Viser innlegg med etiketten homofili. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten homofili. Vis alle innlegg

søndag 17. mai 2009

Ikkje noko nytt ifrå kvinnefronten!


No har det seg slik at eg er ørkeslaust glad i mennesket, båe kvinner og menn, svarte og kvite, små og store. Nokre gonger vaknar eg midtveis gjennom natta, berre for å gråte høglydt over dei ugjerningar som vart gjort mot til dømes jødane i Midtaust-konflikta, eller mot israelske kvinner og barn da palestinske pøblar bombaderte Jerusalem med høgteknologiske drapsrakettar. Men nokon gong treng ei folkegruppe hjelp, dei treng bistand for å komme seg på rett kjøl igjen. Eg har før plassert homofile og fengselsfuglar i den her kategorien. No er det kvinnerasen sin tur.
Den fyrste kvinna i verda var som kjend Eva. Og som historia fortel narra Eva han Adam med eit eple ifrå syndas tre, og kasta liksågodt heile skaren av etterkommarar i same helvetessporet, med fødesmertar, menstruasjon, svakleg fysikk og hormonelt virvar. Under Grand Prix Melody Festival den 16. Mai, kor for øvrig homofantasten Alexander Rybak stakk av med fyrstepremien, forvalta floksa Synnøve Svabø mikrofonen ifrå kontrollrommet. Aldri før har kvinnesinnet verte så ettertrykkeleg tverrsnitta som i dei tre timene kjeften hennar spydde tjafs og tomme ord. Det er lett å tolke det dit hen at Svabø ville befeste sin rolle som kvinne under ho her sendinga, og at tronga hennar for å vere feminin overtok for kravet om journalistisk integritet. Her er nokre smakebitar ifrå det makelaust bisarre showet, som for øvrig har føyrd til ei komplett bannlysing av showet innad i foreninga, samt i min eige heim:

”Eg høyrar meist med i selskap kor horer, pedofile og homofile vanker, - slik som her, på Grand Prix Melody Music Festival.” (Synnøve Svabø like etter Grekenland sitt bidrag)

”Eg brukar tennissokkar for å gjere brysta mine større.” (Synnøve Svabø brukar den siste energien i kroppen til å sabotere Noregs Stian Barsnes Simonsen og poengstemmane)

”Ein gong menstruerte eg utover pleddet til sonen min, som ein aprilspøk.” (Synnøve Svabø peilar oppmerksemda i retning seg sjølv, like etter fyrste avbrekk i framføringane)

”Det var Tyskland sitt bidrag. Wollen sie Bumsen, Helga?” (Synnøve Svabø etter Tyskland sitt bidrag. Eg omsett ikkje det tyske sitatet i den her samanhengen!)

”I løpet av ungdomstida mi var eg så og seie konstant utsatt for infeksjonar i underlivet. Tore, veit dykk – Tore det var liksom eksen min…eller - han er eksen min, men var kjæresten min – Tore var utro mot meg, og eg ville ha hemna mi, så eg tok eit fotografi av kjønnet mitt, slik det såg ut, infeksjonsherja og dampande grueleg, og sende det rundt i konvoluttar til alle jentene som hadde eit auge til han – der i blant ho tøyta, ho hora som lura han ifrå meg. Så stod det, liksom, med raud skrift på biletet: Slik ser underlivet mitt ut etter at eg og Tore har hatt samkvem. Hald dykk langt frå han. Han er eit katastrofeområde! Der var Romania sitt bidrag slutt.” (Synnøve Svabø byrjar allereie i sistrefrenget av Romania å spreie info om fortida si)

”Hestar er ålreite dyr, - båe til kos og som seksuelle partnarar. Nei da, eg berre tuller. Eg sett grensa på hund” (Synnøve Svabø flyt over breddene sine like etter Sverige sitt innslag.)

Kva fortel desse sitata? At Grand Prix Melody Music Festival er eit sted kor synd og vald finn saman lik eit gamalt ektepar? At kvinner ikkje veit å styre munnbruken, sjølv ikkje med ein mikrofon plassert i åsynet? At homofile gjer skam på alle former for kulturell røyrsle? Alle desse tre hypotesar inneheld sentrale viktige poeng, - ikkje minst poenget om at synda har gripe fatt i sjølvaste kjerna av det Grand Prix står for: Spennet mellom homofil kjærleik på den eine sida, og ein fascinasjon for vald og tvang på den andre sida. I krysninga mellom ufornuft og syndefullt attrå finn kvinna seg til rette, - og sjølv om det berre er Synnøve Svabø eg no pratar om, finnast det tusenvis av kvinner rundt omkring som uttalde dei same frasene. Men dei har ikkje mikrofonen retta mot kjeftamentet.

For høyr: Igjen rekk eg ut handa. Igjen blomstrar kjærleiken min, fyrst og framst fordi eg ensar at ei gruppe i samfunnet treng hjelp. Herren elsker sine små og sårbare.

Stå på, jenter! Dette greier vi!

Alexander Rybak - ein homofil farsott?



Igjen har vi sett det: Trøysteslause homofile driv skamlaus flørt med H.I.V. i Grand Prix Melody Festival og gjer seg lekker for kamera, med kjoler, kvitsnipp, seigmenndrakter, hundekostymar og vampyrklede. Eg kan ikkje komme på ei anna gruppe i samfunnet som kjem til å få såpass mykje brannsår i etterlivet som det homofile vil erfare. Og det er nettopp difor eg kjem inn i biletet.
No har det seg slik at eg er ørkeslaust glad i mennesket. Eg vaknar opp om natta, svett av kjærleik, og forteller meg sjølv at eg aldri skal gjere ein gut eller ei jente fortred. Eg blir ofte stansa på gata, meist av alt fordi eg har lagt ut eit foto av meg sjølv på den her bloggen, - og dei seier at eg er ”ein god mann, full av fryd over anna menneske sine moglegheiter. Kan du leggje ei hand på skuldra mi?” Eg er på mange måter ein helt. Ein ”frelsar”, vil kanskje nokon kalle meg.
Og slik er det med Grand Prix Melody Festival også. Eg er der ikkje for å øydeleggje, men meist for å ”frelse”. Forskarar har prove at homofili er ein sjukdom (Watson, 1998), og det er på sin plass å gje dei som treng det hjelp til å kome gjennom tragedien. Jesus sa at ein skulle hjelpe dei arme. Og måtte Fanden ta meg dersom eg sviktar det kallet eg føler! Fattige, laushundar, fengselsfuglar, homofile – kom til meg, og eg vil leggje ei varm hand over sjela dykkar.
Grand Prix Melody Festival er sjølvaste sjukehuset for homofile, - berre at det ikkje finnst legar, sjukepleiarar eller psykologar der. Er det der vi skulle ha vore? Vi som er interessert i å frelse?
Eg berre spør!
Noreg, med Alexander Rybak i spissen, har no gått til topps i den her tevlinga i synd og sodomi. Alexander Rybak har sjølv sagt at han ikkje deltek i dei homofile aktivitetene Grand Prix Melody Festival arrangerar, sidan han påstår han ikkje er homofil. Men Alexander Rybak er like syndig som djevelen, - og fiolin har alltid vore eit symbol på djevelsk pakt og sjeleleg terror. Og det finst indikasjonar på at synda kokar under huden på han. I eit intervju med Der Bild (4.5.09) fra Tyskland spør journalisten kva for objektar Rybak meiner liknar på mannslemmet. Her ramsar han opp ei omfattande liste med alt ifrå lyktestolpar til fyrtårn, fleire av shampooflaskane hans heime, nokre insekt han har sett på Discovery, kaktusar dersom du fjernar piggane, ei samanrulla avis, og enkelte soppar han har funne i skogen ved bestemor si . På neste spørsmål, kor han blir spurd om hva objektar som minnar han om skamdelane hjå ei kvinne, seier han resolutt: ”Det interesserar meg ikkje”.
Det er tydeleg kva for linje Rybak legg seg på.
Med bakgrunn i det her vil eg tilby handa mi. Eg vil at dei homofile, båe Rybak og tilhengarane hans, skal oppsøkje meg, og la meg vere god mot dem. For det er gjennom kjærleiken at demonene kan utdrivast.
P.S.det same gjeld for valdteksmenn og pedofile. Berre å ta kontakt.

tirsdag 12. mai 2009

Homoakrobatikk - den sikraste vei til helvete!


Det er på tide med ein fest til ære for valdtektsmenn, pedofile, homofile, fengselsfuglar, laushundar og kulturhatske pedarastar. Det er på tide for eit lysshow, ikkje ulikt dei gnista som skal falle ifrå himmelen på den ytste dag, som blender unge og eldre, lammar dei og gjer dei til levende daude. Det er på tide å sjå mannfolk i kvinneklede og kvinnfolk i kjolar som oppfordrar til jazz og brunstig charleston. Det er i midta av mai, og militsen Grand Prix Melody Musikkfestival har rusta opp for å gjere resten av verda til syndarar.
Sonen min sa ein gong, etter å ha sett eit av desse showa: ”Det ser ikkje ut til at du får nokre barnebarn, far.”
”Å?” sa eg, klar til å få høyre ei av dei morosame forklaringane hans om alt mellom himmel og jord. ”Kvifor ikkje?”
”Fordi eg skal bli homofil, og andre karar har ikkje livmor!”
Aldri før har eg irettesatt han så mykje, så kraftig, så kraftig som i dei påfygljande to vekene. Han levde så og seie konstant i kottet saman med støvsugaren og klutane, og fekk berre det meist nødtørftige av væske og for. Ein og anna gong fekk han komme ut, slik at jeg fekk kaste vievatn over den nakne kroppen hans, medan eg messa fram dei verste utmaningane mot demonane som augensynleg hadde infisert det unge legemet. Ein gong i timen gjekk eg bort til den stengte døra og snakka til han fra utsida. Eg spurte kva han var. Han var eit menneske, sa han. Eg sa han var ein hund, og fekk han til å gjenta. Eg kunne høyre gråten hans om natta, og da gråt eg også – for eg visste at det her måtte gjerast, same kor strengt det kunne synast, om eg skulle få guten min tilbake. Den sekstende natta etter kommentaren fekk guten kome ut igjen, lutryggja og skamfull. Eg spurte kva han var. Han svarte nølande og usikker at han var ein hund. Da sa eg: ”Nei, du er ikkje ein hund. Du er eit av Herren sine barn, for du har renska deg sjølv for synd her i det jordiske livet.”
Grand Prix Melody Musikkfestival har nok kome for å bli, saman med HIV og gulsott. Men det tyder ikkje at vi må sjå svartskapet. Det er ditt val, og det er di sjel. På den ytste dag vil du uansett få føle kva det vil seie å stå til rette for tjuveri, valdtekt og homoakrobatikk. Herren er ikkje nådig.

tirsdag 5. mai 2009

Nina Karin Monsen - ei vaskekone i homokloakken!




Ikveld feirast homoforkjempar Nina Karin Monsen med Prisen for Fritt Ord, og eg vil i det her høve seie nokre ord om filosofen og altruisten som har vore såpass generøs mot Noreg som nasjon. Som forventa vart det gjort skam på utdelinga gjennom høglydte protestar ifrå eit samla korps av valdtektsmenn, kvinnehatsforkjemparar, homofile og fengselsfuglar. Monsen sitt argument om at homofili er spira til sjukdom og katastrofe, og at ein berre kan sjå mot dei gamaltestamentlege historiane om Sodoma og Gomorra for å skjønne kvifor, blir effektivt oversett av kritikarane. Det synast viktigare for ein homofil å ha retten til å tømme kvitgufset sitt utover ryggtavla til ein ”kamerat” enn å faktisk hindre helvetet i å bli ein urokkeleg del av etterlivet.

Det er difor viktig å skjønne det her: Monsen sin pris ligg ikkje fyrst og framst på kampen mot homofili, men meir på kjærleiken til mennesket, og omsorga ho føler for dei som går sjukdom og helvete i møte. Presten Jerida, som Augustin så vent siterar i verket ”Gud sin by”, seier at ”Den som gjer gale mot dei andre, - han skal brenne i helvetes inste krins i minimum 30 år. Men han som gjer gale mot sin eige kropp, i til dømes homofile orgiar eller guttefestar, - han skal ligge i same krinsa til evig tid, og han skal ha det dobbelt så grueleg som anna sjelar.” No kan kanskje den her aforismen synast litt streng og krass. Men kjernen i han er sann.

Presten Jerida fall sjølv som offer for homofil valdtekt i ei bakgate i Ephesus, medan kameratar av valdtektsmannen trippa rundt på brusteinane og flira av heile situasjonen. Ein kan lære av historia, liksom ein bilsjåfør kan sjå i akterspegelet for å danne seg eit billete av det som ligg framme. Tankane går hen til klassikaren ”Apeplaneten”, kor ein av hovudkarakterane mot slutten rir langs ei strand og ser Fridomsgudinna stå halvt grava ned i sanda. Det viser seg at apene, som har befolka planeten dei har reist til, har hamra sund Gudinna, for så å ta med seg overdelen av ho til sin eige planet, for så å grave ho ned. Men fortida grev fram ho, vinden feier sanda vekk med tida til hjelp, og snart viser det seg kva apene har gjort. Fortida har innhenta notida, og hovudkarakteren skrik og jamrar seg, medan han slår med ein ildsint knyttneve i strandkanten: ”Kvifor måtte dykk hogge ho sund før dykk tok ho med dykk?” Er det ikkje litt slik vi føler oss no, - no som vi ser tilbake på tida da homofili ikkje var ein trend, men rett og slett den sjukdomen den alltid har vore?
Nina Karin Monsen har fått den prisen ho fortjener, for i kjærleika hennar til mennesket kan ein sjå eit snev av håp – eit håp om at kvinner ein gong skal sjåast som verkelege menneske, at homofile og pedarastar skal finne hjelp for sjukdomen utan blygsel for å bli døymt, at verda ikkje skal finne restene av ei Fridomsgudinne sønderslagen av aper på ein framad planet.

lørdag 25. april 2009

Homofil propaganda i fåreklede


Kim Friele drep nok ein gong ytringsfridomen med sine dampande lesbiske innlegg. Og det er i det her høve på sin plass å ta fram ein godbit ifrå filmhistorien, like metaforisk som den er underleg. Eg pratar om filmen Bussen ifrå 1995, - det realistiske dramaet med den framifrå skodespelaren Sandra Bullock, som med sitt prima vett kjempar mot ein skokkjøyrd buss. Historia er som så: Bussen har ei bombe omhyggeleg festa til understellet, og eksplosiva er satt til å gå av dersom bussen aukar hastleiken til over 100 kilometer i timen. Sandra Bullock, godt oppdekt av detektiven Reeves, blir tvunge halde seg under grensa. Og eg spør - er det ikkje slik vi alle føler det? Er ikkje vi i full fart mot ho her fartsgrensa? I ein minneverdig sekvens av filmen snur Sandra Bullock seg mot kamera, bryt den fjerde veggen, og seier: "Er vi ikkje alle i han her bussen, sjølv dykk som sitt heime og ser på?"
Det er mykje sant i det her. Kim Friele har for lengst skutt fart mot grensa, og bomba tikkar lik hjartet til ein ungkalv. I eit intervju med Adresseavisa (13.3.09) sa Kim Friele at ho synast at "alle som var i mot homoekteskap burde døy i ei eller anna trafikkulykke". Det må seiast å vere svært uklokt av Friele å ytre ein slik bastant haldning i spørsmålet om korvidt syndarar skal lefle med ungar. Medan eg skriv det her sitt eg og gret, medan eg ser Bibelens gyldne forskriftar kring fartsgrense. Eg ser det for meg: Friele på Bussen, medan ho stadig tvilar over si tru og forbannar Herren for dei åreknutane som nylig har blomstra i underlivet hennar. Og Bussen skeinar i eit skjebnefullt augenblink til høgre i ein venstresving. Og sjå - Friele fyk ut av frontruta, medan ho kastar ukvemsord til Herren og sitt eige syfilisherja kjød. "Bussen" kan ikkje berre sjåast som eit filmepos, men derimot som ein fullkommen metafor på samfunnet, på verda, på livet.

Til slutt ein metafor: Kim Friele står på sin høge kjepphest, i ein ridderrusting blank som gjenskinnet av Ulmskatedralen, og i horisonten dukkar det nett opp ein anna ridder. Kva er namnet, spør du? Han heitar Bibelen. Og med sitt spjut av rettferd og glitrande omdøme får han lenka ho ned til bakken med kjettingar av gull. Og ifrå den svoveldampande ånden hennar høyrast skrik om frelse, skjønt den svarte ridderen held ikkje selskap for sjela hennar. Og for kvar røyrsle ho gjer med hender og føter strammar kjettinga seg meir fast. Det her kan nærmast samanliknast med ein buss. Sjå for dykk. Ein buss som har ei bombe montert på understellet, og som er satt til å gå av dersom bussen bryt fartsgrensa. Er det her vi vi gå? er det her vi vil kjøyre? Er det her vi vil ende liva våre?

Medan eg skriv det her sitt eg og gret.

P.S. Torunn, - ta med deg gitaren på neste onsdagsmøte (smileteikn). Kva gjorde han hunden på forrige møte? Andletet hans likna eit kart. Eg vil ikkje ha han der neste gong. MVH Børge

3. Mosebok. 8.31."Og Moses sagde til Aron og sønerne hans; - "De skal sjoda kjøtet i døri aat møtetjeldet og eta det attaat brødet som er i vigsle offerkorgi; for so hev Gud sagd med meg: "Aron og sønerne hans skal ete det." hev han sagd.

fredag 24. april 2009

Homofili - samfunnet sin bakteriesykdom?


I 1. Mosebok, 19. Kapittel, høyrar vi om byane Sodoma og Gomorra. No som homodebatten er i full gang igjen, og alle som ein igjen må ta stilling til om korvidt det er rett at syndarar og pedarastar skal ha høve til å avle ungar, er det på høg tid å supplere litt kunnleik kring desse byane. For det var her det skjedde – homofilien, som ein bakteriell samling av puss i hjartet til innbyggarane, byrja utvikle seg til å bli den gedigne epidemi han er i dag. Sykdommen tok ulike formar, som tronga til å drive valdtekt mot framande kvinner under falma neonlys i ei spelebule; som tronga til å stige opp på eit trespann i fjøset, for så å ha viljen sin med ei brunstig ungkvige; som tronga til å drepe sin granne med ei ildrake, for så å drive synd med underlivet hans før rotninga byrjar. Og homofilien, som er det meist groteske av alle former for perversitetar, sidan det her er snakk om to syndarar som saman har forlatt Gud, og som nok er den psykiske lidinga som er meist utbredt i Vesten i dag. Men vi skal ikkje snu ryggen til. Vi skal ha armane ope for dei som treng hjelp, - til og med drapsmenn, fengselsfuglar og homofile. Og vi skal frelse om dei gjer seg open for tilgjeving.

Men sjølve oppgjeret må dei ta på ytste dag, då Herren kallar dei inn på teppet. Korvidt livet dei har levd resulterer i himmel eller helvete, er eit spørsmål dei diverre ikkje får svar på før tida er inne, og forskarar er også usamd om det her. Men spør du meg, er eg bortimot sikker på at Herren i hvert fall ville ha gitt dei ein klekkeleg heisatur i Skjærselden, om ikkje anna. Straffeutmålinga blir nok prega av om korvidt syndaren hadde prøvd å søkje hjelp i det jordlige livet, og om han hadde drept og hatt viljen sin med dyr i tillegg. Alt dette vil spele inn på utmåling av straffa.

Sodoma og Gomorra brant ned, og Lot var den einaste som berga. Hustrua hans – eit nyfikent hespetre utan fnugg av fornuft – stivna til ei verdilaus saltstøtte då ho skua seg tilbake under flukta. Dette er eit billete på dei av oss som unngår å handle. ”Kva er galt med det?” seier dei. ”Er det ikkje kjærleik den hugen eit dyr og eit menneske kan vise kvarandre? Er det gale å så sin sæd over halerota til eit klovdyr? Skal ein ikkje trosse reglane Herren har satt for oss?” Dei passive, dei stivna, dei av oss som gjerne vil sjå at verda blir øydelagt, men som ikkje bryr seg om å gjere noko med det. Vi lever i Sodoma no. Må vi vente til vi blir tvunge flykte, eller kan vi ta affære og drive ut den sykdomsånden som har tatt bolig i såpass mange, som driv unge til vald og syfilis og lammelsar i underlivet og attrå for alt ifrå kveg til insekt og jødehat og terror og tyveri av barnelik? Skal vi drive ut denne ånden saman?