
Ikveld feirast homoforkjempar Nina Karin Monsen med Prisen for Fritt Ord, og eg vil i det her høve seie nokre ord om filosofen og altruisten som har vore såpass generøs mot Noreg som nasjon. Som forventa vart det gjort skam på utdelinga gjennom høglydte protestar ifrå eit samla korps av valdtektsmenn, kvinnehatsforkjemparar, homofile og fengselsfuglar. Monsen sitt argument om at homofili er spira til sjukdom og katastrofe, og at ein berre kan sjå mot dei gamaltestamentlege historiane om Sodoma og Gomorra for å skjønne kvifor, blir effektivt oversett av kritikarane. Det synast viktigare for ein homofil å ha retten til å tømme kvitgufset sitt utover ryggtavla til ein ”kamerat” enn å faktisk hindre helvetet i å bli ein urokkeleg del av etterlivet.
Det er difor viktig å skjønne det her: Monsen sin pris ligg ikkje fyrst og framst på kampen mot homofili, men meir på kjærleiken til mennesket, og omsorga ho føler for dei som går sjukdom og helvete i møte. Presten Jerida, som Augustin så vent siterar i verket ”Gud sin by”, seier at ”Den som gjer gale mot dei andre, - han skal brenne i helvetes inste krins i minimum 30 år. Men han som gjer gale mot sin eige kropp, i til dømes homofile orgiar eller guttefestar, - han skal ligge i same krinsa til evig tid, og han skal ha det dobbelt så grueleg som anna sjelar.” No kan kanskje den her aforismen synast litt streng og krass. Men kjernen i han er sann.
Presten Jerida fall sjølv som offer for homofil valdtekt i ei bakgate i Ephesus, medan kameratar av valdtektsmannen trippa rundt på brusteinane og flira av heile situasjonen. Ein kan lære av historia, liksom ein bilsjåfør kan sjå i akterspegelet for å danne seg eit billete av det som ligg framme. Tankane går hen til klassikaren ”Apeplaneten”, kor ein av hovudkarakterane mot slutten rir langs ei strand og ser Fridomsgudinna stå halvt grava ned i sanda. Det viser seg at apene, som har befolka planeten dei har reist til, har hamra sund Gudinna, for så å ta med seg overdelen av ho til sin eige planet, for så å grave ho ned. Men fortida grev fram ho, vinden feier sanda vekk med tida til hjelp, og snart viser det seg kva apene har gjort. Fortida har innhenta notida, og hovudkarakteren skrik og jamrar seg, medan han slår med ein ildsint knyttneve i strandkanten: ”Kvifor måtte dykk hogge ho sund før dykk tok ho med dykk?” Er det ikkje litt slik vi føler oss no, - no som vi ser tilbake på tida da homofili ikkje var ein trend, men rett og slett den sjukdomen den alltid har vore?
Nina Karin Monsen har fått den prisen ho fortjener, for i kjærleika hennar til mennesket kan ein sjå eit snev av håp – eit håp om at kvinner ein gong skal sjåast som verkelege menneske, at homofile og pedarastar skal finne hjelp for sjukdomen utan blygsel for å bli døymt, at verda ikkje skal finne restene av ei Fridomsgudinne sønderslagen av aper på ein framad planet.