Viser innlegg med etiketten darwinisme. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten darwinisme. Vis alle innlegg

tirsdag 19. mai 2009

Evolusjonsteori og anna vås!


Fyllefanten, opiumsmagnaten og skjøgemishandlaren Charles Darwin utga verket Artene sitt opphav i 1848, kor han i bastante vendingar, utan argument, påstår at Herren ikkje finnast, og at mennesket ikkje har verte skapt av ei guddommeleg kraft, men derimot av aper. Å seie at mennesket, med sin moral, si innsikt, si trong til eit metafysisk verdsbilete, skulle vore skapt av primatar – ja, det fell på sin eige logiske brist. Mennesket er det høgaste av jorda sine skapningar. Så kjem aper og katter, hestar og børstedyr. Hundar ligg ein stad mellom slanger og kampiglar, med sin syndige og fråtsande natur.
No er det ei kjensgjerning at mennesket nettopp har avla fram hundar. Enkelte rasekatter finnast det også. Hester er så og seie eit gedigent avlekonsept. Og venstrehandsarbetet muldyr, som ein helst skulle sett bort i frå, er diverre også eit produkt av den utøylelege kreativiteten vår. Alle desse dyra er det mennesket som har skapt, og antakeleg kan enkelte primater, slik som naseape og skrømtape, også sporast tilbake til mennesket si utrulege skapingsemne. Darwin snur på det her perspektivet, etter at han i 7 år hadde seila rundt på Stillehavet og sådd sine djevelfrø i underlivet på filippinske tenåringsjenter. Han hadde visstnok henta prov på mennesket si byrjing: ”Mennesket vart skapt av aper!” seier han, og overser resolutt den fleire tusen år gamle historien som står nedskrive i Bibelen. Kva for prov har du på det her, spurte folk. ”Treng ein prov da? Sjølv trur eg ikkje på Gud, så…” Det er lett å tru ein har rett, når ein er pumpa full på billig vermut og sydhavssol. Eg skal ikkje røyre det her håplause argumentet noko meir, men eg skal berre stille eit gyldent spørsmål til darwinistane som eg meiner kan sette dei på plass ein gong for alle: Dersom mennesket vart skapt av aper, - kvifor har intelligensen hjå primatane sunke som ein stein etter dette? Det høyrar ikkje heime! Eller for å bruke Darwin sine tanker mot han sjølv: Korleis kan ei ape vere smart nok til å skape eit høgare levende vesen, for så å vandre tilbake i skogen etterpå og leve livet saman med ukristna stammefolk og skorpionar? Da går i så fall utviklinga i feil retning…Tenk litt på det!
No les eg i Dagbladet og VG. Dei har funne ei ”halv ape”, ein ”missing link” som visstnok var ei slags skisse utforma av apene før dei kom fram til sjølve menneskeskapnaden. Dei med eit snev av vett veit at dette er tøv, slik nattkjolen til ei gamal sjukeheimsdame viklar seg kring beina hennar, berre for å tvinge henne hovudstups nedover trappa, - ironisk nok ned til likkjellaren! Skal vi ende som ho her gamle dama?
Darwin tok sjølv til vett mot slutten av livet sitt. I ”Erkjenningar”, som vart skrive same året som han døde, medan han gjekk sjuk, skriv han med skjelvande handskrift: ”Eg har gjort ein feil i kalkulasjonane mine. Når eg byrja skrive historia om evolusjonen, - da var eg så sikker på at apene var forfedra til mennesket. Og eg tenkte at Herren ikkje var noko anna enn eit namn. Eg skreiv namnet hans på små lappar som eg kasta i kakkelomnen. Så spytta eg inn i flammane. Men no – når eg er såpass nært kanten – da ser eg at antakingane mine var farga av ungdommeleg dårskap og eit ekstremt hovmod. Evolusjonsteori er ikkje verdt papiret han er skrive på. Herre, tilgi meg!”