
Igjen har vi sett det: Trøysteslause homofile driv skamlaus flørt med H.I.V. i Grand Prix Melody Festival og gjer seg lekker for kamera, med kjoler, kvitsnipp, seigmenndrakter, hundekostymar og vampyrklede. Eg kan ikkje komme på ei anna gruppe i samfunnet som kjem til å få såpass mykje brannsår i etterlivet som det homofile vil erfare. Og det er nettopp difor eg kjem inn i biletet.
No har det seg slik at eg er ørkeslaust glad i mennesket. Eg vaknar opp om natta, svett av kjærleik, og forteller meg sjølv at eg aldri skal gjere ein gut eller ei jente fortred. Eg blir ofte stansa på gata, meist av alt fordi eg har lagt ut eit foto av meg sjølv på den her bloggen, - og dei seier at eg er ”ein god mann, full av fryd over anna menneske sine moglegheiter. Kan du leggje ei hand på skuldra mi?” Eg er på mange måter ein helt. Ein ”frelsar”, vil kanskje nokon kalle meg.
Og slik er det med Grand Prix Melody Festival også. Eg er der ikkje for å øydeleggje, men meist for å ”frelse”. Forskarar har prove at homofili er ein sjukdom (Watson, 1998), og det er på sin plass å gje dei som treng det hjelp til å kome gjennom tragedien. Jesus sa at ein skulle hjelpe dei arme. Og måtte Fanden ta meg dersom eg sviktar det kallet eg føler! Fattige, laushundar, fengselsfuglar, homofile – kom til meg, og eg vil leggje ei varm hand over sjela dykkar.
Grand Prix Melody Festival er sjølvaste sjukehuset for homofile, - berre at det ikkje finnst legar, sjukepleiarar eller psykologar der. Er det der vi skulle ha vore? Vi som er interessert i å frelse?
Eg berre spør!
Noreg, med Alexander Rybak i spissen, har no gått til topps i den her tevlinga i synd og sodomi. Alexander Rybak har sjølv sagt at han ikkje deltek i dei homofile aktivitetene Grand Prix Melody Festival arrangerar, sidan han påstår han ikkje er homofil. Men Alexander Rybak er like syndig som djevelen, - og fiolin har alltid vore eit symbol på djevelsk pakt og sjeleleg terror. Og det finst indikasjonar på at synda kokar under huden på han. I eit intervju med Der Bild (4.5.09) fra Tyskland spør journalisten kva for objektar Rybak meiner liknar på mannslemmet. Her ramsar han opp ei omfattande liste med alt ifrå lyktestolpar til fyrtårn, fleire av shampooflaskane hans heime, nokre insekt han har sett på Discovery, kaktusar dersom du fjernar piggane, ei samanrulla avis, og enkelte soppar han har funne i skogen ved bestemor si . På neste spørsmål, kor han blir spurd om hva objektar som minnar han om skamdelane hjå ei kvinne, seier han resolutt: ”Det interesserar meg ikkje”.
Det er tydeleg kva for linje Rybak legg seg på.
Med bakgrunn i det her vil eg tilby handa mi. Eg vil at dei homofile, båe Rybak og tilhengarane hans, skal oppsøkje meg, og la meg vere god mot dem. For det er gjennom kjærleiken at demonene kan utdrivast.
P.S.det same gjeld for valdteksmenn og pedofile. Berre å ta kontakt.