Viser innlegg med etiketten himmel. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten himmel. Vis alle innlegg

mandag 11. mai 2009

Børge tek i mot spørsmål!


Eg har nyst lese enkelte kommentarar her på bloggen min, kor identiteta mi mellom anna blir lagt under tvilas svoveldampande argustortur. Det blir kasta antakinger i aust og vest, lik ein svartmagikar hiv formlar og heksesaft rundt seg når han vil mennesket til livs: ”Børge har ikkje vore misjonær i verken Kongo eller Somalia! Eg finn ikkje namnet hans i Pinserøyrsla sine register!” Eg kjenner ungdom. Og eg kjenner dumskapen når eg ser han; ein tjafsgut på rundt 15 år, med pigg og hestehale, som slafsar i seg Sorbits medan Walkie-Talkien pumpar oppviglersk popjazz inn i øyregangane hans. Det er desse som kastar slike ord om meg. Det er desse som har drukke av lygna, lik ein alkoholiker heller vermut like ned i fyllehalsen sin! Tjafsguten har funne han her bloggen, for han er ikkje berre ein fontene av dumskap og manglande vett; han vil og fronte homofile og valdtektsmenn, laushundar og riving av kyrkjer. Han ser kven som hindrar han i å gjere desse ugjerningane, og når ein ikkje kan bruke vald og truslar for å halde fienden skjult, gjer han det nest beste – å late som han ikkje finst.
Tjafsgut, eg og Menigheita mi flira av deg på siste torsdagsmøte, for alle fant det morosamt at enkelte ikkje trudde eg hadde vore på misjonsturane mine. ”Det skulle teke seg ut!” sa ein pjokk på knappe 6 år. Han fekk sitte på fanget mitt etter tjensta, berre for at han ironiserte så godt over denne hunden av eit menneske.
Men om dykk absolutt tvilar, kan eg like gjerne opne for spørsmål og svar her på bloggen. Så i kommentarfeltet kan kven som helst gi meg sine spørsmål, og eg skal grave i mitt meist ærlege og oppriktige sinn for å finne svara.
Og Tjafsgut: Vi skal greie det her saman! Kjenner du varma?

PS No har eg registrert meg på Bloggurat.