mandag 11. mai 2009

Børge tek i mot spørsmål!


Eg har nyst lese enkelte kommentarar her på bloggen min, kor identiteta mi mellom anna blir lagt under tvilas svoveldampande argustortur. Det blir kasta antakinger i aust og vest, lik ein svartmagikar hiv formlar og heksesaft rundt seg når han vil mennesket til livs: ”Børge har ikkje vore misjonær i verken Kongo eller Somalia! Eg finn ikkje namnet hans i Pinserøyrsla sine register!” Eg kjenner ungdom. Og eg kjenner dumskapen når eg ser han; ein tjafsgut på rundt 15 år, med pigg og hestehale, som slafsar i seg Sorbits medan Walkie-Talkien pumpar oppviglersk popjazz inn i øyregangane hans. Det er desse som kastar slike ord om meg. Det er desse som har drukke av lygna, lik ein alkoholiker heller vermut like ned i fyllehalsen sin! Tjafsguten har funne han her bloggen, for han er ikkje berre ein fontene av dumskap og manglande vett; han vil og fronte homofile og valdtektsmenn, laushundar og riving av kyrkjer. Han ser kven som hindrar han i å gjere desse ugjerningane, og når ein ikkje kan bruke vald og truslar for å halde fienden skjult, gjer han det nest beste – å late som han ikkje finst.
Tjafsgut, eg og Menigheita mi flira av deg på siste torsdagsmøte, for alle fant det morosamt at enkelte ikkje trudde eg hadde vore på misjonsturane mine. ”Det skulle teke seg ut!” sa ein pjokk på knappe 6 år. Han fekk sitte på fanget mitt etter tjensta, berre for at han ironiserte så godt over denne hunden av eit menneske.
Men om dykk absolutt tvilar, kan eg like gjerne opne for spørsmål og svar her på bloggen. Så i kommentarfeltet kan kven som helst gi meg sine spørsmål, og eg skal grave i mitt meist ærlege og oppriktige sinn for å finne svara.
Og Tjafsgut: Vi skal greie det her saman! Kjenner du varma?

PS No har eg registrert meg på Bloggurat.

15 kommentarer:

  1. Hei Børge, takk for at du åpner for spørsmål og svar. Du er en filminteressert mann har jeg skjønt, så jeg lurer på om du kunne gi noen filmtips? Hva er din favorittfilm, Børge?

    SvarSlett
  2. Film er eit vanskeleg tema å diskutere, sidan båe meiningane og faktorane for kva som er god film er utruleg omfattande. Ei rangering kan difor synast banal og uten substans.

    Her er mine 5 favorittfilmar, i synkande grad:

    5. "Medan du låg og sov". Sandra Bullock spelar glitrande i ein film om konstruksjon og dekonstruksjon, og om korleis ein kan leve med tvil og framleis tru på Herren sitt budskap.

    4. "Merkeleg vitskap". Ein film som verkeleg driv harselas med vitskap, kor to ungstutar lagar kvinnfolk og fest med datamaskinene sine, og kor dei mot slutten blir jaga av ein motorsykkelgjeng på grunn av syndane sine. Knivskarp satire.

    3. "Fuglane" av Alfred Hitchcock, basert på ein roman av Tarjei Vesaas. Igjen eit spark mot vitskapen. Kvinnfolk blir angrepe av måker og dragar og flygande aper, sidan vitskapen har opna for fri flyt av tukling med skaparverket. Ei dristig tolking av Vesaas sin roman.

    2. "Apeplaneten" - som eg omtala varmt i eit anna innlegg. Plottet: Aper har hakka av toppen på fridomsgudinna, og fraktar ho med til ein anna planet for å gjere skam på ho.

    1. "Bussen" - fartsfyld drama med Sandra Bullock, godt hjulpe av detektiven Piano Reeves. Dilemmaet er verkeleg eit for det moderne samhaldet: "Ei bombe er montert på undersida av bussen. Ho går av om vi aukar farta til over 80 km/t. Men vi må jo på jobben. Og ungane skal i barnehagen. Og han bakerst skal på børsen for å gjere seg rik. Skal vi ikkje auke fartsgrensa? Berre litt..."
    Sjeldan har ei satire vore såpass velformulert.
    Eg kan også prate varmt om oppfylgjaren "Båten", som er det eksakt same dilemmaet, berre at det no skjer på ein rutebåt.

    MVH
    Børge

    SvarSlett
  3. Verdens enkleste sak er å komme med påstander. Verre er det å kunne argumentere saklig for eller dokumentere sannhetsgehalten.

    Her sliter du til den store gullmedaljen, Børge Tiller Mathiassen. Ikke gjør du noen som helst forsøk på å svare på hvorfor du ikke står registrert noen som helst plass. Nei, du bare svarer sakligheten med usakligheter og tullprat.

    Så lenge du ikke på noen måte kan svare for deg på en skikkelig og rasjonell måte, anser jeg deg for å være en helt annen person enn den du utgir deg for å være. Om det er fantasien din som har løpt løpsk, tja ... uansett er det tydelig at du sliter med bakkekontakten ...

    Apropos dumskap. Mennesker blir ikke dumme av at du påstår de er det, spesielt ikke når du "argumenterer" med usammenhengende, usaklig tullprat. Det er leeenge siden jeg var en tenåring, og intelligens godt over gjennomsnittet har jeg også. Men selv intelligente mennesker kan være dumme. Det eneste du har bevist om deg selv i denne bloggen, er dumskapen ...

    SvarSlett
  4. Hei Anonym, her er det mening å komme med spørsmål til Børge i nestekjærlighetens ånd, ikke ufine beskyldninger. Børge, takk for svar, jeg er enig at det er vanskelig å rangere film, men jeg synes likevel du klarte deg bra. "Merkelig Vitenskap" skal jeg absolutt plukke opp. Er spørsmål til, litt i samme gata: Litteratur. Bortsett fra Bibelen, hva leser du, Børge. Er jeg helt på villspor hvis jeg gjetter norges helter, de fire store?

    SvarSlett
  5. Hei, Ruben! Noreg sine heltar er delvis prega av tida dei vart skrive i - det vil seie den paradoksale perioden kor Victorianske aristokratar hadde vilja si med buskap og smådyr, utvikla syfilis langt ut i tredje stadium, sutra fælt over utslettet på underlivet, før dei omsider fant ut at dei kunne skrive romanar og skodespel om det. Ibsen, Bjørnson og Kielland er ikkje noko unntak; Lie nemnar eg ikkje i den her samanhengen, sidan han som oftast driv hor i tekstane sine, utleverar historier om naboar som har skåre opp andletet med sag, og skriv dikt om hestar som har ramla ned i ugudelege myrhol. Men når det er sagt: Eg les Dante når eg vil ha ro i sjela, og eg nyt dei av songane hans kor han i høgtravande stil fortel om Judas', Cassius' og Brutus' gruelege endelikt i kjeften på sjølvaste Satan, i Helvetes inste krins! Ellers les eg Augustin, Shakespeare, dei sømmelege av novellane hans Boccachio, dei glasklare verkane hans Thomas av Aquinas, dei fantasiglade, solvarme forteljingane til Miguel Cervantes de Saavedra, og diverse filmmanuskript.

    Kvar midtsumar, rundt santhans, arrangerar eg og medlemma i foreninga mi eit riktig så høgtidleg bokbål i fjæresteinane i Naustdal, like utanfor Førde. Her kan alle som har latt seg provosere få vere med. Du er hjartleg velkommen, Ruben, dersom du har ein og anna tekst du ville likt sjå lyse opp i rensande flammar ein klår sumarkveld.

    MVH
    Børge

    SvarSlett
  6. Ruben skrev;

    "Hei Anonym, her er det mening å komme med spørsmål til Børge i nestekjærlighetens ånd, ikke ufine beskyldninger."

    Unnskyld meg Ruben, men enten så har du ikke lest hva denne Børge Tiller Mathiassen faktisk skriver HER i DENNE bloggen (og heller ikke i de andre), eller så må du seriøst vurdere profesjonell hjelp.

    "... i nestekjærlighetens ånd ..."

    Vennligst vis meg hvor Børge viser noe slikt. Ja, bortsett fra til "likesinnede" da ...

    Og hva gjelder ufine beskyldninger. Den bør du heller rette mot bloggeren. Det er han som oser av ufine beskyldninger. Selv retter jeg saklige og helt betimelige spørsmål om bl.a. personalia til bloggeren, samt hans usaklige, usammenhengende tullprat og hetsing.

    Det er denne Børge som kaller folk for dumme og det som verre er. Det er denne Børge som hetser og fordømmer medmennesker. Det er denne Børge som svarer på kritikk med usakligheter og vissvass, eller som velger å ikke svare i det hele tatt. Slik som han gjør overfor meg.

    At du, Ruben, mener det skal være fritt fram for Børge, mens vi andre værsågod har med å følge de retningslinjer han selv ikke på noen som helst måte følger, det får bli din sak. Men noe slikt vil jeg selvfølgelig ikke respektere i det hele tatt.

    SvarSlett
  7. Syntes Børge sluttet å svare fort jeg.

    Børge, du din fantastiske mann!

    Først vil jeg bare si tusen takk fra mitt hjertes dypeste brønn for all den gleden og latteren du har gitt meg gjennom bloggene dine. Jeg er byens morsomste mann kun på grunn av deg og dine verbale krumspring.

    KAn du gi oss fans en relativt kort men god gjennomgang over hvordan du har kommet frem til dine synspunkter. Hvor er dine erfaringer dratt fra og hvordan har du blitt den ufattelige personen du har blitt?

    Tusen takk igjen Børge. Og vær så vennlig å ikke hør på disse som kritiserer deg, for gud i himmelen sin skyld, og for oss fans som ikke har noe humor matriale uten deg, men fortsett å skriv dine innlegg med den iver og hengivelse du så langt har vist. TAKK!

    SvarSlett
  8. Eg har reist over heile verda, - forutan Afrika har eg vore i Kina, Japan (eg hjalp til etter jordskjelvet i Kobe i 1995), Russland, Midtausten og delar av Latin-Amerika (Mexico sett eg ikkje ein fot innenfor før dei har slutta voldta ugifte kvinnfolk!). Men det kanskje største inntrykket, på godt og ondt, fekk eg av turen til Australia i 1985, kor eg mellom anna fekk sjå krokodillar, kongroar store som små hestar, og kenguruar. Dyrelivet i Australia er ikkje berre ein fare for mennesket; det er også noko av det tarvelegste Herren har levert her på jorda, med sprettande pungdyr og nebbdyret (som er ein burlesk og syndig blanding av fisk, hund og grevling). Eg anser meg ikkje som blasfemisk sjølv om eg rettar ein slik peikefinger mot Herren sitt skaparverk, for eg er sikker på at sjølv Han sitt og angrar over det tafatte hastverksarbetet han la for dagen der nede.

    Det var nemlig her eg fekk auget opp for at ikkje alt i verda er av den skjønne arten.

    SvarSlett
  9. Ja dette er du virkelig et bevis på din gale såpekoker!

    Jeg må bare gi meg ende over "Børge". JEg elsker dine innlegg som intet annet. Dine innlegg varmer en humorist sitt hjertet. Takk for deg "Børge", takk for deg!

    Jeg har selv vandret jorden rundt og sett mange utrolige ting. Her for noen år siden var jeg på besøk i PRaha i forbindelse med en forelesning jeg skulle holde, og tror du ikke jeg møtte en gjeng med Hare-Krishna tilhengere. De spilte og sang og kledde seg ut som en gjeng påfugler på syre. Når jeg nå tenker tilbake på denne opplevelsen så må bare spørre, din klin gærne bilbelbelte fantast, hva er ditt syn på slike sekter? Og hva med Sientismen?

    Og for virkelig å sette deg på din prøve, hva med The Big Bang? Er dette kun en teori kokt opp av immobile sjøger i rullestoler, eller snakker vi faktisk guds vrede?

    SvarSlett
  10. Terkel Verne: Eg sett pris på gode lesarar! Og eg anser deg som ein av dei beste eg har her på internett.

    No har det seg slik at eg er full av forakt, nag, hat og sinne til båe "Store Smell"-tilhengarar og sientistar. Eg ser dei for meg, med sine robotar og sin jazz og sine festar med reagensrøyr fyld med putrande heksevatn, korpå dei held om kvarandre og gir tilkjenne sitt hat til den Guden som skapte dei. "Vi må vite alt! Ikkje noko går det an å tru!" brølar dei inn i dei svartinnfatta brilleglasa til einannan. Men høyr: Nokre ting er det slett ikkje meininga at vi skal vite. Ikkje før på den ytste dag, da alle må stå til rett for sine syndar og gjerningar. Da kan eg med glede konstatere at bortimot heile ruklet får tildelt eit eviglangt opphald i Svovelheimens sjette krins. Der treng dykk sikkert ikkje ein bunsenbrenner heller!

    Hare Krishna er ein plantesjukdom på det hinduistiske treet - eit tre som for øvrig, med tanke på all den hemningslause tilbedinga av avgudar, burde røskast opp med rota, for så å bygge ei kyrkje av det. Det å ikkje vaske seg er ikkje ein religion.

    SvarSlett
  11. Nok en gang overrasker du meg med dine fantastiske synspunkter på alle religioner og livssyn. Vi har nå dekket sientismen, hare-krishna, hinduismen og vi har nok touchet bortpå en del andre avleiringer av andre religioner.

    Jeg kommer alltid til å være en stor fan av dine skriverier Børge, du er et provoserende lys av galskap i en ellers så grrå og aksepterende hverdag ;)

    La meg også bare si at nynorsken din er bare helt vidunderlig! Det gir det hele et slags bibelbelte preg som ikke kan sammenlignes!

    Jeg vil videre høre om dine syn om forskjellen på kotolismen og protestantismen, eller lutherismen, samt dine tanker om budismen. Begrunn gjerne dine tanker med erfaringer i livet.

    Børge, du er Norges nye snåsamann, men med tæl og driv!

    VI VIL HA MER!

    SvarSlett
  12. Snåsamannen møtte eg forøvrig i ei minnestund i Steinkjer. Eg tenkte eg skulle nytte høve til å sette denne kvakksalvaren på plass, så eg gjekk bort til han og sa at ryggen min verka som om palestinske ungar hadde pepra han med stein. Han la ei hand på meg, og spurte: "Kjenner du varmen?" Da sa eg, høgt så heile forsamlinga høyrde det: "Varmen? Nei, han kjenner eg ikkje. Men løgna, bedraget, hovmotet, stormannsgalskapen - den kjennar eg like klart som dagen!

    Mannen er ein hund!

    SvarSlett
  13. Børge min helt! Dine fantestreker og dit gjennomsyrede hat for Snåsamannen gir meg nytt mot i lendet! Godt å høre at en mann av ditt religiøse og samfunnsbekymrede kaliber tar tak i denne kvakksalveren! ;)

    Men Børge, du bare må gi meg svar på disse problemstillingene.

    Jeg ønsker å høre om dine syn om forskjellen på kotolismen og protestantismen, eller lutherismen, samt dine tanker om budismen. Begrunn gjerne dine tanker med erfaringer i livet.

    SvarSlett
  14. Til Terkel Verne.
    korkje Førde Kommune eller nynorsken høyrer heime i bibelbeltet. Men det er nok som dei seier: djevelen las aldri geografi.

    SvarSlett
  15. Sier denne nettsiden deg noe? http://www.yaksworld.net/comm.html

    SvarSlett