? Utan minne? Utan evne til å hugse sjølv dei meist elementære detaljar?