onsdag 29. april 2009


På veggen framom meg har eg to ting hengande, - ting eg søkjar tiltru og tryggleik til dersom fingrane som hamrar fram kjærleiksagitasjonar på tastaturet plutseleg skulle låse seg. Desse to tinga er eit krusifiks og eit billete av ein menneskebaby, nyst klekka ut ifrå moras kjød, framleis med navlestringen hengande etter lik ein astronaut sin einaste kontakt med moderskipet. Krusifikset er kjøpt i Italia, på eit torg i Verona, til ein frykteleg mann med lapp om høgreauget. Eg spytta på han etter eg hadde kjøpt korset. Det er forresten ein meter stort, er laga av blå og grønn neon, og lysar opp heile rommet dersom eg ynskjer det. Enkelte gonger veit eg rett og slett ikkje kva eg skal gjere; om eg skal føle på korset sitt varme etsande lys, eller om eg skal føre dei sitrande og skjelvande fingrene mine bort til mennesket for å kjærteikne det vesle skrukkeandletet. Sjå, eg er så glad i mennesket at eg skjelv! Og så roper eg på eldste sonen min, slik at han kjem inn til meg. Ser du, gut? Ser du hendene mine? Dei skjelv av lykke, av kjærleik, av tru, av håp. Guten min ser redd ut, men det treng han ikkje vere, seier eg. Neonlyset kastar lyset så herlig blått og grønt over andletet hans, medan eg snurrar rundt på kontorstolen, skjelv og gret. Kva er det med deg, pappa? Seier guten, for no har faren hans byrja prate i tunger, og siklet fell i lasar ifrå kjeften. Og eg reiser meg opp etter eit par runder til med stolen, skjelv som han Lars (det er ein på jobben med Parkinson), og kyssar fyrst neonkrusifikset, og dernest billetet av ungen. Ein gong ringte sonen min ambulanser for det her, og då fekk han time i kottet saman med støvsugaren og klutane. For lykke og kjærleik er slett ingen sjukdom!
Kom til meg, kjære menneske, for eg elsker dykk alle!

søndag 26. april 2009

Islamsk ondskap og terrormusikk




I Dagbladet står ein artikkel om eit par som har verte avretta av nokre talibansoldatar, og som under ugjerninga fann det for godt å høyre musikk medan dei barberte seg (Dagbladet, 27.4.09). Det her har fått fleire i den vestlege verda til å løfte på augenbryna. Ein kan godt spørre seg kva musikk som førar til at muslimar går av hektene så ettertrykkeleg at dei byrjar drepe folk, - og at dei samstundes reknar ho her handlinga som like kvardagsleg som det å barbere seg. Artikkelen fortel ikkje stort om korleis desse to typar handlingar kryssa veg på ein såpass bisarr og ufølsam måte. Men eg vil meine soldatane hadde brukt sablar og araberknivar på eigne fjes, før dei retta same instrumenta mot paret. Musikken er meist sannsynleg pop, bop eller oppviglersk dansejazz. Kva får eit heilt regime til å støtte opp under slike handlingar? Blir drap like naturleg som morgonbarbering når jazzen viskar bort grensene?

Islam har alltid stått sterkt i Afghanistan, og ihjelslåtte kvinnfolk, barnelik tredd ned på torgpålar og amputasjonsherja kamelar er omtrent eit like vanleg syn i Kabuls gater som dansande flettkurvkobraer. No er det ikkje eit ukjend fenomen at Afghanistan har byrja opne seg for vestleg kultur, med alle dei problema det kan føre med seg. Jazz har no byrja skaffe seg fotfeste i austen; gutar knipsar og nikkar etter jungelrytmar, ikkje ulikt det norsk ungdom gjer, men utan det kritiske synet nordmenn har opparbeida seg. Dei seier "Han her musikken er 'grei'" og visar tommelen opp for å understøtte meininga på tøffaste viset. Og på andre sida av gata kokast det opp til gruelege handlingar. Austens ungdom ser ulydige ungar få fjerna hakepartiet kirurgisk for å ha plystra på skulebenken; dei ser gamblarar bli partert i bitar så små som sjetongar; halsbandslenkja kamelar som blir tvunge springe etter skakkjøyrde bussar - og alle desse inntrykka flyt over i kvarandre, formar sjela, og gjer drap like stuereint som barbering. Dansejazzen kan vi på mange måter kalle "drapene sitt lydteppe".

Eg er glad i mennesket, både austlege som vestlege, og eg gret kvar gong eg les slike historiar. Dansejazz rettar ein appell til det dyriske i mennesket. Jazzen vart i utgongspunktet konstruert av primitive negerstammar for å jage vekk villdyr ifrå landsbyen, men det viste seg at rytmene og bannskapen heller lokka dei til seg. Her heime har eg lagt ned strenge lovar om dansejazz og pulserande pop. Eldste sonen min har meir enn ein gong verte stengt inne på kottet med støvsugaren og klutane fordi rytmene hadde teke bolig i han, medan han ifrå innsida har ropt ut jazzuttrykk som "topp", "jazz", "greit", og "klart det". Men irettesettingane har hjelpa, og guten er from som eit lam meisteparten av tida.

I Dagbladet sin artikkel visast nok ein gong faren med ukontrollerte inntrykk, kulturelementar som får fritt spelerom i unge mennesker sine sinn. Afghanistan er eit sårbart samfunn. Og det er i det sårbare at Satan kan selge sin svovelmedisin.

lørdag 25. april 2009

Homofil propaganda i fåreklede


Kim Friele drep nok ein gong ytringsfridomen med sine dampande lesbiske innlegg. Og det er i det her høve på sin plass å ta fram ein godbit ifrå filmhistorien, like metaforisk som den er underleg. Eg pratar om filmen Bussen ifrå 1995, - det realistiske dramaet med den framifrå skodespelaren Sandra Bullock, som med sitt prima vett kjempar mot ein skokkjøyrd buss. Historia er som så: Bussen har ei bombe omhyggeleg festa til understellet, og eksplosiva er satt til å gå av dersom bussen aukar hastleiken til over 100 kilometer i timen. Sandra Bullock, godt oppdekt av detektiven Reeves, blir tvunge halde seg under grensa. Og eg spør - er det ikkje slik vi alle føler det? Er ikkje vi i full fart mot ho her fartsgrensa? I ein minneverdig sekvens av filmen snur Sandra Bullock seg mot kamera, bryt den fjerde veggen, og seier: "Er vi ikkje alle i han her bussen, sjølv dykk som sitt heime og ser på?"
Det er mykje sant i det her. Kim Friele har for lengst skutt fart mot grensa, og bomba tikkar lik hjartet til ein ungkalv. I eit intervju med Adresseavisa (13.3.09) sa Kim Friele at ho synast at "alle som var i mot homoekteskap burde døy i ei eller anna trafikkulykke". Det må seiast å vere svært uklokt av Friele å ytre ein slik bastant haldning i spørsmålet om korvidt syndarar skal lefle med ungar. Medan eg skriv det her sitt eg og gret, medan eg ser Bibelens gyldne forskriftar kring fartsgrense. Eg ser det for meg: Friele på Bussen, medan ho stadig tvilar over si tru og forbannar Herren for dei åreknutane som nylig har blomstra i underlivet hennar. Og Bussen skeinar i eit skjebnefullt augenblink til høgre i ein venstresving. Og sjå - Friele fyk ut av frontruta, medan ho kastar ukvemsord til Herren og sitt eige syfilisherja kjød. "Bussen" kan ikkje berre sjåast som eit filmepos, men derimot som ein fullkommen metafor på samfunnet, på verda, på livet.

Til slutt ein metafor: Kim Friele står på sin høge kjepphest, i ein ridderrusting blank som gjenskinnet av Ulmskatedralen, og i horisonten dukkar det nett opp ein anna ridder. Kva er namnet, spør du? Han heitar Bibelen. Og med sitt spjut av rettferd og glitrande omdøme får han lenka ho ned til bakken med kjettingar av gull. Og ifrå den svoveldampande ånden hennar høyrast skrik om frelse, skjønt den svarte ridderen held ikkje selskap for sjela hennar. Og for kvar røyrsle ho gjer med hender og føter strammar kjettinga seg meir fast. Det her kan nærmast samanliknast med ein buss. Sjå for dykk. Ein buss som har ei bombe montert på understellet, og som er satt til å gå av dersom bussen bryt fartsgrensa. Er det her vi vi gå? er det her vi vil kjøyre? Er det her vi vil ende liva våre?

Medan eg skriv det her sitt eg og gret.

P.S. Torunn, - ta med deg gitaren på neste onsdagsmøte (smileteikn). Kva gjorde han hunden på forrige møte? Andletet hans likna eit kart. Eg vil ikkje ha han der neste gong. MVH Børge

3. Mosebok. 8.31."Og Moses sagde til Aron og sønerne hans; - "De skal sjoda kjøtet i døri aat møtetjeldet og eta det attaat brødet som er i vigsle offerkorgi; for so hev Gud sagd med meg: "Aron og sønerne hans skal ete det." hev han sagd.

fredag 24. april 2009

Homofili - samfunnet sin bakteriesykdom?


I 1. Mosebok, 19. Kapittel, høyrar vi om byane Sodoma og Gomorra. No som homodebatten er i full gang igjen, og alle som ein igjen må ta stilling til om korvidt det er rett at syndarar og pedarastar skal ha høve til å avle ungar, er det på høg tid å supplere litt kunnleik kring desse byane. For det var her det skjedde – homofilien, som ein bakteriell samling av puss i hjartet til innbyggarane, byrja utvikle seg til å bli den gedigne epidemi han er i dag. Sykdommen tok ulike formar, som tronga til å drive valdtekt mot framande kvinner under falma neonlys i ei spelebule; som tronga til å stige opp på eit trespann i fjøset, for så å ha viljen sin med ei brunstig ungkvige; som tronga til å drepe sin granne med ei ildrake, for så å drive synd med underlivet hans før rotninga byrjar. Og homofilien, som er det meist groteske av alle former for perversitetar, sidan det her er snakk om to syndarar som saman har forlatt Gud, og som nok er den psykiske lidinga som er meist utbredt i Vesten i dag. Men vi skal ikkje snu ryggen til. Vi skal ha armane ope for dei som treng hjelp, - til og med drapsmenn, fengselsfuglar og homofile. Og vi skal frelse om dei gjer seg open for tilgjeving.

Men sjølve oppgjeret må dei ta på ytste dag, då Herren kallar dei inn på teppet. Korvidt livet dei har levd resulterer i himmel eller helvete, er eit spørsmål dei diverre ikkje får svar på før tida er inne, og forskarar er også usamd om det her. Men spør du meg, er eg bortimot sikker på at Herren i hvert fall ville ha gitt dei ein klekkeleg heisatur i Skjærselden, om ikkje anna. Straffeutmålinga blir nok prega av om korvidt syndaren hadde prøvd å søkje hjelp i det jordlige livet, og om han hadde drept og hatt viljen sin med dyr i tillegg. Alt dette vil spele inn på utmåling av straffa.

Sodoma og Gomorra brant ned, og Lot var den einaste som berga. Hustrua hans – eit nyfikent hespetre utan fnugg av fornuft – stivna til ei verdilaus saltstøtte då ho skua seg tilbake under flukta. Dette er eit billete på dei av oss som unngår å handle. ”Kva er galt med det?” seier dei. ”Er det ikkje kjærleik den hugen eit dyr og eit menneske kan vise kvarandre? Er det gale å så sin sæd over halerota til eit klovdyr? Skal ein ikkje trosse reglane Herren har satt for oss?” Dei passive, dei stivna, dei av oss som gjerne vil sjå at verda blir øydelagt, men som ikkje bryr seg om å gjere noko med det. Vi lever i Sodoma no. Må vi vente til vi blir tvunge flykte, eller kan vi ta affære og drive ut den sykdomsånden som har tatt bolig i såpass mange, som driv unge til vald og syfilis og lammelsar i underlivet og attrå for alt ifrå kveg til insekt og jødehat og terror og tyveri av barnelik? Skal vi drive ut denne ånden saman?

onsdag 22. april 2009

Røkke – ein pirahna i helvetes stinkande lavasjø.




Kjell Inge Røkke har lenge vore ein pådrivar for stormannsgalskap, rettferdshat og rovkapitalisme. Han sa i eit intervju med Dagens Næringsliv (14. 3.09., s 23-24) at han helst såg at ”folk som har ’unødig’ trang til sosialstønad kunne legge seg og duve i bølgene i Oslofjorden, med hovudet liggande som ei blåse, slik at eg kan kjøyre over andleta deira med båten min. Så skal eg byggje ei hytte over grava deira etterpå!”

Det må seiast å vere høgst uklokt av ein såpass profilert mediaperson som Kjell Inge Røkke å fronte slike fordommar mot fattige mennesker. Jesus sa i si tid at ein skal elske sin neste. Det er mykje sant i desse orda. Ein skal holde av alle mennesker, også fattige – og ein skal gi av seg sjølv og sine eigendommar for å hjelpe folk i armod. Røkke snur litt på det her argumentet. Han seier at vi skal ”kjøyre over andleta deira med båten” (ibid.). Allereie her bør det vere klart at Røkke legg seg på ei linje kor rovkapitaistar og kaksar er dei verdifulle, medan fattigrusk har same livsrett som ei flyteblåse. Som ein litt klomsete metafor kan ein nesten seie at han har fila til hjørnetennene sine med ei baufil han har funne inst inni vaskekottet heime, - eit vaskekott han ikkje har opna på fleire veker – slik at tennene til forveksling liknar dei varulvar og hekser trampar rundt med.
På pressekonferansen nylig vart Røkke hagla med spørsmål om korvidt han trur på Gud, og om kva for trustretning han vedkjenner seg. Til det her rista han berre på hovudet. Det er tydelig at kristen tru ikkje er eit av kampsakane til det her kasuset. Og det er kanskje difor han nettopp har hamna i den posisjonen han no sitt i. Løgn og bedrag er sjølvaste føden for ein pirahna i helvetes stinkande lavasjø.

tirsdag 21. april 2009

"Tortur" treng ikkje vere så dumt


Fyrst og framst - tortur er ein fæl metode. Nazistene brukte det. Kommunistane brukte det. Muslimane bruker det, medan du les det her. Eg er sjølv uhorveleg glad i mennesket, og vil aldri ta ordet i kjeften.

I tittelen seier eg derimot "tortur", med gyldne tødlar, ettersom eg er av den oppfatning at i enkelte samanhenger bør ein strengare avhøyrsmetode brukast. Tenk berre på palestinarar som har planlagt bombeangrep mot israelske barn. Skal ikkje dei pressast til å fortelle kva lumsksemd dei har i tankane? No har Israel teke enkelte palestinske kjeltringar til fange, og metodane deira har vore mild som blomen, men samstundes ikkje utan ein viss brodd. Frå Haifa kjem historia om ein palestinsk terrorist og ihuga hatar av menneskeheten, som ikkje ville seie kor ei tynne med høgeksplosivar hadde verte gjøymd. Etter to dygn avhøyr kom han ut frå kontoret igjen, - sjølvsagt stinn av antisemittiske røvarhistoriar om korleis dei hadde fjerna andletet hans med ei jarnrake. Men sanninga er ei heilt anna. Israelsk politi hadde riktignok fjerna jekslane og nokre av fortenna, men denne operasjonen vart gjort med full anestesi, og det var fyrst då han vakna at han kunne få fortsette avhøyret. Det øvrige andletet hans vart ikkje røyrd med så mykje som ei skarvefjær. Noko anne er lygn. Og avhøyret ga resultat. Israel fant tynna med sprengstoffet, omhyggeleg stuva ned i kjelleretasjen til ein stappfull barnehage. Er dette tortur? Neppe! Slik einkvar lærar har høve til å gje ein uvillig elev reprimandar og kjeftbruk, er dømet det same i forhaldet mellom politi og terrorkjeltringar. Politiet kan bryte ned kjeltringen for å finne sanninga. Ein kan kanskje kalle det ei skattejakt i sanninga sitt namn.

No er det USA og Dick Cheney sin tur til å gjennomgå tortur (for dette kan verkeleg kallast tortur): Tusener av liberale, kommunistar, ateistar og terroristar kjempar med metodar som går nazistane ein høg gong, kaste ukvemsord på forum mot folk som ikkje kan verne seg, og driv propaganda i kjend stil mot samfunn som vil høyre sanninga. Er ikkje dette ein form for tortur?

Internett bør fjernast

Det er på høg tid å hente fram ei av filmhistoriens verkelege perler, puste støvet av ho, og bringe fram filmframvisaren på kottet. Popkornet knepp som skotsalvar på kakkelomnen. Lyset dempast. Eg kjenner på dei svette handflatene mine at noko stort skal skje. Eg og yngste sonen min skal sjå klassikeren Nettet .
Og kanskje er det fyrst og framst på grunn av alt som har vore i media i det siste, - om ungdommar som har stjåle musikk og filmar fra butikken, for så å legge dei ut på nettsteda Pirate By og Nettby. Eg høyrar om jenter ned i treårsalderen som forvillar seg inn på sider med vald og sex og homofili, og som byrjar seie ord som ”vald” og ”bannskap” før dei har lært seg å gå.
I filmen Nettet, kor Sandra Bullock speler hovudrolla, er det her sjølve temaet – korleis nettet forsøplar liva til brukarane, og i ytste instans øydelegg dei. Sandra Bullock speler nettbrukaren Angela Bennett. Ho har alt. Jobb. Heim. Datamaskin så stor som eit spisebord. Og minne. Men så skjer det at ho forvillar seg innpå ei slik side eg prata om, og livet hennar fell snart i grus…
Mengda av informasjon som Angela blir utsette for, er katastrofal. Ho gløymar telefonnummeret sitt, pinkoden til kredittkortet, ja, til og med kva for hus ho budde i. Alt fordi nettet hadde kapra tankene hennar. I ei minneverdig scene spør Angela seg sjølv: Kor bur eg? Og hu snur seg sakte mot kamera, bryt den fjerde veggen, og seier: Eg bur visst på nettet, eg…
Det er lett å fnyse av han her filmen. Det er lett å avfeie det her som oppspinn, eit fantasifoster. Men sanninga er at mange unge i dag følgjer Angela Bennett sine fotspor. Ungdommen blir ”hacka” av folk som Vidar. Dei blir hjernevaska av all informasjonen slik at også dei gløymer både telefonnummeret og pinkoden. Og kanskje meist av alt – si kristne tru.
Internett er kome for å bli, det er ikkje tvil om det. Pirate By vil sikkert halde fram med å vere samlingsplassen for butikktjuvar og fengselsfuglar. Og sjølv om Angela Bennett til slutt greide å hugse telefonnummeret og adressa si, er det ikkje greit å seie om dagens unge greier det same. Vi bør difor sette grenser for kva sider det norske folk kan sjå. Til dømes er sider med vald, sex, ateistisk, homoerotisk og kjettersk innhald eit av dei meist omfattande problem dei unge støter på (Wolff, 2005). Det er vårt ansvar, som godhjarta altruistar med ein altomfattande kjærleik for alt mennesket står for, å halde folk unna farene. Eg skal avslutte han her artikkelen med eit spørsmål, som et attpåtil let henge som ei gylden perle på erkjenningshorisonten:
Vil vi ende som Angela Bennett? Utan minne? Utan evne til å hugse sjølv dei meist elementære detaljar?

mandag 20. april 2009


I dag starta eg fyrste møte i mitt splitter nye sjølhjelpskurs ”Kunsten å vere lys”. Eg hadde anteke eit rimeleg godt oppmøte, for her i Førde har eg eit fint renomè når det gjeld å påverke medmennesker til å gjere rette handlinga. Og sjølvsagt fekk eg rett. Heile 35 velvillige aspirantar ville ha plass i lokalet, enkelte med båe ungar og rullestolbrukarar. For i tråd med den kristne ånd ynskja eg velkommen til alle, sjølv fengselsfuglar og narkoslavar. ”Kunsten å vere lys” er like mykje ei forestilling som eit kurs –ja, ein kan nærmast kalle det eit show. 12 spotlights varmar scenen, 5 på kvar side av scenesenteret, og to på meg. Eg er ikkje akkurat ulik frelsaren der eg står med kvitskjegget, for å seie det slik!
Alle mennesker er like verdifulle, og eg er fyld med kjærleik - båe til mennesket som art og enkeltindividet. Nokre gongar tenkjer eg at eg fekk den her gåva frå Herren, at han sendte meg ned hit for å ta hand om menneskene, ja, kanskje til og med for å ofre meg sjølv for at andre skal ha det bra.
Her er ei anekdote eg starta kurset med, som visar korleis varm og klok ein mann eg er: Da eg var sju år skulle eg til bestemor mi for å ete nybakt brød. Eg gjekk landeveien medan eg sang lovsangar, og på veien møtte eg ein uteligger. Han spurte om eg ikkje hadde ein slant å avsjå, men i stedet for å skjenke han pengene mine ga eg han ein hjarteleg klem. Og sjå, aldri før hadde uteliggaren kjend den her gleden, for tårane spratt medan han sa at han hadde møtt sin frelse. Da eg kom fram til bestemor mi spurte ho kva eg skulle ha på brødskiva. Eg stirra opp på ho og smila. ”Eg, kjære bestemor, - eg skal ha mennesket på brødskiva mi, eg!”
Og her byrjar heile forsamlinga å gapskratte, for eg er ein rein meister til å fortelle historiar.
”Kunsten å vere lys” er egentleg eit fullbooka kurs, men er framleis ope for medlem dersom dykk finn det interessant.
Eg er glad i dykk alle, - valdteksmenn, homofile, mordarar, - for dykk er laga i Herren sitt billete, og hjartet mitt er stort nok for kvar og ein.

Ahmadinejad er langt frå einaste jødehataren!


”Kva er det han seier? Kan han verkeleg seie slikt når han er statsleiar?” Eit samla mediekorps rettar mikrofonane mot FN-sekretærar, politikarar, diplomatar og kva det no skulle vere, i påvente av eit svar som kan forklare alt det her ugrunna jødehatet. Og svovelpresidenten Ahmeddinad, med sitt jødehatske skjegg og antisemittiske turbanpryd, grip på ny sjansen til å kaste ed og sinne mot den jødiske høgkultur - og kva skal vi seie, anna enn at denne araberen kjem til å svi av båe bartar og hodeplagg på den ytterste dag, når han blir kasta hodestups ned i helvetes sju flammehav. Amadejad vil brenne, svi, etsast sønder, heilt til knoklane skinn av rettferd og blodet har fordampa, endra frå å vere stinkande muslimgraut til å bli duftande myrra. Medan eg skriv desse orda – som eg veit er nokså kvasse – sitt eg og gret. Eg bit over neven min, slik berre ungar og rasande italianos kan gjere, og kastar ukvemsord og irettesettingar ut vinduget, i direkte retning Mekka. ”Kva med ungane?” spør eg ”Kva med dei som på nære nippet vart truffe av araberpakkets granatregn i Jerusalem sist jul? Skal ein gløyme dei ungane som var nær ved å bli bombadert, berre på grunn av Palestinas trang til Lebensraum?"

Men det er nyst her eg tek feil. For Mekka er langt ifrå sentrum for jødehetsen. Jødehatet veks like godt i norske blomebed som i tjafsskjegget hans Ahmadhanidejad, og med profilerte antisemittar som Kåre Willoch, Torstein Gaarder og Drillo ”Drillo” Olsen i spissen, er eg redd det ser ut til at kultur-Noregs skyts mot Israel berre held fram. Drillo sa i eit intervju med avisa Vårt Land (12.4.09, s. 15) at han ”ikkje likte å spele mot israelittar, sidan dei høgst sannsynleg hadde betalt dommaren for å oversjå lovbrot som hands, kråkefot og spark i korsryggen.” På spørsmål om korleis Drillo kunne sjå kven som var korrupte, og kven ein kunne stole på av jødene, sa trenaren at ”ein gjerne kunne avgjere spelarens anlegg for korrupsjon og grådig åtferd ut frå størnaden på nasegrevet.” (ibid. s. 16)

Det må seiast å vere svært uklokt av ein såpass profilert mediaperson som Drillo å fronte slike fordommar. Barn og unge ser ikkje berre opp til Drillo i kraft av trenareigeskapane hans, men også som eit politisk forbillete, ikkje ulikt Che Guevara og Harry Potter. Det er når ein innehar denne rollen, som agitator for ein heil genarasjon, at ein må byrje trå varsomt. Antisemittisk propaganda blir slukt like rått no, som i Nazi-Tyskland på 30-talet. Sabelrøvaren Amhadanijad, med sin kurv fyld med dansande kobraer, er altså ikkje kjernen til problemet. Hatet ligg i den europeiske folkesjela. Så før dykk døymar president Ahmadinehad for rasisme, still dykk sjølv det her spørsmålet: ”Har eg ikkje sjølv tenkt urett mot Israel i det siste?” Om du gjekk i tog til stønad for terroristane i Palestina, bør svaret i så fall vere ja…
Tenk litt på det…

Er det Israel som er "rasiststaten"? Neppe! Rasismen treng ikkje nokon eigen stat, han som har planta antisemittiske djevelfrø i båe Noreg, Palestina og resten av verda.

søndag 19. april 2009

Er piratverksemda i Somalia ei form for islamifisering?



Vi har sett det gong på gong den siste tida - piratar kaprar vestlege skip, plyndrar kva det no skulle vere om bord, for så å rope ut såkalla "hellige ord" ut over vassflata, slik at anna skip oppfattar det islamske budskapet. Eit belgisk skip (Dagsavisen, s. 14, 20.3.09) fortel om synet som møtte dei da dei kom til unnsetnad for ei kristen flåte som skulle til Kenya med eit lasterom fyld med kjærleik (antibiotika, hermetikk og biblar). Og høyr: Belgierane fekk sjå eit massivt flagg i horisonten, - eit flagg med symbolane "halvmåne", "sverd" og noko skreve med den arabiske krimskramsskrifta. Dei kristne på flåta hadde blitt blinda med sablar før flagget var blitt reist, så dei kunne ikkje bekrefte belgierane si forteljing. Uansett - ein kan spørre seg om ikkje dette er ein del av eit større komplott, nemleg den arabiske verdas plan om å okkupere strategiske mål i sin kamp mot vesten?